NVE gjev ikkje løyve til bygging av Tverråna kraftverk i Lindesnes

Del

Ei utbygging av Tverråna kraftverk vil etter NVE sitt syn føre med seg store terrenginngrep, som er negative for landskap og friluftsliv. NVE meiner at ein produksjon på 3,6 GWh, som svarar til produksjonen til om lag 180 husstandar, ikkje kan bera desse ulempene. NVE avslår derfor Sørkraft Prosjektutvikling AS sin søknad om å byggja kraftverket.

Foto: NVE

Sørkraft Prosjektutvikling AS har søkt om å nytte eit fall på 70 meter i nedre del av elva Tverråna til kraftproduksjon. Kraftverket ville hatt ein årleg produksjon på om lag 3,6 GWh.

– Etter NVE si vurdering vil terrenginngrepa knytt til utbygginga bli så store og omfattande at konsesjon ikkje kan gjevast. Utbygginga vil òg kunne ha negativ påverknad på fisk i eit nasjonalt laksevassdrag og ei lokalt viktig bekkekløft, seier Carsten Stig Jensen, seksjonssjef i NVE.

Etter NVE sitt syn finst det ikkje avbøtande tiltak som vil minske ulempene i tilstrekkeleg grad, då dette vil svekke lønnsemda til prosjektet. NVE meiner ulempene ved utbygging av kraftverket er større enn fordelane og avslår derfor søknaden om løyve til å byggja Tverråna kraftverk.

Kontakter

Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
E-post: csj@nve.no
Tlf. 22 95 92 90

Brit T. Haugen, seniorrådgjevar
E-post: bth@nve.no
Tlf: 22 95 90 89

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye