Iskantsonen – Meir enn kva det blotte auge ser
13.10.2023 09:54:57 CEST | Meteorologisk institutt | Presseinvitasjon
Iskantsonen er eit heitt politisk tema som ofte er oppe til diskusjon. Vi snakkar om utvinningstillatingar, fiskeriaktivitet og no dei siste åra om ein auka aktivitet i nordlege delen av kloden. Det er og ein klar forventa vekst i blå økonomi framover i Noreg.

No inviterer Arven etter Nansen-prosjektet deg inn til å få eit innblikk over Barentshavet og Polhavet. Kva er det med dette område i nord som er så spesielt at vi lager til eit grunnlag for framtidig forvaltning?
- I to timar skal vi prøve å komprimere 6 år med forsking frå over 300 forskarar som har publisert nesten 200 vitskaplege artiklar, og gi deg ein liten smakebit. Det er mange timar med forsking og resultat! Vi er ikkje Noregs største samarbeidsprosjekt for utan grunn, Seier Charlotte Stark, kommunikasjonsansvarleg i prosjektet.
Ho peikar og på at dei forskar på alt mellom himmel og jord, alt i frå satellitt til havbotn. Forskarar veit at ein treng kunnskap, gode reguleringar og forvaltning om Barentshavet for at vi skal kunne ta vare på det på best mogleg måte.
- Dei som forskar har gjennom desse åra sett betydelege klimaendringar i Polhavet, observert ein vinterhavis i endring og sett at interessa for å auka menneskeleg aktivitet i område er stor, fortel ho.
Målet for oss er at du skal få eit betre oversikt og meir kunnskap over nordområda og få mange idear til både korte og lange saker om klima. Vi har mykje historiar å ta av, og mykje interessant å formidle. Klimasakar krev oppdatert kunnskap, og det kan du få med oss.
Har du lyst til å delta for å sjå korleis det heng saman, så er du velkomen til :
Tallhall, Meteorologisk institutt (Blindern) 17. oktober kl. 14:00 – 16:00.
Dette arrangementet vert ikkje streamet, og send gjerne ein epost til charlottes@met.no viss du ynskjer at det vert sett av eit sete til deg.
Kontakter
KommunikasjonsavdelingenMeteorologisk institutt
Tel:48 06 58 85kommunikasjon@met.noBilder

Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Sommeren i Norge: – Så normal at den nesten er unormal2.9.2026 14:14:12 CEST | Pressemelding
Temperaturen i sommer endte like over det som er normalt for dagens klima. Sesongen skiller seg dermed ut fra slik det har vært de siste årene i Norge – og fra sommeren i store deler av Europa.
Øyvind Breivik blir direktør for Havdivisjonen ved MET7.8.2026 09:03:26 CEST | Pressemelding
Øyvind Breivik har takka ja til stillinga som direktør for Havdivisjonen ved Meteorologisk institutt. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar for oseanografi og maritim meteorologi ved instituttet.
Store kontrastar prega juli3.8.2026 15:08:29 CEST | Pressemelding
Juli baud på store kontrastar. Medan nedbøren viste store regionale skilnader med både uvanleg tørre og uvanleg våte område, fekk delar av Sør-Noreg ei hetebølgje midt i månaden. Samstundes var store delar av Europa prega av langvarig varme, tørke og skogbrannar.
Beredskap ved farlig vær: råd til arrangører31.7.2026 10:40:47 CEST | Pressemelding
Når Meteorologisk institutt sender ut farevarsler om farlig vær, er målet å gi samfunnet et godt beslutningsgrunnlag. Farevarslene beskriver været som er ventet, hvor det vil ramme, og hvilke konsekvenser det kan få. Beslutningen om å avlyse, utsette eller gjennomføre et arrangement ligger hos arrangøren.
Varmen gjer tørken i Europa langt meir alvorleg24.7.2026 11:04:31 CEST | Pressemelding
Ekstrem varme er no den viktigaste årsaka til dei alvorlege tørkeperiodane Europa opplever. Menneskeskapte klimaendringar gjer at jorda tørkar raskare ut, sjølv i område der nedbøren ikkje har blitt vesentleg mindre, seier ny studie.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom