Polaris Media

Tormod Utne tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt

Del

Styret i Møre-Nytt AS har tilsett Tormod Utne (53) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Tormod Utne er i dag rådgjevar i Norsk Presseforbund og har lang erfaring som journalist, vaktsjef og redaktør i mellom anna Trønderbladet, TV 2, Nettavisen og Sunnmørsposten. Utne har også undervist i journalistikk ved Høgskulen i Volda.

—Gode lokalaviser er grunnsteinar i opne og gode lokalsamfunn, og eg gler meg til å byggje vidare på den gode jobben som over år er lagt ned i Møre-Nytt. Ørsta og Volda er ein levande og sterk del av Sunnmøre og eg vil gjere det eg maktar for at vi leverer så godt journalistisk handverk som mogeleg, og at vi kan vidareutvikle Møre-Nytt for framtida, seier Tormod Utne.

Møre-Nytt er det største mediehuset i Ørsta og Volda og har eit opplag på om lag 5.000. Lokalavisa gjev lesarane kvalitetsinnhald digitalt heile døgnet og kjem ut med papiravis to gonger i veka. Møre-Nytt er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av mediekonsernet Polaris Media ASA. Utne gleder seg til å ta fatt på jobben.

—Eg ser fram til å bli endå betre kjend med dei som arbeider i avisa, og håpar å ta med meg nyttig erfaring både frå eit liv i norsk presse og i Norsk Presseforbund, slik at det blir til det beste for Møre-Nytt og lesarane våre.

Tormod Utne vil starte i stillinga 1. februar 2024 og tar over etter redaktør Svein Jarle Aam som skal i gong med nye prosjekt.

—Vi er særs nøgd med tilsettinga av Tormod Utne som ny eineleiar i mediehuset. Han har lang erfaring, digital spisskompetanse og kjenner lesarane, nærmiljøet og næringslivet godt. Med Tormod på laget har vi alle mogelegheiter til å ta nye steg og gje lesarane god journalistikk på alle plattformer, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.

Kontakter

Frank Støyva EmblemStyreleiar

Tel:98855952

Bilder

Følg pressemeldinger fra Polaris Media

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Polaris Media på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Polaris Media

Dag H. Nestegard tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende29.11.2023 09:00:00 CET | Pressemelding

Styret i Fjordenes Tidende AS har tilsett Dag Hestetræet Nestegard (55) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Nestegard er i dag seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet og har lang erfaring som journalist, redaktør, forfattar og rådgjevar i mellom anna NRK Dagsrevyen, Bok & Samfunn, Redd Barna og Samferdselsdepartementet. Nestegard har nyleg laga dokumentarfilm om kraftutbygging og industriutvikling i Svelgen.

Svakere utvikling i Sverige gav resultatnedgang for Polaris Media i tredje kvartal2.11.2023 07:00:00 CET | Pressemelding

Driftsresultatet for Polaris Media i tredje kvartal endte svakere enn fjoråret. Konsernet rapporterer en EBITDA på MNOK 80 før engangseffekter, ned 25% fra resultatet i tredje kvartal 2022. Reduserte annonseinntekter, drevet av et markant fall i det svenske markedet, var hovedårsaken til resultatnedgangen. EBITDA hittil i år er MNOK 180 før engangseffekter, som er 30% lavere enn resultatet per tredje kvartal i fjor. Konsernet iverksetter nye effektiviseringstiltak for å bedre resultatutviklingen.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom