Næringsministeren inviterer til dagligvareseminar
6.12.2023 12:13:55 CET | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding
Fredag 15. desember inviterer næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til opent seminar om daglegvaremarknaden. Seminaret samlar viktige aktørar i bransjen, og handlar om korleis regjeringa følger opp 10-punktsplanen for betre utval og lågare prisar i matbutikken.

Seminaret finn stad på Deichman Bjørvika i Oslo, og er opent for alle interesserte. Dørene opnar klokka 08.00, og det blir servert frukost for dei som kjem tidleg. Seminaret blir strøyma på nett-tv her.
Seminaret har to delar. I første del vil næringsministeren gi ei oppdatering og fortelje om korleis regjeringa følger opp arbeidet med 10-punktsplanen. Konkurransetilsynet og Dagligvaretilsynet vil så fortelje om arbeidet deira overfor daglegvarebransjen.
Del to vil omhandle kjedene sine eigne merkevarer (EMV) og vertikal integrasjon. Samfunnsøkonomisk Analyse (SØA) vil presentere rapportane sine, og ein fagekspert vil halde innlegg. Så blir det lagt til rette for at utvalde aktørar i bransjen held innlegg. Det opnast også for spørsmål frå salen.
Påmelding
Påmeldingsfrist er innan utgangen av tysdag 12. desember. Seminaret er opent for alle interesserte, men ved tildeling av plassar for fysisk deltaking vil aktørane i bransjen og stortingspolitikarane prioriterast.
Presse som vil delta kan sende ein e-post til ebr@nfd.dep.no
Praktisk
Dato: Fredag 15. desember
Tid: Kl 08.00-11.30
Sted: Deichmansalen i Deichman Bjørvika
Anne-Cath. Vestlys plass 1, Oslo
Meir info og foreløpig program
Kva er EMV og vertikal integrasjon?
Handelsaktørane sine eigne merkevarer (EMV) er produkt med varemerke som er eigde av handelsaktørar med detaljistsal, og som hovudsakleg blir selde gjennom handelsaktørane sine eigne utsalsstader (1)
Vertikal integrasjon vil seie at ein aktør driv verksemd på fleire ledd i ei verdikjede. Dette er ei av dei sterkaste formene for vertikale bindingar, og inneber at uavhengige einingar på ulike verdikjedeledd blir del av same eining, som til dømes ved at ei daglegvaregruppering kjøper opp ei leverandørbedrift (2)
Nøkkelord
Kontakter
Emil BremnesKommunikasjonsrådgiver
Tel:47881719emil.bremnes@nfd.dep.noPressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Om oss
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Kommuner kan innføre overnattingsavgift fra 202728.5.2026 11:26:43 CEST | Pressemelding
Et godt reiseliv skal skape verdi for både besøkende og lokalsamfunn. Nå som forskriften er klar, legger næringsminister Cecilie Myrseth til rette for at kommunene kan begynne å kreve inn overnattingsavgift fra neste år.
Cecilie Myrseth og Karianne Tung besøker oppstartselskaper torsdag 28. mai26.5.2026 17:09:27 CEST | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung besøker torsdag 28. mai vekstselskapet Heimdall Power som utvikler teknologi for å øke kapasiteten i strømnettet. Myrseth skal også besøke selskapene Dignio og Cyviz.
2,28 millioner kroner til kommunale ungdomsfiskeprosjekter21.5.2026 13:00:00 CEST | Pressemelding
17 kommuner får støtte til å gi 362 ungdommer sommerjobb og erfaring fra fiskerinæringen i 2026.
Presseinvitasjon: Næringsministeren til Bergen 26. mai21.5.2026 08:15:20 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth deltar på seminar om cruiseavgiften og innspillsmøte om reiseliv, i Bergen. I tillegg skal hun besøke Konkurransetilsynet og Norges eldste gull- og sølvvareprodusent, Arven AS.
– India er en stadig viktigere partner for Norge18.5.2026 15:47:54 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth ledet i dag en rundebordsamtale om handel og næringssamarbeid mellom Norge og India i forbindelse med besøket av Indias statsminister Narendra Modi i Norge.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom