Høgskulen i Volda

Seminar om kunstig intelligens

Del

Høgskulen i Volda tek initiativ til eit dykk inn i temaet kunstig intelligens (KI), og har invitert folk frå fylkeskommunen, kommunane, privat næringsliv, frivillige organisasjonar, studentar og andre som er interesserte i KI til eit gratis KI-seminar torsdag 9. november.

Her også pressa hjarteleg velkomen. 

Seminaret finn stad i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda frå 10.00 til 15.00.

Temaa til innlegga spenner frå utfordringar og moglegheiter i skule og utdanning til korleis ein kan nytte KI og kamerateknologi til å bedømme kvaliteten på laksefilet. Og der imellom vil det også vere foredrag om blant anna KI i helsesektoren, mediebransjen og kommunar og dessutan om KI og bilde.

Sjå vedlagt pdf-fil for fullstendig program.

Det er ønskeleg at deltakarane kan dele innsikt og refleksjonar, men også utforske korleis vi kan styrke samarbeidet mellom ulike aktørar i regionen i tilnærminga til KI.

Kontakter

Dokumenter

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye