Felleskjøpet med nytt konsept på Skei

Del

Avdelinga i Jølster skal utviklast til å bli eit endå sterkare knutepunkt for bonden i Vestland.

Med planane om eit nytt konsept spesielt retta mot bonden, vil avdelinga på Skei halde fram med å vere spydspissen for Felleskjøpet ut mot landbruket i distriktet. Frå venstre.: Helge Dvergsdal, Brita Supphellen, Knut Sandal, Åge Årdal, Geir Støfring (tillitsvald), Dag Førde og Ole Kristian Kjøsnes. (Foto: Felleskjøpet Agri)
Med planane om eit nytt konsept spesielt retta mot bonden, vil avdelinga på Skei halde fram med å vere spydspissen for Felleskjøpet ut mot landbruket i distriktet. Frå venstre.: Helge Dvergsdal, Brita Supphellen, Knut Sandal, Åge Årdal, Geir Støfring (tillitsvald), Dag Førde og Ole Kristian Kjøsnes. (Foto: Felleskjøpet Agri)

Før sommaren kom nyheita om at Felleskjøpet gjer endringar ved avdelinga på Skei, og at detaljhandelverksemda blir lagt ned i si noverande form. Det blir dermed fullt fokus på avdelinga som verkstad, delebutikk og utleveringsstad for driftsmidlar og butikkvarer til bonden.

– I første omgang skal heile avdelinga pussast opp, og vil framstå i ny drakt. Skei skal framleis vere det viktige knutepunktet for bonden og landbruket i nordre del av Vestland, seier Atle Roset, organisasjonssjef for Felleskjøpet på Vestlandet.

Han er med i prosjektgruppa som no legg planane for korleis Skei-avdelinga skal utviklast vidare. Felleskjøpet vil prøve ut eit heilt nytt konsept.

– Reindyrka landbruksbutikk

– Vi ønskjer blant anna å teste ut ei maskinavdeling med innslag av det bonden treng til drifta si av maskin- ettermarknad- og butikkvarer. Kall det gjerne ein meir reindyrka landbruksbutikk der bestseljarane av butikkvarer vil vere tilgjengelege på avdelinga, medan øvrige butikkvarer vil vere mogleg å bestille inn. Vi vil også få på plass ei klikk og hent-løysing, seier Roset.

– Vi er opptekne av medlemsdemokratiet i Felleskjøpet. Difor er prosjektgruppa som no legg planane og innhaldet for «nye» Felleskjøpet på Skei samansett av tilsette ved avdelinga, regionale salssjefar og tillitsvalde for området, seier Roset.

Etter planen skal det nye konseptet ved Felleskjøpet på Skei vere klart på nyåret.  

Nøkkelord

Kontakter

Felleskjøpet Agri har en omsetning på 20,2 milliarder i 2022 og har i overkant av 4 000 ansatte. Felleskjøpet er viktigste leverandør av teknologi og driftsmidler til norsk landbruk og har rundt 100 butikker rettet mot bønder og forbrukere i Norge. Felleskjøpet eier Granngården i Sverige som også har rundt 100 butikker rettet mot samme målgruppe. Vår virksomhet omfatter også eiendomsdrift, brød og bakervarer, samt utstyr til park, anlegg og kjæledyr. Felleskjøpet Agri er et samvirke eid av i rundt 39 000 bønder. Felleskjøpet Agri er markedsregulator for korn og innkjøps- og salgssamvirke for medlemmene. Felleskjøpet Agris hovedmål er å bidra til å styrke medlemmenes økonomi på kort og lang sikt.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye