Monssveen Gaard vinnar av BU-prisen for Innlandet i 2023
Melk, pultost, rømme, kryddersmør og rabarbrasyltetøy vart ein vinnarformel for Monsveen Gaard frå Ring.

Ekteparet Karen og Halvor Monsveen driv Monsveen Gaard på Ring. Garden er eit tradisjonelt familiebruk med omtrent 100 mål dyrka jord, kulturbeite og 200 mål skog. Her foredlar dei eiga melk, produserar pultost, rømme, kryddersmø og heimelaga rabarbrasyltetøy i sitt eige meieri. Familiebruket er no kåra til Innlandets vinnar av Bedriftsutviklingsprisen, som delast ut av Innovasjon Noreg.
- Å vinne bedriftsutviklingsprisen i år er stort for meg, seier Karen.
- Prisen er ei anerkjenning av det arbeidet Halvor og eg har lagt ned på småbruket. Eg vil rette ei stor takk, ikkje berre til Innovasjon Noreg, men til alle gode hjelparar som har hatt tru på oss og bidratt til at vi har lukkast med å utvikle og utnytte alle ressursar på garden. Ingen nevnt, ingen gløymd, men ei spesiell takk til Ringsaker kommune som nominerte oss til prisen, og til alle trufaste kunder. Vi har gjort det til ein leveveg som vi no ser at den yngre generasjon vil ta over og drive vidare. Det gjer meg kjempeglad og stolt, seier prisvinnaren.
I tillegg til kortreist matproduksjon, tilbyr garden mange og varierte kulturopplevingar. Under sommarhalvåret bugnar hagen over av eigenproduserte blomar, og grupper kan få omvisning i meieri og fjøs. Garden har også eit eige damanlegg der besøkande kan tilbringe dagen med fisking og grilling i naturskjønne omgivelsar med dyra beitande rundt seg. Selmahuset kan også leiast, og der er det plass til 40 personar som kan få servering.
- Meget imponert
- Ekteparet Monssveen har gjort maksimalt ut av gardsbruket sitt, og bidratt til gode ringvirkningar i heile bygda. Garden ansetter no fleire personar, og vi er meget imponert over kva ekteparet har fått ut av gardens ressurser, og vi ynskjer Karen lukke til vidare med drifta, seier direktør for Innovasjon Noreg i Innlandet, Sverre Bjørnstad.
Juryens begrunning: Karen og Halvor Monssveen har gjennom mange år arbeidd for å utvikle gardsmeieriet med utsøkte tradisjonsprodukt av beste kvalitet. Begge har, med sine 17 melkekyr, vore i fullt arbeid på garden og klart å gjere dette til eit levebrød. Dei har vore eit forbilde gjennom mange år for dei som ønsker å starte med tilleggsnæring på garden. Karen og Halvor har gjennom kvalitet i alle ledd, frå produksjon til sal av produkta, møtt kundar på ein truverdeg måte som igjen har ført til meirsal.
Kvart år delar Innovasjon Noreg ut Bedriftsutviklingsprisen (BU-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. BU-prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Dei regionale vinnarane mottek 50.000 kroner, og går så vidare og kan vinne den nasjonale BU-prisen på 250.000 kroner.
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noFølg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Norsk-japansk samarbeid og styrket team i Tokyo8.12.2023 11:50:22 CET | Pressemelding
Norge og Japan signerte i dag avtale om partnerskap i arbeidet med grønn omstilling. Store næringslivsaktører skal nå samarbeide med Innovasjon Norge for å lande flere norske kontrakter.
Bonsak Malt vinner Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Trøndelag24.11.2023 13:00:00 CET | Pressemelding
Bodil Oust og Tyson Weaver har motbevist myten om at produksjon av kvalitetsmalt på norsk korn ikke er liv laga.
ECOsubsea får 20 millionar til grønt og eksportretta innovasjonsprosjekt17.11.2023 14:03:35 CET | Pressemelding
ECOsubsea AS får tilskot frå Innovasjon Noreg på inntil 20 millionar kroner til utvikling av storskala industriell skrogvask med oppsamling og behandling av avfall.
Stavsmarken Gård og Pølsemakeri fra Vega får pris fra Innovasjon Norge15.11.2023 15:00:00 CET | Pressemelding
Den tradisjonsrike familiegården tildeles Bedriftsutviklingsprisen for landbruket for Nordland.
Mapei AS får 25,6 millioner kroner fra Innovasjon Norge14.11.2023 12:30:00 CET | Pressemelding
Mapei AS får 25,6 millioner kroner i finansiering fra Innovasjon Norge til forskning og utvikling av ny bærekraftig og klimareduserende betongteknologi og resirkuleringsløsninger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom