Statens vegvesen stenger E39 Lotetunnelen kveld og natt
10.11.2023 10:38:15 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen utfører på kort tid fleire arbeid for å gjera E39 Lotetunnelen endå tryggare.

– Statens vegvesen har forståing for at det kan vera krevjande med så mykje jobb på kort tid. Men ved å konsentrera arbeidsperioden, reduserer vi belastninga på trafikantane i staden for å ha stadig nye prosjekt over ein lengre periode, seier kontrollingeniør Stig Arne Bugjerde i Statens vegvesen.
Og, legg han til:
– Sjølv om dette kan bli krevjande for trafikantane medan arbeida pågår, så er det viktig å understreka at vi gjer dette nettopp for dei, for at vegen skal vera trygg også i framtida.
Slik blir trafikken påverka
| Dato | Tidspunkt | Konsekvens for trafikantane |
| Søndag 12. november | 23.00-06.00 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil |
| Måndag 13. november | 21.00-06.00 | Styrt trafikkavvikling med ledebil |
| Tysdag 14. november | 21.00-06.00 | Styrt trafikkavvikling med ledebil |
| Onsdag 15. november | 17.00-17.50 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil. Siste kolonne frå Eid 17.50, med retur frå Lote 17.55 |
| Onsdag 15. november | 17.50-18.50 | Stengd tunnel |
| Onsdag 15. november | 18.50-18.55 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil. Kolonne frå Eid 18.50, med retur frå Lote 18.55 |
| Onsdag 15. november | 18.55-19.50 |
Stengd tunnel. Utrykkingskjøretøy kan passera på kort varsel |
| Onsdag 15. november | 19.50-00.15 |
Styrt trafikkavvikling med ledebil. Kolonne starter frå Eid 19.50. Siste kolonne frå Eid 24.00. Siste kolonne frå Lote 00.15 |
| Torsdag 16. november | 00.15-05.15 | Stengd veg. Stengt på strekninga Nordfjordeid-Lote. Utrykkingskjøretøy kan passera på kort varsel |
| Torsdag 16. november | 05.15-18.00 | Styrt trafikkavvikling Årskog-Lote |
Dette er arbeida
Alt arbeid Statens vegvesen gjer på sine 10.600 km riks- og europaveg, skal gi betre trafikktryggleik i tråd med nullvisjonen. Vi skal ta vare på og utvikla vegane slik at dei kan møta framtidas utfordringar, understrekar Bugjerde.
Det er som ein del av dette samfunnsoppdraget Vegvesenet no gjer forskjellig inspeksjons- og vedlikehaldsarbeid i Lotetunnelen.
15. november på kvelden har Statens vegvesen brannøving saman med naudetatar, slik at alle rutinar er drilla og beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa.
– Siste natta skiftar vi også stikkrenne ved E39 Lote. Stikkrenne er ein undergang som leiar vatnet vekk frå vegen. Gode stikkrenner er sentralt i Statens vegvesen sitt arbeid med å ta vare på vegane vi har, avsluttar Stig Arne Bugjerde.
Kontakter
Stig Arne BugjerdeKontrollingeniørStatens vegvesen Drift og vedlikehald vest
Tel:90831941stig.arne.bugjerde@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Legg om lokaltrafikken i E39 Veibustkrysset9.5.2026 09:54:37 CEST | Pressemelding
Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.
Første prosjekt i Bypakke Kristiansund er utlyst8.5.2026 10:51:34 CEST | Pressemelding
Kollektivfelt, rundkjøring og undergang for myke trafikanter lyses nå ut på anbud. Dette betyr at arbeidet med Bypakke Kristiansund kan starte opp til høsten.
Arbeid på rv. 651 Folkestad og Søre Bjørkedalen-Stigedalen8.5.2026 10:17:22 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal frå 18. mai gjere arbeid ved Folkestad og på strekninga Søre Bjørkedalen – Stigedalen i Volda kommune.
Arbeid på rv. 13 mellom Sogndal og Hella8.5.2026 09:57:29 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer nattarbeid på tre punkt på strekninga førstkomande veke.
Going to Bergen this weekend? Take public transport8.5.2026 07:44:57 CEST | Pressemelding
The Fløyfjell Tunnel will be closed in the direction of the city centre throughout the entire weekend. NPRA and Skyss are urging everyone to use public transport to avoid traffic chaos in the city centre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom