UiT Norges arktiske universitet

Kven vinn Mohnprisen 2024?

Del

Velkommen til kunngjering av vinnaren av Mohn-prisen 2024 –
måndag 6. november kl 20:00 på Framsenteret i Tromsø.

Mohnprisens logo

Styringskomiteen inviterer pressa til arrangementet, kor ein òg kan snakke med sentrale personar som UiT-rektor Dag Rune Olsen, leiar av Nord-Norges Vitenskapsakademi, Synnøve des Bouvrie, eller medlemmar frå styringskomiteen eller den vitskaplege komiteen, som professor Marit Reigstad eller professor Nils Chr. Stenseth (UiO).

Ver vennleg og gje beskjed til prosjektleiar Ute Vogel om dokker kjem: ute.vogel@uit.no

Ein kan òg følgje kunngjeringa direkte på nettsida til Mohn-prisen: https://uit.no/mohnprisen.

Kunngjeringa er ein del av The International Nansen Legacy Symposium "Towards a new Arctic Ocean"

Program

  • Musikk av Amanda Antonsen og Rasmus Olsen, studentar ved Musikkonservatoriet hjå UiT Noregs arktiske universitet.
  • Kva er Mohn-prisen? ved Synnøve des Bouvrie, Academia Borealis.
  • Kunngjering av vinnaren ved Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet.
  • Helsing frå prisvinnaren.
  • Fagleg grunngiving av prisen frå professor Nils Christian Stenseth frå Vitenskapskomiteen.

Prisvinnaren vil få utdelt Mohn-prisen under Arctic Frontiers 2024.

Kva er Mohnprisen?

Den internasjonale Mohnprisen anerkjenner framifrå forsking relatert til Arktis. Prisen bidreg til å setja sentrale problemstillingar for den vidare utviklinga i Arktis på den nasjonale og internasjonale dagsordenen.

Mohnprisen er oppretta i samarbeid mellom Academia Borealis, Nord-Norges vitenskapsakademi(NNVA), Tromsø forskningsstiftelse (TFS) og UiT Norges arktiske universitet (UiT). Prisen, som er på 2 millionar kroner, blir delt ut annakvart år.

Nøkkelord

Kontakter

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye