Avinor oppsummerer luftfarten for 2023: 10% vekst, men 10% under det normale
I 2023 reiste 49 millionar passasjerar til og frå Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med 2022. Samstundes er talet på passasjerar 10 prosent under nivået i 2019, som var det siste normalåret før pandemien.

Eitt område utmerker seg særskilt når vi oppsummerer aktiviteten i 2023. Talet på utanlandspassasjerar aukar markant, og er 17 prosent høgare i 2023 enn i 2022. Talet på innanlandsreisande har vokse mindre frå 2022 til 2023, med ein auke på 5 prosent.
Flyrørsler på same nivå som i 2022
I heile 2023 har det vore 624 421 kommersielle flyrørsler til og frå Avinor sine flyplassar. I dette ligg det ei auke på 1 prosent samanlikna med 2022. Om ein samanliknar 2023 med 2019, er det nedgang på 8 prosent flyrørsler.
Turisme er ein viktig drivar
Marknaden til og frå utlandet har vore ein viktig drivar for utviklinga gjennom 2023, og indirekte for marknaden innanlands, seier Abraham Foss, konsernsjef i Avinor.
-Talet på besøkande til Noreg har auka gjennom året, og er no tilbake på nivået vi såg før pandemien. Turisme er den viktigaste drivaren,, og det er venta at Noreg vil vere ein attraktiv marknad for utanlandske ferierande også framover.
Talet på innanlandsreisande i Noreg vaks ikkje like mykje, og det er venta ei betydeleg svakare vekst her enn vi ventar frå utlandet.
Den veksten som er venta, vil i stor grad kome av at fleire turistar reiser innanlands i Noreg. Fleire turistar har fått opp auga for Noreg, for naturopplevingar som nordlyset og Noreg som vinterdestinasjon. Samstundes er Noreg eit stabilt land, som ikkje er prega av overturisme, og som har god infrastruktur mellom byene. Det er nok også eit poeng at den norska krona er svak samanlikna med dollar og Euro, seier Foss, og held fram: -For at Noreg sine ambisjonar om utvikling av reiselivet skal realiserast, er vi heilt avhengige av at rutetilbodet stadig blir utvikla. Avinor legg stor vekt på dette arbeidet, gjennom dialog med reiseliv og flyselskap nasjonalt og internasjonalt.
Når det gjeld nordmenn sine reiser til utlandet, ligg dette talet om lag 13% under nivået i 2019.
“Dei fire store” - Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger
Dei fire største lufthamnene har alle ein auke i passasjertala i 2023 samanlikna med 2022. Med 25 millionar passasjerar, har Oslo lufthamn ein auke på 12 prosent. Bergen lufthamn hadde 6,3 millionar reisande i 2023, ein auke på 6 prosent samanlikna med 2022.
Alle lufthamnene har lågare passasjertal enn i 2019, som var siste normalår før pandemien. Til dømes var det 28 millionar reisande på Oslo lufthamn i 2019. Passasjertala var med dette 12 prosent lågare i 2023 enn i 2019 på hovudflyplassen.
Bergen lufthamn Flesland er den av dei fire store som var nærast 2019-nivå; 6,3 millionar reiste til og frå Bergen lufthamn i 2023, medan talet var 6,4 millionar i 2019. Det vil si at passasjertala er 1 prosent lågare enn i 2019.
Trafikktal i desember
Det var 43 927 kommersielle flyrørsler i desember 2023, 7 prosent færre enn i desember 2022.
Passasjertala i desember er også 2 prosent høgare enn i desember i 2022.
Om ein ser på desember 2023 mot desember 2019, har det vore 9 prosent færre reisande.
Droneflyging
I desember vart det meldt inn 786 flygingar med drone i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. –Dette er ein auke på 80 prosent samanlikna med desember 2022, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor.
Det har vore ei dobling av talet på innmelde droneflygningar i 2023 samanlikna med 2022. Totalt i 2023 er 15.000 flygingar meld inn. Dette er sterke tall, og synar ein auke i bruken av drone i Noreg, seier Mats Gjertsen.
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Dokumenter
Lenker
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av elfly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Rutenyhet: Finnair til Sola – åpner ny rute til Helsinki og Stockholm13.11.2025 11:27:32 CET | Pressemelding
Stavanger får direkteforbindelse til Stockholm og samtidig en ny forbindelse til Helsinki når Finnair lanserer sin rute fra Sola sommeren 2026.
Avinor styrker kunnskapsgrunnlaget for hydrogen på norske lufthavner12.11.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Avinor har inngått avtale med Norconsult om å gjennomføre en mulighetsstudie for hydrogeninfrastruktur på flyplasser. Samtidig inviterer Avinor aktører gjennom en RFI (Request for Information) til å bidra med løsninger og ideer for testing av hydrogeninfrastruktur.
Moderat passasjerauke i oktober – vekst på utland inn i vintersesongen11.11.2025 12:15:00 CET | Pressemelding
I oktober reiste 4,8 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. Hittil i år har trafikken auka med 3 prosent.
Felles internasjonal satsing for vinteren på Innlandet22.10.2025 11:05:00 CEST | Pressemelding
Avinor og Rada Reiseliv etablerer en ny reiselivssatsing for å bringe internasjonale turister til Innlandet. Det nyetablerte Rada trafikkråd skal sammen med sentrale aktører i Innlandet og Avinor jobbe målrettet for at en av Norges fineste regioner kommer ettertrykkelig på kartet i store internasjonale markeder.
Fjellene på Sanna skal pryde den nye lufthavnen: – Nå må kollegaene tenke på meg hver gang de er ute og flyr17.10.2025 17:57:59 CEST | Pressemelding
Hobbyfotograf Petter Rønningsen vil for fremtiden være uløselig knyttet til terminalbygget i Fagerlia.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom