Meteorologisk institutt

Varmen gjer tørken i Europa langt meir alvorleg

24.7.2026 11:04:31 CEST | Meteorologisk institutt | Pressemelding

Del

Ekstrem varme er no den viktigaste årsaka til dei alvorlege tørkeperiodane Europa opplever. Menneskeskapte klimaendringar gjer at jorda tørkar raskare ut, sjølv i område der nedbøren ikkje har blitt vesentleg mindre, seier ny studie.

Shutterstock, ikkje til gjenbruk

Sommaren 2026 har til no vore prega av langvarige hetebølgjer og tørke mange stader i Europa. Konsekvensane er allereie store: avlingssvikt, skogbrannar, låge vassføringar i elvar og utfordringar for energiproduksjon.

Også i Noreg har vi erfart kor raskt ein varm sommar kan utvikle seg til alvorleg tørke. Sommaren 2018 førte langvarig varme og lite nedbør til rekordlåg jordfukt, avlingssvikt og stor skogbrannfare fleire stadar i landet. 

Klimaforskar Julia Lutz meiner den nye studien viser kvifor slike hendingar blir meir alvorlege i eit varmare klima. 

– Vi ser no at klimaendringar ikkje berre handlar om mindre regn om sommaren, men òg om korleis høgare temperaturer gjer at landskapet tørkar raskare ut. Det som før var ein tørr sommar, kan no utvikle seg til alvorleg tørke. 

Den nye studien frå World Weather Attribution (WWA) viser at den viktigaste forklaringa ikkje nødvendigvis er mindre nedbør, men at høgare temperaturar får meir vatn til å fordampe frå jord, elvar og innsjøar.

Varme tørkar ut landskapet

Forskarane analyserte nedbør, jordfukt og det som blir kalla potensiell evapotranspirasjon (PET), som er eit mål på kor "tørst" atmosfæren er, eller kor stor evne lufta har til å trekke til seg fukt.

Studien peikar på at den ekstra varmen gjer at sjølv periodar med moderat nedbørsmangel kan utvikle seg til alvorleg tørke.

Resultata viser ei stor auke i fordamping frå bakke til luft, og ei auka risiko for tørke innan jordbruk.

Endrar korleis tørke utviklar seg

Tradisjonelt har tørke først og fremst vore knytt til mangel på regn. Studien viser at dette bildet er i endring. Europa sitt klima endrar seg raskt. Nedbørsmønstra varierer framleis, men funna viser at ekstrem varme er no den viktigaste drivaren bak tørke på kontinentet.

Studien peikar på at varmare luft aukar fordampinga frå jord, innsjøar og elvar, slik at vatnet forsvinn raskare enn tidlegare. Dermed blir tørken meir alvorleg, sjølv når nedbørsmengdene ikkje endrar seg mykje.

Store konsekvensar for samfunn og økonomi i Europa

Ifølgje forskarane av studien kan kombinasjonen av tørke og ekstrem varme føre til lågare matproduksjon, lågare vassføring i elvane og utfordringar for energiforsyning og transport. Dette kan igjen bidra til høgare prisar på mat og energi og råke dei mest sårbare hushalda hardast.

Studien peikar òg på at dersom den globale oppvarminga held fram mot om lag 2,8 grader, kan slike varme- og tørkeforhold bli om lag dobbelt så sannsynlege som i dag.

Kva betyr dette for Noreg?

Også i Noreg kan høgare temperaturar endre korleis tørke utviklar seg.

– Kombinasjonen av ekstrem varme og tørke er ein trugsel som ikkje berre påverkar matproduksjon, men også energiproduksjon som er avhengig av vatn og aukar faren for skogsbrann. Dette er ei utfordring vi må ta på alvor.

Tradisjonelt har tørke først og fremst blitt knytt til lange periodar utan nedbør. Men eit varmare klima gjer at meir vatn fordampar frå jord og vegetasjon. Dermed kan ein oppleve tørke raskare enn tidlegare, sjølv om nedbørsmengdene ikkje nødvendigvis blir mykje lågare.

– Studien understrek alvoret i menneskeskapte klimaendringar som vil få store konsekvenser for natur og samfunn viss vi ikkje reduserar utslepp raskt. I motsett fall vil desse episodane med ekstrem varme og tørke bli vanlegare. 

Konklusjonen frå studien er at menneskeskapte klimaendringar gjer tørke meir alvorleg, først og fremst fordi høgare temperaturar aukar fordampinga.

Kontakter

Bilder

Anniken Sanna/MET
Last ned bilde
Charlotte Stark/MET Fri redaksjonell bruk mot kreditering
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye