Store manglar ved faremerking av duftoljer
Duftoljer kan innehalde farlege kjemikaliar på lik linje med andre hushaldskjemikaliar, som til dømes reingjerings- og vaskemiddel. Forbrukarar må få informasjon om dette for å kunne handtere duftoljene på ein trygg måte.

Miljødirektoratet gjennomførte i juni ein landsdekkjande aksjon i butikkar som sel kjemikaliar til forbrukarar, der kontroll av duftoljer var hovudprioritet. Både daglegvarebutikkar, interiørbutikkar, kjøkkenbutikkar, kosmetikkbutikkar og andre stader der det blir selt duftoljer vart kontrollerte.
Miljødirektoratet kontrollerte om duftoljene var riktig merkte og emballerte, at dei var lovleg å selje til private, og at dei ikkje inneheldt forbodne stoff.
Duftoljer kan innehalde farlege kjemikaliar, som kan vere allergiframkallande, gi alvorleg augeirritasjon og forårsake irritasjon av luftvegane. I tillegg kan dei vere giftige for miljøet på grunn av langtidsverknaden sin for liv i vatn. I verste fall kan duftoljer forårsake død ved svelging om det kjem ned i luftvegane. Ved sistnemnde er det krav til barnesikker lukning.
80 % feil ved merking og emballasje
Ca. 80% av dei kontrollerte duftoljene hadde feil eller manglar ved merking og/eller emballasje. Den vanlegaste feilen var at dei mangla norsk språk på etiketten. Nokre av duftoljene mangla faremerking totalt på behaldaren.
Fleire duftoljer hadde etikett plassert under behaldaren. Det er ulovleg. Faremerking skal kunne lesast av forbrukaren når flaska står slik ho er tiltenkt, dette for å unngå skade.
Fare for at barn drikk duftoljer
Andre duftoljer vart selde i noko som liknar spritflaske, noko som utgjer ein klar risiko for at nokon får i seg farlege kjemikaliar. Giftinformasjonssentralen har fått inn over 250 førespurnader i tidsperioden 2021-2023 om duftoljer. Førespurnader gjeld barn i alderen 1-4 år som drikk olja.
- Vi meiner dårleg eller manglande faremerking aukar risikoen for at vaksne ikkje er klar over risikoen desse produkta utgjer for dei og for barna.Dei som sel slike produkt må kontrollere faremerkinga før duftoljene blir sette på marknaden, og sile ut ulovlege produkt. Forbrukarar bør også vere klar over risikoen dei tek når dei kjøper duftoljer utan rett faremerking, seier Mathieu Veulemans, leiar av varetilsynsseksjonen i Miljødirektoratet.
- Foreldre som ringjer Giftinformasjonen om uhell med slike produkt er ikkje alltid klar over faren ved desse produkta, seier Merethe Midtervoll, seniorrådgivar ved Giftinformasjonen, FHI. Viss vi ikkje klarer å finne ut kor mykje barnet har svelgt, og det er uklart om produktet kan innehalde farlege kjemikaliar, så må barnet følgjast opp på sjukehus, for å vere på den sikre sida, seier Midtervoll.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Natursats: 70 millioner til lokale tiltak for naturen25.4.2025 10:00:07 CEST | Pressemelding
112 kommuner får støtte til ulike tiltak for å ivareta og bedre tilstanden for naturmangfold. 89 av disse får støtte til å kartlegge naturen.
Natursats: 70 millionar til lokale tiltak for naturen25.4.2025 10:00:07 CEST | Pressemelding
112 kommunar får støtte til ulike tiltak for å vareta og betre tilstanden for naturmangfald. 89 av desse får støtte til å kartleggje naturen.
38 prosjekter skal gi bedre vannmiljø i Oslofjorden14.4.2025 10:14:10 CEST | Pressemelding
20 millioner kroner er tildelt prosjekter som vil bedre vannmiljøet for fisk og andre levende organismer i nedbørfeltet til Oslofjorden og i selve fjorden. Det er første gang det gis tilskudd over statsbudsjettet øremerket restaurering av vannmiljøet i disse områdene.
86 kommuner og fylker vil ha Klimasats-støtte9.4.2025 08:40:04 CEST | Pressemelding
Kommuner og fylkeskommuner i alle landsdeler har i 2025 søkt om 298 millioner kroner i støtte til lokale klimatiltak. Se her hva din kommune har søkt om.
86 kommunar og fylke vil ha Klimasats-støtte9.4.2025 08:40:04 CEST | Pressemelding
Kommunar og fylkeskommunar i alle landsdelar har i 2025 søkt om 298 millionar kroner i støtte til lokale klimatiltak. Sjå her kva kommunen din har søkt om.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom