Passasjertala for november – framleis motvind i luftfarten
3,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i november. Det er ein auke på 3 prosent frå fjoråret og 9 prosent færre enn i førre normalår, 2019.
![](/data/images/public/17421123/18030541/091df2af-632c-4dd9-9e6e-6a9bae3ec406-w_720.jpeg)
– Det er utanlandsreisande som driv utviklinga med ein auke på 6 prosent, medan innanlandstrafikken har hatt ei svak utvikling gjennom året og har auka med 1 prosent mot 2022, seier Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
– For utanlandsmarknaden er det store skilnader mellom flyplassane, kor Tromsø for tida trekker mykje merksemd internasjonalt og har hatt ei sterk utvikling inn i vintersesongen. Det er knytt til ei stor interesse blant turistar for nordlys og den arktiske opplevinga – det har ført til fleire direkteruter til Tromsø denne vinteren. I november er talet på utanlandsreisande ved flyplassen om lag det dobbelte samanlikna med same månad i 2019, fortsett Riise.
Talet på flyrørsler er 5 prosent lågare enn i november 2022, og 11 prosent lågare enn i november 2019.
– Talet på flyrørsler gjekk ned med 5 prosent, drive av nedgangen på 7 prosent i innlandstrafikken. Flyselskapa har redusert talet på flygingar i takt med ein svakare marknad. Samstundes opererer ikkje flyselskapet Flyr lenger i marknaden. Resultatet er at innanlandsmarknaden dei siste månadene har vore prega av den høgaste fyllingsgraden på lenge, talet på passasjerar fordelt på talet på tilgjengelege seter, avsluttar Riise.
Passasjertal
2 429 918 passasjerar reiste innanlands i november. Det er 1 prosent fleire enn i same månad i fjor, og 6 prosent færre enn i november 2019.
Med 1 313 779 utanlandsreisande i november, auka trafikken til og frå utlandet med 6 prosent i november 2023 samanlikna med november 2022. Det er framleis 15 prosent færre enn same månad i 2019.
Hittil i 2023 har 18 prosent fleire enn i 2022 reist til eller frå utlandet over Avinors lufthamner.
Flyrørsler
Det var 50 655 kommersielle flyrørsler i november. Det er 5 prosent færre enn i november førre året. Samanlikna med november 2019 var det 11 prosent færre flyrørsler i november i 2023.
Hittil i år samanlikna med 2019
Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i 2019. Talet på flyrørsler så langt i år ligg 8 prosent bak 2019-tala. Sjå alle tal i vedlegget 11.2023. 100 prosent auke i droneflygingar
I november vart det meldt inn 1393 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. –Dette er ein auke på heile 62 prosent samanlikna med november 2022, seier Axel Knutsen som leiar droneprogrammet til Avinor.
–Så langt i år er auken 100 prosent sett mot fjoråret. Det er sterke tall, spesielt med tanke på at det har vore mykje vær, haust og vinter i store deler av landet.
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Bilder
Dokumenter
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Avinors systemer er ikke berørt av globale IT-problemer19.7.2024 11:23:23 CEST | Pressemelding
Ingen av Avinors systemer er berørt av IT-problemene som påvirker utenlandske flyplasser i dag. Avinor benytter ikke sikkerhetstjenester fra den leverandøren det er snakk om.
Passasjertala aukar utanlands, men gjekk tilbake innanlands også i juni10.7.2024 12:00:00 CEST | Pressemelding
4,8 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juni. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med juni i fjor. Det er utanlandstrafikken som aukar, med heile 9 prosent. Innlandstrafikken gjekk derimot tilbake med 3 prosent samanlikna med juni i fjor.
Endrer mattilbudet på Oslo lufthavn: Her er de nye spisestedene5.7.2024 10:00:00 CEST | Pressemelding
Nå blir det flere av nordmenns favoritter på flyplassen. Dette er den største endringen i matkonseptet på hovedflyplassen siden utvidelsen i 2017.
Oslo lufthavn kåret til Europas beste flyplass4.7.2024 09:15:00 CEST | Pressemelding
Norges hovedflyplass nådde helt til topps i kåringen av Europas beste flyplass i kategorien 25-40 millioner passasjerer årlig under ACI EUROPE Best Airport Awards.
Avinor og Kongsberg Defence & Aerospace har signert avtale om syv nye fjernstyrte tårn2.7.2024 15:14:42 CEST | Pressemelding
Tårnsenteret i Bodø fjernstyrer nå 11 tårn, og i mars 2025 vil de siste tårnene i Fase 1 i Remote Towers-Programmet settes i operativ drift fra tårnsenteret. Samtidig vil Remote Towers-systemet oppgraderes slik at hver arbeidsposisjon vil kunne operere inntil 3 lufthavner samtidig
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom