Avinor

Passasjertala for november – framleis motvind i luftfarten

Del

3,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i november. Det er ein auke på 3 prosent frå fjoråret og 9 prosent færre enn i førre normalår, 2019.

– Det er utanlandsreisande som driv utviklinga med ein auke på 6 prosent, medan innanlandstrafikken har hatt ei svak utvikling gjennom året og har auka med 1 prosent mot 2022, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor. 

– For utanlandsmarknaden er det store skilnader mellom flyplassane, kor Tromsø for tida trekker mykje merksemd internasjonalt og har hatt ei sterk utvikling inn i vintersesongen. Det er knytt til ei stor interesse blant turistar for nordlys og den arktiske opplevinga – det har ført til fleire direkteruter til Tromsø denne vinteren. I november er talet på utanlandsreisande ved flyplassen om lag det dobbelte samanlikna med same månad i 2019, fortsett Riise. 

Talet på flyrørsler er 5 prosent lågare enn i november 2022, og 11 prosent lågare enn i november 2019. 

– Talet på flyrørsler gjekk ned med 5 prosent, drive av nedgangen på 7 prosent i innlandstrafikken. Flyselskapa har redusert talet på flygingar i takt med ein svakare marknad. Samstundes opererer ikkje flyselskapet Flyr lenger i marknaden. Resultatet er at innanlandsmarknaden dei siste månadene har vore prega av den høgaste fyllingsgraden på lenge, talet på passasjerar fordelt på talet på tilgjengelege seter, avsluttar Riise. 

Passasjertal 

2 429 918 passasjerar reiste innanlands i november. Det er 1 prosent fleire enn i same månad i fjor, og 6 prosent færre enn i november 2019. 

Med 1 313 779 utanlandsreisande i november, auka trafikken til og frå utlandet med 6 prosent i november 2023 samanlikna med november 2022. Det er framleis 15 prosent færre enn same månad i 2019. 

Hittil i 2023 har 18 prosent fleire enn i 2022 reist til eller frå utlandet over Avinors lufthamner. 

Flyrørsler 

Det var 50 655 kommersielle flyrørsler i november. Det er 5 prosent færre enn i november førre året. Samanlikna med november 2019 var det 11 prosent færre flyrørsler i november i 2023. 

Hittil i år samanlikna med 2019 

Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i 2019. Talet på flyrørsler så langt i år ligg 8 prosent bak 2019-tala. Sjå alle tal i vedlegget 11.2023. 100 prosent auke i droneflygingar 

I november vart det meldt inn 1393 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar.  –Dette er ein auke på heile 62 prosent samanlikna med november 2022, seier Axel Knutsen som leiar droneprogrammet til Avinor.  

–Så langt i år er auken 100 prosent sett mot fjoråret. Det er sterke tall, spesielt med tanke på at det har vore mykje vær, haust og vinter i store deler av landet. 

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Om Avinor

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

Fjerde kvartal 2023: Reduserte inntekter grunnet endret reisemønster12.2.2024 14:20:00 CET | Pressemelding

- Avinors hovedutfordring er reduserte inntekter som skyldes endringer i reisemønster etter pandemien. Det er langt færre forretningsreisende enn før og nordmenns reiseaktivitet innenlands har flatet ut. Lavere trafikkvolum, manglende justering av lufthavnavgiftene, samt reduserte inntekter per passasjer, mye grunnet redusert tax-free-kvote, utfordrer Avinormodellen, sier konsernsjef Abraham Foss i Avinor.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye