Høgskulen i Volda

Doktordisputas: Elisabeth Busengdal

Del

Fredag 24. november skal Elisabeth Busengdal forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.

Elisabeth Busengdal
Elisabeth Busengdal. Foto: Høgskulen i Volda / Vilde Moltudal Igland

Elisabeth Busengdal er stipendiat ved Avdeling for samfunnsfag og historie på Høgskulen i Volda.

I Volda fredag 24. november forsvarer ho avhandlinga si for ph.d.-graden i helse- og sosialfag. Avhandlinga har tittelen Relasjonsbygging i kommunalt integreringsarbeid. Ein studie av
implementering av integreringspolitikk og samarbeid på tvers av sektorar og styringsnivå
.

Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling», gitt av Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.

Om avhandlinga

Studien er ein kvalitativ kasusstudie av to norske kommunar med formål å studere samarbeid i implementering av politikk i det kommunale integreringsarbeidet. Avhandlinga undersøker ulike samarbeidsprosessar der kommunar set i verk integreringstiltak. Studien tolkar korleis dei arbeidde, kva som fremmar eller hemmar samarbeid, og kva som kjenneteiknar samarbeidsprosessane.

Funna i avhandlinga viser at det som kjenneteiknar samarbeidsprosessane, er at dei har hatt ei lik problemforståing i arbeidet med å finne løysingar. Det har ført til betre forankring for integreringsfeltet i leiing, politikk og administrasjon. Dette har gitt integreringsfeltet større handlingskapasitet i kommuneorganisasjonen fordi fleire aktørar er involvert. Dei har nytta kommunen sitt plan- og styringssystem til å samle relevante aktørar, sette ein felles agenda og skape tilslutning for arbeidet med flyktningintegrering i kommunen. I tillegg indikerer funna at eldsjeler eller leiarar som har stort engasjement for fagfeltet, kan framstå som viktige for å sette ein felles agenda, opne dører og oppretthalde engasjementet for integreringsfeltet i kommuneorganisasjonen.

Bakgrunn

Bakgrunnen for doktorgradsarbeidet er at integreringsfeltet opplever store utfordringar med å etablere samarbeid om integreringstiltak på tvers av sektorar og styringsnivå i kommunane. Samtidig viser det seg at nettverksbygging og samarbeid mellom fleire aktørar og fagområde i kommunane er viktig for å forbetre tenester for flyktningar og kan gi betre introduksjonsprogram. Dette gjer det interessant å studere slike samarbeidsprosessar og er bakgrunnen for doktorgradsarbeidet.

Kva betydning kan forskinga få?

Forskingsarbeidet gir meir innsikt i relasjonsbygging i kommunalt integreringsarbeid, kva som kjenneteiknar samarbeidsprosessar for å sette i verk integreringstiltak, og kva faktorar som kan fremme eller hemme slike samarbeid. Den kunnskapen denne forskinga gir, kan vere viktig for å etablere samarbeid og bygge relasjonar i utviklinga av tenester og tiltak for flyktningar.

Om doktoranden

Elisabeth Busengdal (35) har mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda (HVO) (2013–2015). Busengdal har også gjennomført Vestlandets forskarskule for pedagogikk- og utdanningsforsking (WNGER II) (2018–2022). Ho har Pedagogisk basiskompetanse frå HVO (2022) og bachelorgrad i Planlegging og administrasjon frå HVO (2010–2013) og har studert Equine Science ved Hòlar University College på Island (2007–2009).

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye