Helse Vest RHF

Ung forskar-pris: Kva gjer ein når bein i munnen forsvinn?

Del

Det handlar om bein, stamceller og stimuli av vekstfaktor i vev når tannlegen og postdoktoren Siddharth Vivek Shanbhag (38) forklarer forskinga si. Sist veke fekk han Helse Vest sin Ung forskar-pris, for studiane han har gjer for regenerasjon av beindefekter.

Mann lege i hvit frakk gestikulerer  sittende i et laboratorium
Prisvinnar Ung forskar 2023 i Helse Vest: Siddharth Vivek Shanbhag Jan Inge Haga Helse Vest RHF

Kan ein gje nytt liv til vev i munnen utan å ta ut beintransplantat frå hoftebeinet? Og kan ein bygge opp beinstrukturen, slik at nye tenner står fast i eiget bein i staden for i syntetiske implantat? 

Slike spørsmål stilte den unge indiske forskaren seg då han jobba som tannlege etter studiane. Han fullførte sin odontologiske utdanning i India, tok videreutdanninga i Storbritannia og Sverige, og kom til Noreg i 2016 som doktorgradskandidat ved Institutt for klinisk odontologi (IKO), Det medisinske fakultet på Universitetet i Bergen. Denne uka får Siddharth Vivek Shanbhag årets Ung forskar-pris frå Helse Vest. 

– Det er veldig stas å vinne pris. Det er min første pris frå Helse Vest, og det gir meg ein enorm motivasjon til å jobbe vidare. Eg kjenner at eg gjer eit relevant arbeid, og at eg er på riktig spor, seier Shanbhag på laben i fjerde etasje i IKO-bygget. Her arbeider forskarar frå heile verda side om side, medan tannlegestudentane får undervisning nede. 

Regenerasjon av beindefekter 

38-åringen, som både er knytt til Universitetet i Bergen og Haukland Universitetssjukehus, har brukt fleire år på forskinga av gjenbygging av bein i munnen.

– Når ei tann vert skada og trekkast ut, vil beinet under tanna etterkvart forsvinne. For å setje inn ei ny tann, manglar det då bein og vev der tanna sto. I dag vart dette erstatta med implantat, slik at den nye tanna har noko å stå på. Når det er mange tenner som manglar, har vi eit problem. Det ikkje nok bein i munnen til å feste implantata i. 

– Vi ser det spesielt godt hos eldre menneske. Den aldrande befolkninga vil gjere at fleire vil trenge beinvekst, noko som krev god vekstrespons ved bruk av supplerande terapi for eksempel stamceller eller vekstfaktorar. 

I dag vart nytt beinvev dyrka fram av stamceller frå beinmarg frå hoftebeinet. Gjennom forskinga si, har Shanbhag sett på moglegheita av å ta ut stamceller frå munnholene i staden. Samstundes har han forbedra måten cellene blir dyrka i laboratoriet ved bruk av eit nytt vekstfaktorsupplement – platelysat. På den måten kan cellene bli høsta på ein enklere måte og vakse i sitt naturlege miljø. 

­– Vi har utvikla eit nytt vekstfaktorsupplement –  «BergenLys», som gjer betre og tryggare dyrking av stamceller i laboratoriet. Her har vi laga vekstmiljø som er lik det vi har i kroppen, og på denne måten lurt cellene til å gro betre. 

Frå India til Bergen

Indiske Siddharth Vivek Shanbhag er postdoktor ved Laboratorieklinikken – Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) på Haukeland universitetssjukehus. Han er og forskar ved Institutt for klinisk odontologi (IKO), ved Det medisinske fakultet på Universitetet i Bergen. Han vaks opp i India, kor han fullførte sin odontologiske utdanning. Vidare gjekk vegen til vidareutdanning i Storbritannia og Sverige, før han kom til Noreg i 2016 som doktorgradskandidat ved IKO-UiB. I dag snakkar han bergendialekt og i 2022 fullførte han sin norske autorisasjon som tannlege.  

I doktoravhandlinga si forska Shanbhag på bruk av stamceller til beinregenerasjon. Regenerasjon av beindefekter er ei viktig behandling innan odontologi, ortopedi og traumatologi, kor behandlingsalternativa i dag er lite effektive. Stamcelleterapi gir nye og lovande moglegheiter til pasientar med avansert tap av vev. Forskinga blei gjennomført ved bruk av diverse metodar og analyser i både in vitro studiar og dyreforsøk. 

– Som tannlege ser vi mykje beintap. For meg som kjem frå den kliniske sida, og har jobba i klinikk med pasientar, ser eg alltid på korleis forskinga kan tas i bruk. 

Internasjonalt nettverk

Som forskar i Helse Vest-regionen har Shanbhag eit stort nettverk, både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidet mellom sjukehuset og universitetet er og noko han trekk fram som positivt for vidare karriere, som for eksempel etableringa av Mohn forskningssenter for regenerativ medisin (MRCRM). Senteret er leia av professor Einar Kristoffersen. Han trekk og fram Centre for Translational Oral Research (TOR), leia av professor Kamal Mustafa. Shanbhag si forsking er tett knytta  til begge sentera. 

– Eg kjenner meg heldig som har fått så mykje støtte og ansvar. Eg jobbar sjølvstendig i prosjekta og styrer økonomi og budsjett sjølv. Samstundes er det mogleg å kombinere forsking med klinisk arbeid som tannlege. Det er ein stor fordel å jobbe både med universitetet og sjukehuset. Eg har og eit stort nettverk og får jobbe med flinke folk frå både Wien, Madrid og Sverige, seier han. 

Prestisjefylt pris

– Helse Vest sin Ung forskar-pris er viktig for lovande unge forskarar som er i ferd med å byggje seg opp. Det er ein prestisjefylt pris, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF. 

Stamcelleterapi er eit viktig område innan forsking. Vikse ser eit stort potensial for regenerasjon av beindefekter, som prisvinnaren har arbeida med. 

– Shanbhag har jobba primært innan tannhelse, men vi ser potensial på andre områder og. For eksempel er stamceller veldig sentralt både for diabetes- og kreftforskinga. Prisen er ein anerkjenning av viktig arbeid og kan bidra til å byggje karriere vidare. Det er kjekt å anerkjenne den enorme aktiviteten som er gjort på eit veldig bra arbeid, seier Vikse. 

Om prisen Ung forskar 2023

Ung forskar-prisen er eit samarbeid i Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon: Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Helse Vest RHF.

For prisen Ung forskar 2023, seier juryen dette: 

«Studier av stamceller til regenerasjon av beindefekter har stått sentralt i Shanbhag si forsking. Shanhbag har vist at vev frå munnholene er ei alternativ kjelde til beinmarg til stamceller. Ved bruk av vekstfaktor-sekresjonar frå stamceller har han studert om dette kan være eit tryggare behandlingsalternativ til vevregenerasjon for pasientar som ikkje toler celletransplantasjon. I et lokalt innovasjonsdrevet samarbeidsprosjekt har han nå utvikla eit nytt vektfaktorsupplement- playtelysat for betre og tryggare dyrking av stamceller.»

Vis mindre

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Mann i hvit frakk ser i kamera i laboratorium
Prisvinnar Ung forskar 2023 i Helse Vest, Siddharth Vivek Shanbhag
Last ned bilde
Fire personer tre menni dress og en kvinne ser i kamera smiler
Vinnarane av Helse Vest sine forskingsprisar 2023. Prisvinnar Ung forskar 2023, Siddharth Vivek Shanbha og prisvinnar Forkarprisen 2023, Lars Akslen. På sidene utdelarane Gottfried Greve (UiB) og Agnes Landstad (Helse Vest RHF)
Last ned bilde
Mann i hvit frakk på laboratorium smiler
Prisvinnar Ung forskar 2023 i Helse Vest, Siddharth Vivek Shanbha
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye