Sjølvkøyrande bilar – bilprodusentane nøler
21.11.2023 11:54:31 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Mange bilar kan gje inntrykk av at dei kan køyre på eiga hand. Likevel er det framleis sjåføren bak rattet som har ansvaret for køyringa.

Bilprodusentane lanserer stadig nye førarstøttefunksjonar på bilane. Fartshaldaren har vorte adaptiv, slik at bilen tilpassar farten viss du tek igjen nokon som held lågare fart. Filassistenten bidreg til å halde bilen i rett køyrefelt – viss vegmerkinga er god nok. Vindaugspussarane og fjernlys slår seg på og av sjølv.
– Denne utviklinga gir oss mange moglegheiter, men kan på sikt også gi nye problemstillingar. Etter kvart som bilane kan gi føraren meir assistanse i køyringa, vert føraren passiv og kan etter kvart missa ferdigheiter, forklarar Stein-Helge Mundal, som arbeider med regelverk for godkjenning av køyretøy i Statens vegvesen.
Internasjonale arbeidsgrupper i FN og EU jobbar med å utvikle tekniske krav til køyretøy og førarstøttesystem. I desse arbeidsgruppene jobbar representantar frå medlemslanda saman med bilindustrien, leverandørindustrien og ulike interesseorganisasjonar, seier han.
Statens vegvesen representerer Noreg i desse arbeidsgruppene.
Meir automatisering
– Dei tre siste åra har bilindustrien vore oppteken av å få friare reglar for førarstøttesystem. Dette er system som støttar føraren i køyringa, men der føraren framleis har det fulle ansvaret. Bilindustrien ønskjer eit regelverk som opnar for stadig meir avanserte funksjonar som tek over meir av køyringa, men utan å ha ansvar sjølv, seier Mundal.
Årsaka til denne dreiinga er truleg at produsentane ikkje stoler heilt på sjølvkøyringsteknologien, eller at det blir for kostbart å utvikle eit system som kan ta over førarens oppgåver og ansvar på eit høgare automatiseringsnivå.
Sløve bilførarar
– Vi i Statens vegvesen er uroa for at bilførarane kan verte for sløve og etter kvart mistar evna til å ta kontrollen i kritiske situasjonar, når bilen i praksis nesten gjer det aller meste sjølv. For at føraren skal vere skjerpa, er det naudsynt at hen til ei viss grad er involvert i køyringa, seier Stein-Helge Mundal.
For å bøte på dette, vil det kome eit krav om at føraren vert overvaka av eit anna system, såkalla driver-monitoring-system. Systemet vil åtvare om at føraren i visse tilfelle må ta hendene til rattet eller rette blikket mot vegen.
– Denne teknologien er lite prøvd ut, og vi har lite erfaring med korleis det vil fungere. Vi trur også at alle dei ulike varslingane kan distrahere føraren, seier Mundal.
Difor er det risiko for at dei forventa fordelane frå stadig meir avanserte førarstøttesystem kan bli overskygde av negative effektar som kan føre til fleire ulukker. Det kan òg føre til at satsinga på dei verkeleg automatiserte køyretøya (automatiseringsnivå 3-5) blir bremsa, då førarstøttesystem er ei enklare løysing for produsentane som kan la føraren ta ansvaret.
Skeptiske
I dei internasjonale arbeidsgruppene i FN har Statens vegvesen vore skeptiske til å godta førarstøttesystem der føraren ikkje lenger må ha hendene på rattet.
– Vi har også foreslått at automatisk fartshaldar, filhaldar og filskifte ikkje skal kunne stillast inn på høgare hastigheit enn det som er fartsgrensa på staden. Så langt har vi ikkje fått støtte for dette frå nokon av dei andre landa, seier Mundal.
Nye reglar
Det er venta at nye reglar for utvida førarstøttesystem, såkalla «hands-free» køyring med ansvarleg førar, vil vere klare i 2024.
– Vi er som alltid opptekne av trafikksikkerheit og følgjer utviklinga tett, seier Mundal.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt Trafikant og kjøretøy(Besvares mellom kl. 08 - 15.30)
* Føreropplæring
* Førerkort
* Kjøretøy
* Utekontroll
* Trafikkstasjoner
* Tilsyn med trafikkskoler, verksteder og parkeringstilbydere
Stein-Helge MundalsjefsingeniørStatens vegvesen Trafikant og kjøretøy
Tel:99123254stein-helge.mundal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ledebil og manuell dirigering på E16 ved Stanghelle neste uke24.9.2026 13:46:50 CEST | Pressemelding
Det blir ledebil, manuell dirigering og tidvis kortvarig stans på E16 ved Stanghelle i uke 40.
Ny innfartsparkering ved rv. 41 i Birkeland24.9.2026 11:17:26 CEST | Pressemelding
En ny innfartsparkering langs rv. 41 i Birkeland gjør det enklere å sette igjen bilen og ta bussen videre til Kristiansand.
Vent med å kjøre på E18 til arbeidene er ferdige lørdag24.9.2026 09:55:21 CEST | Pressemelding
Det blir innsnevringer og forsinkelser på E18 inn mot Oslo fra fredag kveld til lørdag. La bilen stå eller vent med å kjøre til arbeidene er ferdig.
Klar for høstferien? Slik kommer du trygt fram24.9.2026 08:05:00 CEST | Pressemelding
Mange skal ut på veiene i høstferien. Men husk at høstværet kan være lunefullt. Det er lurt å være godt forberedt, særlig om du skal på fjellet.
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom