UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

PISA 2022: Fleire elevar presterer under kritisk grense

Del

− Resultata viser ein stor tilbakegang i dei tre fagområda matematikk, lesing og naturfag, seier Fredrik Jensen, prosjektleiar for PISA i Noreg.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om årsaka til tilbakegangen, seier forskar Fredrik Jensen.
– Vi kan ikkje seie noko sikkert om årsaka til tilbakegangen, seier forskar Fredrik Jensen. Foto: Shane Colvin/UiO

Resultatet var delvis venta: Skulegangen til 15-åringane som tok PISA-prøva våren 2022 var prega av smitteverntiltak grunna Covid 19-pandemien i alle dei tre åra på ungdomsskulen.

Likevel kan ikkje forskarane slå fast at pandemien forklarar heile tilbakegangen.

– Vi kan ikkje seie noko sikkert om årsaka til tilbakegangen, seier Jensen i ein fersk episode av podkasten Læring frå Det utdanningsvitskaplege fakultet.

Samsvarar med andre undersøkingar

PISA-undersøkinga måler 15-åringars prestasjonsnivå i matematikk, naturfag og lesing. I tillegg får elevane meir generelle spørsmål om trivsel på skulen og heimebakgrunn. Prøva vert gjennomført kvart tredje år, men vart utsett med eitt år til 2022 på grunn av pandemien.

Hovudområdet for denne undersøkinga er matematikk, noko som betyr at det er nokre fleire oppgåver i matematikk, men elevane svarer òg på oppgåver i naturfag og lesing.

Hovudfunna frå PISA 2022 viser at dei norske elevane har svakare prestasjonar i matematikk, naturfag og lesing enn tidlegare. Resultata samsvarar med andre relevante undersøkingar i skulen som er publisert nyleg, som leseundersøkinga PIRLS (5. trinn) og demokratiundersøkinga ICCS (9. trinn).

Heimebakgrunn betyr meir

PISA 2022 viser òg at delen av lågtpresterande elevar aukar. I matematikk presterer 31 prosent av elevane på det lågaste nivået.

Samanlikna med tidlegare år kan det sjå ut til at skilnaden mellom elevgrupper har auka, og det kan sjå ut til at heimebakgrunn betyr noko meir for kor godt elevane gjer det på skulen. Men heimebakgrunn betyr framleis mindre i Noreg enn i dei fleste andre land.

Samstundes viser PISA 2022 at dei fleste 15-åringane framleis opplever tilhøyrsle til skulen og god arbeidsro i timane.

Høyr heile intervjuet med Fredrik Jensen i podkasten Læring.

Kva er PISA?

• OECD si undersøking Programme for International Student Assessment (PISA) måler 15-åringars kompetanse i matematikk, naturfag og lesing.

• I undersøkinga svarer elevane på oppgåver innan dei tre fagområda, samt eit spørjeskjema med spørsmål om heimebakgrunn, interesser, haldningar og kva  dei meiner om undervisninga og læringsmiljøet ved skulen dei går på.

• Les meir og sjå alle rapportane sidan 2003.

• I oktober 2024 vert det publisert ein antologi som går i djupna på matematikkresultata frå PISA 2022.

Les meir

• Kortrapporten med alle resultata frå PISA 2022 er tilgjengeleg på pisa.no

• Aktuelt arrangement 12. desember: PISA 2022: Kva viser resultata, og korleis skal vi forstå dei?

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er landets leiande utdannings- og forskingsmiljø i utdanningsvitskap.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Det første tegnet på at et språk er i ferd med å dø, er at barna slutter å snakke det5.2.2024 08:00:00 CET | Pressemelding

De samiske språkene er truet. Flere og flere elever forlater samisk opplæring og går over til undervisning på norsk. Dette vil norske forskere få en bedre forståelse av, slik at det er mulig å gjøre noe med. — Forskningen vår kan bidra til å styrke samisk språkopplæring ved å gi oss kunnskap om hva som hemmer og fremmer bruk av samisk, sier Kathrin Olsen, førsteamanuensis ved Nord universitet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye