Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har signert vegutbyggingsavtale med Nye Veier for strekninga rv. 13 Djupevik–Kviturtunnelen

Del

- Riksveg 13 Skare–Sogndal er prega av fleire samansette utfordringar, mellom anna høg fare for skred, stadvis smal veg og høg risiko for ulykker. Derfor inngår vi no ein avtale med Nye Veier for å redusere rasfare og få betre vegstandard, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård står foran en snødekt rv.13 ved Vikafjellstunnelen
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, her på befaring av Rv. 13 ved Vikafjellet tidlegare i år. FOTO: Kristoffer Rød-Lindberg

Nye Veier har vurdert at delstrekninga Djupevik–Kviturtunnelen er den mest rasutsette delen av  vegstrekninga mellom Skare–Sogndal. I dag er vegen smal, og det er ikkje tilbod for mjuke trafikantar.

Prosjektet vil omfatte 1,3 kilometer veg. Det skal gjerast gjennomgåande utbetringar av strekninga, i tillegg til skredsikringstiltak. Det er forventa at utbyggingskostnaden vil vere om lag 408 millionar 2023-kroner.

- Målet med dette vegprosjektet er å auke framkomme og samfunns-tryggleiken for denne hovudåra for Odda-regionen. No skal vi få etablert eit robust, miljøvennleg og trafikksikkert transportsystem i regionen. Utbetringane vil òg gi auka oppetid for vegen ved å førebygge mellom anna rasfare, seier samferdselsministeren.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye