Indrefjord gard vinnar av BU-prisen for Vestland 2023
Å tenkje utanfor boksa og sjå nye moglegheiter for økonomisk gevinst vart vinnaroppskrift for Indrefjord Gard!

På Indrefjord Gard får ungdom med utfordringar og ekstra behov nye moglegheiter. Hjå Ina Nordahl Sognnes og Ole-Ivar Åm Sognnes kan dei til og med få jobb.
- Regionsvinnaren av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland viser kva det er muleg å få til om eit gardbrukar-par arbeider målretta for å utvikle garden, tørr å satse - og bygge stein på stein. Med utgangspunkt i eit middels stort Vestlands-bruk i Hyllestad og eit breitt interessefelt har dei skapt 4–5 arbeidsplassar innan mjølkeproduksjon, bygdeservice, Hest i næring og Inn på tunet-tenester, seier Rolf Sørland, konstituert regiondirektør i Innovasjon Norge Vestland.
Gir vilje til vidare innsats
Ina og Ole-Ivar er glade for no å kunne kalle seg BU-prisvinnar:
- Prisen gjev oss motivasjon til å satse vidare. Vi er takknemlege og glade for nominasjon og tildeling av prisen. Det er fantastisk at vår innsats og drift vert lagt merke til. For oss gjev dette inspirasjon og motivasjon til å fortsette arbeidet med å utvikle garden inn i framtida, seier Ole-Ivar, som legg til at BU-prisen er med på å synleggjere ulike driftsformer og tilleggsnæring i landbruket.
Lausdrift, mangesysleri og samhald
I 2016 tok dei steget og starta bygginga av eitt av dei minste lausdrift fjøsa i Vestland på den tida. Dritsbygget sto klart i 2019 etter ein formidabel eigeninnsats. Der har dei om lag 25 mjølkekyr og 75 storfe totalt, samt 7 hestar. Dei har ei mjølkekvote på 160 tonn og leverer om lag 10 tonn storfekjøtt kvart år.
Innan bygdeservice tilbyr dei ulike oppdrag innan park, hage, landbruk og anleggsarbeid til private og offentlege kundar.
Hestane er ein naturleg del av ressursgrunnlaget og vert nytta til ulike føremål når det er hensiktsmessig. Alt ifrå gardsarbeid, guida turar og arbeidsoppdrag. Gjeting og tilsyn av storfe på utmarksbeite er ein populær aktivitet som har gitt mykje merksemd. Hest er også eit vesentleg element i Inn på Tunet-aktiviteten.
Nye byggeprosjekt
Det neste byggeprosjektet er no i startfasa, med eit tilbygg til driftsbygg som skal betre fasilitetane for Inn på tunet-tenestene og hestane deira. Med to born, begge ektefellane aktive i drifta og mange tenester som skal leverast er det ein hektisk kvardag på garden.
- Vi har stort sett hatt 1-2 tilsette på heiltid, i tillegg til ekstrahjelp og avløysarar. Alle involverte står på i tøffe periodar, enten det er onnearbeid eller byggeprosjekt. I den daglege drifta har vi fokus på rutinar og utføring av dei ulike oppgåvene, seier Ole-Ivar.
Prisvinnaren meiner Innovasjon Noreg har vore viktige for å få til det dei har gjort:
- Innovasjon Noreg har vore ein aktiv støttespelar i to omgangar for bruksutbygging og bidrege til å realisere planane her på garden, slik at vi har fått realisert nytt driftsbygg til mjølkeproduksjon, og er i gang med eit nytt prosjekt til Inn på tunet og hestane. Felles for begge prosjekta er høg eigeninnsats, støtte frå Innovasjon Noreg og finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane. Støtta frå Innovasjon Noreg var eit vesentleg bidrag for at vi kan gjennomføre prosjekta, avsluttar han.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Norge deler kvart år ut prisen Bedriftsutviklingsprisen (Bu-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Bu-prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda.
Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noLenker
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Bonsak Malt vinner Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Trøndelag24.11.2023 13:00:00 CET | Pressemelding
Bodil Oust og Tyson Weaver har motbevist myten om at produksjon av kvalitetsmalt på norsk korn ikke er liv laga.
ECOsubsea får 20 millionar til grønt og eksportretta innovasjonsprosjekt17.11.2023 14:03:35 CET | Pressemelding
ECOsubsea AS får tilskot frå Innovasjon Noreg på inntil 20 millionar kroner til utvikling av storskala industriell skrogvask med oppsamling og behandling av avfall.
Stavsmarken Gård og Pølsemakeri fra Vega får pris fra Innovasjon Norge15.11.2023 15:00:00 CET | Pressemelding
Den tradisjonsrike familiegården tildeles Bedriftsutviklingsprisen for landbruket for Nordland.
Mapei AS får 25,6 millioner kroner fra Innovasjon Norge14.11.2023 12:30:00 CET | Pressemelding
Mapei AS får 25,6 millioner kroner i finansiering fra Innovasjon Norge til forskning og utvikling av ny bærekraftig og klimareduserende betongteknologi og resirkuleringsløsninger.
– Norske bedrifter kan og bør ta en ledende rolle på veien mot nullutslippssamfunnet10.11.2023 13:58:22 CET | Pressemelding
En norsk næringslivsdelegasjon reiser snart til COP28 i Dubai for å vise fram norske grønne løsninger. NHO-presidenten er overbevist om at norsk næringsliv kan bidra i arbeidet med å nå målene i Paris-avtalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom