Fjord1 og Statens vegvesen signerte kontrakt om verdas første ferjesamband med sjølvgåande ferjer
10.1.2024 14:36:21 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Fjord1 og Statens vegvesen har signert kontrakt om drift av riksvegferjesambandet E39 Lavik-Oppedal.

Fjord1 skal drifte sambandet Lavik-Oppedal med fire fartøy frå 2026 til 2034 (med moglegheit for forlenging i inntil tre år), og vart tildelt kontrakten i haust med bakgrunn i beste kombinasjon av pris og kvalitet.
Lavik-Oppedal er det niande største ferjesambandet i landet med 1,2 million personbileiningar (PBE) i 2022.
Dette er kontrakten
Kontrakten inneber utvikling av heilautomatiserte løysingar for alle dei fire ferjene frå og med 2027 og ut perioden.
Kontrakten skildrar 23 ulike funksjonar som skal automatiserast, og summen av desse funksjonane blir at ferjene vil utføre ruteproduksjon av seg sjølv.
Det skal i tillegg etablerast eit kontrollsenter på land, for overvaking og moglegheit til fjernstyring av ferjene.
Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, er glad for at avtalen no er signert, og ser fram til å utvikle ny verdsleiande teknologi med heilautonome ferjer:
– Dette er eit nytt steg i retning auka automatisering innan maritim sektor, og det ligg sjølvsagt høge forventningar og prestisje i ei slik kontrakt. Vi er svært glade for at kontrakten er tildelt, og det er med stor stoltheit vi no går laus på utfordringa. Her kan overføringsverdien med ny teknologi til andre delar av sjøfartsnæringa bli stor på sikt, seier Neteland.
Utvikling gjennom anbod
Avdelingsdirektør ferje i Statens vegvesen, Dag Hole, er stolt over at Vegvesenet nok ein gong brukar innkjøpsmakt til omstilling.
– Vi har tradisjon for å nytta vår rolle som innkjøpar i milliardklassen til å akselerera utviklinga for å nå måla som er sette for transportsektoren. Tidlegare har dette mellom anna handla om nullutslepp. No handlar det om automatiserte funksjonar, og nok ein gong skjer det på ferjesambandet Lavik-Oppedal, seier Hole.
Det vi får til her, i samarbeid med Fjord1, vil kunna bidra til å navigera kursen for vidare digitalisering og automatisering i komande kontraktsutlysingar både på riksvegferjesambanda og i maritim bransje elles, legg han til.
– Statens vegvesen har tradisjon for å bruke ny teknologi til å utføre vårt oppdrag på ein betre måte, til beste for samfunnet, klimaet og trafikantane. Det ønsker vi å halde fram med, og det vi får til her, avsluttar Dag Hole.
Sambandet skal driftast med fire nye nullutsleppsfartøy på 120 PBE. I tillegg til miljøaspektet i kontrakten, vil det og bli hyppigare frekvens på avgangane samanlikna med dagens tilbod.
Kontakter
Dag Holeavdelingsdirektør ferjeStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:90109101dag.hole@vegvesen.noDagfinn NetelandFjord1
Tel:913 71 071Dagfinn.neteland@fjord1.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Reparerer rekkverk ved E6 Skjervengan kulvert30.4.2026 14:22:12 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen reparerer skadet rekkverk ved E6 Skjervengan kulvert i Mosjøen.
Statens vegvesen restaurerer historiske vegar i Vestland30.4.2026 12:24:38 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen jobbar no på Stalheimskleivi og Den Trondhjemske postvei i Sunnfjord.
Stenging i Fløyfjelltunnelen neste helg – berre sørgåande løp29.4.2026 15:01:16 CEST | Pressemelding
Neste helg, frå fredag 8. mai til måndag 11. mai, skal Statens vegvesen gjennomføre naudsynt arbeid i Fløyfjelltunnelen. Berre sørgåande løp (mot Bergen sentrum) blir stengt, medan nordgåande løp er ope.
Asfaltering i Glåmdalsdistriktet: Slik blir trafikkavviklingen29.4.2026 11:39:08 CEST | Pressemelding
I neste uke starter asfaltarbeider i Sør-Odal, Kongsvinger og Eidskog. Asfalteringsarbeidene starter mandag 4. mai, og vil medføre omkjøring, trafikkregulering og noe ventetid i de aktuelle områdene.
Ber trafikantene om å følge skiltet omkjøring i Sarpsborg24.4.2026 13:20:01 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og entreprenør Isachsen Anlegg AS ber trafikantene om å følge den skiltede omkjøringen for rv. 22, Iseveien mellom Dondern og Rådhusveien.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom