Ny forsking viser at perfeksjonistar er meir utsette for mentale helseproblem
- Dei blir aldri fornøgde og har store bekymringar for å mislykkast, seier ph.d.-kandidat Annett Stornæs som har undersøkt elevar på spesialiserte ungdomsskular.
«Nei, det er jo karrieren min. Det er jo livet mitt, så det betyr jo alt, på en måte. Så, hvis jeg ikke lykkes nå, så kommer jeg jo til å tenke "syv år med dans og trening hver dag; bortkasta". Så jeg kommer ikke til å gi meg før jeg har klart det, på en måte. Og hvis jeg får en skade så skal jeg gjennom den også. Jeg skal ikke gi meg, på en måte. Det skal jeg ikke"
Ballettelev- 15 år
Annett Stornæs har fylgd og møtt svært ambisiøse elevar over fleire år på ungdomsskulen. Ph.d.-kandidaten har sett spesielt på elevane på spesialiserte ungdomsskular for idrett, musikk og ballett, men også samanlikna desse mot ordinære.
Om studien:
- Annett Stornæs disputerer 13.oktober over avhandlinga: "Så flink at en blir syk?"
- En kvantitativ og kvalitativ studie om perfeksjonisme, forventninger og mental helse blant ungdomskolelever fra 13-16 år på spesialiserte skoler for idrett, ballett og musikk og elever fra ordinære ungdomsskoler
- Prosjektet er fullfinansiert av Stiftelsen Dam gjennom Rådet for psykisk helse.
Påverkar profesjonaliseringa mental helse?
Da prosjektet blei starta var det få studiar som hadde sett på perfeksjonisme og mental helse blant så unge utøvarar. Både blant forskarar og i praksisfeltet var ein bekymra for om den aukande profesjonaliseringa hadde påverka den mentale helsa.
Funna til Stornæs viser at det kan vere ein samanheng mellom å stille høge krav og forventingar til seg sjølv, ungdomanes mentale helse og velvære.
– Mange vil så gjerne bli best. Dei har store forventningar til seg sjølv, men har ofte utfordringar med å handtere alle forventningane frå seg sjølv og andre i kvardagen sin. Da kan det blir for mykje og for stor belastning, sjølv om ein elskar det ein driv med. Å avgrense seg sjølv som tenåring er langt frå enkelt, seier Stornæs som har vore stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag på NIH.
PERFEKSJONISME
Ekstreme standardar og urealistiske forventningar kombinert med overdreven sjølvkritisk evaluering.
Ei myte at perfeksjonisme er positivt
Stornæs opplever at perfeksjonisme ofte har blitt sett på som noko positivt, spesielt innanfor idrett, musikk og dans.
Aldri bli fornøgd, stadig terping på detaljar og gjere sitt ypparste for å nå toppen i sin idrett er eigenskapar som blir sett høgt av mange.
Men forskinga blant utøvarar generelt og ungdomar spesielt dei siste 10-15 åra tyder på at perfeksjonismen også kan bringe med seg mange uheldige sider som påverkar utøvarens helse og velvære.
– Det å stadig terpe på detaljar og gjere sitt ypparste for å nå toppen i sin idrett er eigenskapar som sjølvsagt er viktige. Men når me her snakkar om perfeksjonisme, og spesielt blant dei heilt unge ungdomane, er det viktig å vere klar over at det ikkje handlar om å sette høge standardar til seg sjølv aleine.
Stornæs fortel at perfeksjonisme handlar for mange mest av alt om ei kjensle av å aldri vere god nok og er tett knytt til sjølvkjensle.
Særleg vil ein perfeksjonist oppleve stor grad av skam og skuldkjensle om ein mislykkast. Det har kome tydeleg fram i fleire internasjonale studiar.
– Både våre funn og fleire andre studiar viser at det er ein samanheng mellom perfeksjonisme og psykisk uhelse. Derfor bør me ha oppriktig merksemd på ungdoms perfeksjonisme for det kan vere så viktig nettopp for å redusere mentale helseutfordringar blant unge, meiner Stornæs.
Ho legg også vekt på at det har vore ei stor auke i talet på spesialiserte ungdomsskular. I skuleåret 2015/2016 var det for eksempel tre idrettsungdomsskular, i 2022 var talet over 20.
Når det er mye prøver, presentasjoner eller fremføringer som skal gjøres, og samtidig er det kanskje en konkurranse som må trenes mot; da må jeg jo på trening for å øve til konkurransen, for å ikke miste futtet. Og så må jeg samtidig drive med skole, så jeg må bare: hjem-spise-skole-trening-skole-sove, og sånn fortsetter det hver dag. Jeg kan bli veldig - både mentalt og fysisk sliten av det, og da hender det ofte at jeg må ta en pause. Kanskje opp til flere dager.
Sitat idrettselev, 14 år
Flest jenter er utsett
Over tre skuleår fylgde ho forskjellige grupper elevar gjennom ungdomsskulen og gjorde både spørjeundersøkingar og kvalitative intervju med dei.
Både på idrettsungdomsskulane og dei ordinære skulane var det mange elevar som hadde høg grad av perfeksjonisme som sannsynlegvis var vanskeleg for dei fleste å handtere.
Her er nokre av hovudfunna frå dei tre studia:
- Perfeksjonisme i 8. trinn: 22 prosent av elevane i dei spesialiserte skulane, og 38 prosent av elevane i dei andre hadde dei mest ugunstige perfeksjonistiske profilane. Desse elevane rapporterte i tillegg høgare symptom på angst, depresjon og kroppsmisnøye og hadde lågare sjølvkjensle enn elevar med få perfeksjonistiske trekk.
- Mental helseprofilar 8.-10. trinn: 9-11 prosent høgt over gjennomsnittet for angst, depresjon og kroppsnøye kombinert med lågt under gjennomsnittet på sjølvkjensle.
- Ytterlegare 26-31 prosent hadde ein kombinasjon av verdiar moderat over gjennomsnittet for angst, depresjon og kroppsmisnøye kombinert med under gjennomsnittet på sjølvkjensle.
- Fleire jenter enn gutar hadde både dei minst gunstige perfeksjonistiske profilane, og dei minst gunstige mentale helseprofilane. Det vil seie at dei var langt over gjennomsnittet på symptom for angst, depresjon, kroppsmisnøye og langt under gjennomsnittleg sjølvkjensle.
- Dei mentale helseprofilane var ganske stabile frå 8. til 10.trinn, men dei jentene som flytta profil gjekk til meir usunne profilar, medan gutane i dei spesialiserte idrettsskulane gjorde det motsette.
To formar for perfeksjonisme
Etter kvart som funna har kome og Stornæs har fått publisert artiklar, har ho fortald om tala på føredrag.
Mange blir bekymra av det ho fortel.
– Dei er så unge. Det er det som sit igjen hos folk etter føredrag. Det og den kombinasjonen mellom perfeksjonisme og psykiske problem, gjev inntrykk på folk. Det er viktig å få kunnskap, meiner ho.
Men kva vil det eigentleg seie å vere perfeksjonist?
Når Stornæs og medforfattarane har studert perfeksjonisme blant ungdom har dei blant anna sett på to formar for perfeksjonisme.
Sosialt føreskriven og sjølvorientert perfeksjonisme.
SOSIALT FØRESKRIVEN PERFEKSJONISME:
Individet opplever at de er andre som krev perfeksjon av ein. Det kan vere trenaren, foreldre, samfunnet rundt ein, sosiale medium osv. Tidlegare studiar viser ein klar samanheng mellom sosialt føreskriven perfeksjonisme og uhelse.
Eksempel: «Andre meiner eg har mislykkas viss eg ikkje gjer mitt beste heile tida».(Flett et al., 2016)
SJØLVORIENTERT PERFEKSJONISME.
Perfeksjonismen er retta mot ein sjølv. Individet krev perfeksjon av seg sjølv, og opplever ikkje at dei er påverka av andre.
Eksempel: «Det plagar meg verkeleg viss eg ikkje gjer mitt best heile tida.» (Flett et al, 2016)
I tillegg finst det ein tredje form kalla «andre orientert perfeksjonisme», som tyder at ein pålegg perfeksjonisme av andre. Det har ikkje blitt studert i denne studien.
Kva bør foreldre sjå etter?
Om du er ein som er tett på ungdom i denne alderen, anten som forelder, lærar eller trenar. Kva bør ein sjå etter?
– Ungdomar med høg grad av perfeksjonisme er ekstremt samvittigheitsfulle og går sjeldan for å få hjelp. Om nokon spør om dei treng hjelp, vil dei ofte synest det er vanskeleg å takke ja. Dei kan vere engstelege for at det å ta imot hjelp viser svakheit og at dei ikkje får det til, seier Stornæs.
Det overordna målet med studien var å få meir kunnskap om perfeksjonisme og mental helse, og korleis det påverkar elevane. Slik at dei rundt dei kan bli meir bevisste på korleis ungdomane opplever både andre og eigne krav og forventingar.
Og i neste omgang tilrettelegge for å førebygge at elevar får mentale helseutfordringar.
Skap rom for å feile
Stornæs meiner noko av det viktigaste du kan gjere er å skape rom for å feile.
– Ungdomane må føle at det er lov å feile. Dei må føle og oppleve trenarar, lærarar og foreldre som gjev ei kjensle av at det er greitt å feile og ikkje meistre alt heile tida, seier Stornæs.
Det blir snakka mykje om «Generasjon prestasjon» og det presset dei opplever. Men Stornæs opplever at ein ikkje har hatt så stort fokus på perfeksjonisme som ein kanskje burde hatt.
– Me veit frå andre studiar at sjølvmord og sjølvmordforsøk også er nært forbunde med perfeksjonisme. Det er også ein av grunnane til at det er eit så viktig tema.
Annett Stornæs disputerer 13.oktober og disputasen er open for publikum. Den vil også bli strømma.
Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noBilder
Lenker
Om oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
– Vi må erkjenne at idretten er ein risikosone for overgrep9.10.2024 11:09:06 CEST | Pressemelding
NIH-forskarar har undersøkt om kor godt «Trygg på trening», eit kurs utvikla av Redd Barna, har fungert. – Vi er bekymra for at kurset ikkje har nådd godt nok ut til klubbane, seier Redd Barna.
Hvor trygg er idretten for barn i Norge?1.10.2024 09:33:23 CEST | Presseinvitasjon
Tar idretten ansvar for barns sikkerhet i idrettsklubber i Norge? Ny rapport fra Redd Barna og Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett (FOBU) ved Norges idrettshøgskole (NIH) gir deg svar.
Jubileumskonferanse: Den organiserte barne- og ungdomsidrettens framtid18.9.2024 13:52:45 CEST | Presseinvitasjon
Hvordan vil framtidens barne- og ungdomsidrett se ut og hva kreves for at idretten skal være en idrettsorganisasjon i verdensklasse?
Frokostseminar: Hvordan kan trening som medisin hindre at helsevesenet kneler?17.9.2024 12:39:06 CEST | Presseinvitasjon
Økt fysisk form blant nordmenn kan spare samfunnet for millioner av kroner. Hvilke tiltak kan øke bruken av trening som medisin? Forskere, politikere, leger og helsemyndigheter tar debatten videre på NIH 24.september.
Nye tal på nordmenns fysiske form5.9.2024 08:44:28 CEST | Pressemelding
1200 tilfeldige nordmenn frå heile landet har gjennomført testar av fysisk form. Resultata viser at ei stor gruppe av oss kan betre forma berre ved å starte med enkle aktivitetar som å gå i trapper og i motbakke.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom