Trafikktal i september – ingen auke frå i fjor
4,5 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i september. Dette er same tal som september i fjor, men 10 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.
– Utviklinga i september har gått litt svakare enn kva vi forventa ved inngangen av månaden. Det kan være ein effekt av at auka renter begynner å treffe marknaden. Sjølv om alle rentehevingane ikkje har slått inn på lommeboka enno, er det nok fleire som har blitt litt meir forsiktige gitt det siste årets utvikling, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.
Passasjertal
2 620 420 passasjerar reiste innanlands i september. Dette er 5 prosent færre enn i september 2022 og 8 prosent færre enn i september 2019.
Trafikken utanlands, med 1 835 391 passasjerar, har auka med 8 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 13 prosent lågare enn i september 2019.
– Sommarutfarten er over, og vi går inn i ein roligare periode trafikkmessig. Overgangen til seinsommar og no haust har vist at sesongvariasjonane er blitt meir markante enn før pandemien. Det er altså større skilnader frå midtsommar til september no enn tidligare, den relative skilnaden er forventa å tilta inn i vintermånadene, seier Riise.
Flyrørsler
Det var 56 138 kommersielle flyrørsler i september. Dette er 6 prosent færre enn i september i fjor. Samanlikna med september i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 9 prosent.
Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 10 prosent bak 2019.
Talet på flyrørsler så langt i år er 7 prosent bak 2019. Sjå alle tal i vedlegget 09.2023.
80 prosent auke i flyging med dronar
I september vart 1781 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 80 prosent samanlikna med september i 2022.
– Så langt i år er auken 108 prosent sett mot fjoråret. Vi går no inn i eit par månader med dårlegare vêr, og ein kan forvente at bruken vil falle, kontra dei travle sommarmånadene, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.
– Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Hittil i år har Avinor registrert fleire enn 1000 ulovlege flygingar i flyforbudsområdene som er etablert rundt lufthamnene. Vi oppmodar alle til å setje seg inn i regelverket før dei flyr. På www.avinor.no/droner kjem reglane tydeleg fram, seier Knutsen.
Nøkkelord
Dokumenter
Lenker
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Hainan Airlines gjenopptar direkteflyvninger mellom Beijing og Oslo2.1.2025 16:24:23 CET | Pressemelding
Hainan Airlines (HU) kunngjør at de gjenopptar sine direkteflyvninger mellom Beijing (PEK) og Oslo lufthavn (OSL) fra 22. mars 2025. Dette markerer en viktig milepæl for norsk reiseliv, sjømatnæring og forbindelsen mellom Norge og Kina.
Avinor og Frequentis inngår kontrakt for fremtidens tårnsystem17.12.2024 12:00:00 CET | Pressemelding
Avinor har signert en kontrakt på i overkant av 200 MNOK med Frequentis AG. Leverandøren skal sikre et moderne tårnsystem på Oslo lufthavn som møter både eksisterende og fremtidige behov.
Dette blir de travleste dagene på norske flyplasser16.12.2024 12:30:00 CET | Pressemelding
1,9 millioner passasjerer skal reise gjennom landets største flyplasser de neste to ukene. Slik kommer du deg smidigst gjennom juleutfarten.
Pakketabbene du bør unngå i juleutfarten12.12.2024 09:26:26 CET | Pressemelding
Usikker på reglene for julegaver i bagasjen? Her er tipsene du bør huske på om du skal fly i julen.
Framleis vekst i passasjertrafikken11.12.2024 12:00:00 CET | Pressemelding
4 millionar passasjerar reiste til, frå og over Avinor sine flyplassar i november. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med november i 2023. Også så langt i år er auken 5 prosent, samanlikna med same periode i 2023.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom