Eit åtak på universitets- og høgskulesektoren
SFU er ei nasjonal prestisjeordning som vart oppretta av kunnskapsdepartementet i 2010. Målet med ordninga er å utvikle kvalitet i høgare utdanning, samt likestille utdanning med forsking og innovasjon. Gjennom SFU-ordninga får dei fremste utdanningsmiljøa i Noreg ressursar til å vidareutvikle studiane sine gjennom målretta og langsiktig innsats.
– Forslaget om å fjerne SFU-ordninga signaliserer at regjeringa ikkje set utdanning like høgt som dei andre oppdraga til UH-sektoren. SFU-ordninga var oppretta som følge av ein grundig vurderingsprosess, og forslaget om å fjerne den er ikkje utreia, seier Nasjida Noorestany, Studentprosjektleiar i CELL (Senter for erfaringsbasert juridisk læring).
Studentmedverknad i fokus
Per i dag finnast det femten SFU-ar i forskjellege fasar av ei planlagt tiårig senterperiode. Noko alle sentera har til felles er at studentar spelar ei aktiv og sentral rolle i det innovative utviklingsarbeidet. No er studentane skuffa.
– Studentmedverknaden er noko av det som gjer SFU-ordninga så unik. Vi kjem med verdifull, direkte erfaring som skapar målbare, varige endringar i utdanningskvaliteten. Det er uforståeleg at regjeringa ynskjer å kutte ei så god ordning, særskilt før mange av prosjekta er fullført. Dette viser nok ein gong at den sittande regjeringa er i utakt med UH-sektoren, seier Sondre Østensen-Landvik, studentsenterleiar i CELL.
Gode resultat
SFU-ordninga har blitt evaluert fleire gongar sidan oppstart. Resultata har vore positive og ordninga har fått brei støtte både politisk og i UH-sektoren. Det finnast mange dømer på handfaste resultat. På matematikkstudiet på Sørlandet har gjennomføringsgraden ved enkelte program auka frå under 60% til nærmare 90%. I Trøndelag har arbeidet med auka rekruttering og gjennomføring i IT-utdanninga ført til 500 fleire studentar og ei omlegging av fyrsteåret. Jussutdanninga i Oslo gjennomgår no ein historisk moderniseringsprosess for å førebu studentane på dei store samfunnsutfordringane dei snart vil møte.
Kontakter
– Studentsenterleiar i CELL Sondre Østensen-Landvik: sondrla@uio.no/90863138
– Studentprosjektleder i CELL Nasjida Noorestany: nasjidan@uio.no/45500760
– Kommunikasjonsrådgjevar: Sigrun Sæbø Åland: s.s.aland@jus.uio.no/40623026
Bilder
Lenker
Om UiO - Det juridiske fakultet
Domus Juridica, Kristian Augusts gate 17
0162 Oslo
22 85 95 00http://www.jus.uio.no
CELL er oppretta for å samle innovative undervisningskrefter og for å gje kraft og retning til ei satsing på undervisning ved Det juridiske fakultet.
Følg pressemeldinger fra UiO - Det juridiske fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det juridiske fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det juridiske fakultet
Samisk rettsspråk25.11.2024 10:33:47 CET | Pressemelding
Sameloven gir regler om bruk av samisk i lover og forskrifter, i forvaltningen og i domstolene. Samerettssymposiet 2024 del 2 tar for seg statusen til samisk som rettsspråk anno 2024.
Samiske barns rett til opplæring25.11.2024 08:56:05 CET | Pressemelding
Barnekonvensjonen gir samiske barn som urfolk rett til eget språk og egen kultur – men de formelle rettighetene står ofte i sterk kontrast til opplevd virkelighet. Samerettssymposiet 2024 del 1 tar for seg samiske barns rett til språk.
Hvorfor behandler vi truede dyr så dårlig?20.8.2024 13:22:45 CEST | Aktuelt
Trofèjakt og handel med truede dyrearter er svært utbredt i Norge og verden, og den kriminelle delen av dette er omfattende. Pengesummene som skifter hender er enorme. Jakten og handelen påfører dyr store lidelser, og truede arter blir enda mer truet.
Konkurransekultur ved Det juridiske fakultet4.3.2024 12:01:24 CET | Pressemelding
Fersk læringsmiljøundersøkelse viser at halvparten av studentene ved Det juridiske fakultet i Oslo mener det er usunn konkurransekultur ved fakultetet
Kan domstoler redde kloden?4.2.2024 10:26:50 CET | Pressemelding
Verden over tyr enkeltpersoner og interesseorganisasjoner til domstolene i "klimasaker". Hvordan funker det? Tirsdag 6. februar tar juristene debatten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom