UiO - Det juridiske fakultet

Eit åtak på universitets- og høgskulesektoren

Del
I det nye statsbudsjettet foreslår regjeringa å fase ut suksessordninga Senter for framifrå utdanning (SFU). Ei utfasing vil sette ein prematur stoppar for viktig og nyskapande utviklingsarbeid på utdanning.
Sondre Østensen-Landvik og Nasjida Noorestany (f.v.) er skuffa over regjeringa sitt forslag om å kutte SFU-ordninga.
Sondre Østensen-Landvik og Nasjida Noorestany (f.v.) er skuffa over regjeringa sitt forslag om å kutte SFU-ordninga.

SFU er ei nasjonal prestisjeordning som vart oppretta av kunnskapsdepartementet i 2010. Målet med ordninga er å utvikle kvalitet i høgare utdanning, samt likestille utdanning med forsking og innovasjon. Gjennom SFU-ordninga får dei fremste utdanningsmiljøa i Noreg ressursar til å vidareutvikle studiane sine gjennom målretta og langsiktig innsats.

– Forslaget om å fjerne SFU-ordninga signaliserer at regjeringa ikkje set utdanning like høgt som dei andre oppdraga til UH-sektoren. SFU-ordninga var oppretta som følge av ein grundig vurderingsprosess, og forslaget om å fjerne den er ikkje utreia, seier Nasjida Noorestany, Studentprosjektleiar i CELL (Senter for erfaringsbasert juridisk læring).

Studentmedverknad i fokus

Per i dag finnast det femten SFU-ar i forskjellege fasar av ei planlagt tiårig senterperiode. Noko alle sentera har til felles er at studentar spelar ei aktiv og sentral rolle i det innovative utviklingsarbeidet. No er studentane skuffa.

– Studentmedverknaden er noko av det som gjer SFU-ordninga så unik. Vi kjem med verdifull, direkte erfaring som skapar målbare, varige endringar i utdanningskvaliteten. Det er uforståeleg at regjeringa ynskjer å kutte ei så god ordning, særskilt før mange av prosjekta er fullført. Dette viser nok ein gong at den sittande regjeringa er i utakt med UH-sektoren, seier Sondre Østensen-Landvik, studentsenterleiar i CELL.

Gode resultat

SFU-ordninga har blitt evaluert fleire gongar sidan oppstart. Resultata har vore positive og ordninga har fått brei støtte både politisk og i UH-sektoren. Det finnast mange dømer på handfaste resultat. På matematikkstudiet på Sørlandet har gjennomføringsgraden ved enkelte program auka frå under 60% til nærmare 90%. I Trøndelag har arbeidet med auka rekruttering og gjennomføring i IT-utdanninga ført til 500 fleire studentar og ei omlegging av fyrsteåret. Jussutdanninga i Oslo gjennomgår no ein historisk moderniseringsprosess for å førebu studentane på dei store samfunnsutfordringane dei snart vil møte.

Kontakter

– Studentsenterleiar i CELL Sondre Østensen-Landvik: sondrla@uio.no/90863138
– Studentprosjektleder i CELL Nasjida Noorestany: nasjidan@uio.no/45500760
– Kommunikasjonsrådgjevar: Sigrun Sæbø Åland: s.s.aland@jus.uio.no/40623026

Bilder

Sondre Østensen-Landvik og Nasjida Noorestany (f.v.) er skuffa over regjeringa sitt forslag om å kutte SFU-ordninga.
Sondre Østensen-Landvik og Nasjida Noorestany (f.v.) er skuffa over regjeringa sitt forslag om å kutte SFU-ordninga.
Last ned bilde

Lenker

Om UiO - Det juridiske fakultet

UiO - Det juridiske fakultet
UiO - Det juridiske fakultet
Domus Juridica, Kristian Augusts gate 17
0162 Oslo

22 85 95 00http://www.jus.uio.no

CELL er oppretta for å samle innovative undervisningskrefter og for å gje kraft og retning til ei satsing på undervisning ved Det juridiske fakultet.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det juridiske fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det juridiske fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det juridiske fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye