Arian og Nate leier P3 Gull 2023
Årets kulaste prisutdeling og musikkshow går av stabelen den 24. november.
Arianrhod «Arian» Engebø og Nathan «Nate» Kahungu har fått det ærefulle oppdraget å leie direktesendinga der den beste musikken på NRK P3 gjennom året skal hyllast.
Arian og Nate har jobba saman i tre år, som programleiarar av NRK P3s ettermiddagsflaggskip «StudioP3». Å leie P3 Gull har lenge vore ein draum for dei begge.
– P3 Gull har vore ein av dei tinga Arian og eg har vore mest ivrig på å få gjere heilt sidan vi starta å jobbe saman. Dette gjer meg først og fremst stolt av det vi har gjort fram til no, samtidig som eg er gira på å vere med på å lage Noregs desidert kulaste prisutdeling, seier Kahungu.
Arian kan stadfeste at dette er noko dei har drøymt om å få gjere saman.
– Heilt sidan vi byrja å jobbe saman og lage StudioP3 har vi sikla på denne jobben, så endeleg å få sjansen kjennest skikkeleg bra, seier Engebø.
– Sjølvsagt er det spennande og nervepirrande med alt som er direkte, og det gjer jo at eg får høg puls av tanken på at det faktisk skal skje. Men då er det jo ekstra digg at vi er to og kjenner kvarandre så pass godt at vi kan lene oss på kvarandre dersom nervane kjem til å ta over, seier ho.
I løpet av sendinga den 24. november skal også fire gjæve P3 Gull-prisar bli delte ut. Dei nominerte blir annonserte fortløpande på p3.no frå no og fram til sendinga. Der vil det også vere mogleg å stemme på årets låt og årets artist.
Ei heilt «koko» TV-sending
Det er ikkje berre vinnarar som skal kårast under P3 Gull. Fleire kjende norske artistar skal også framføre hitlåtane sine på nye og uventa måtar. Det er kanskje dei storslåtte musikkproduksjonane som kjenneteiknar P3 Gull best.
– Musikkinnslaga er desidert det beste med P3 Gull. Det er artistar vi har følgt med på i heile år og som har gitt oss mykje bra musikk, fine festival- og konsertopplevingar, og no skal dei gjere det for oss her i P3! Då merkar eg at eg er i mitt ess, seier Kahungu.
– Det er den mest «koko» TV-sendinga som blir laga i Noreg, og kvart år blir den berre enno meir koko. Heile produksjonen gjer verkeleg alt for at dette skal bli ein musikkfest kor publikum skal sitje igjen med unike musikkopplevingar. Det er så kult å få vere ein del av! Og så håpar vi at vi kan ta «koko»-kjensla inn i programleiar-opplegget òg, seier Engebø.
Sjå P3 Gull direkte på NRK 1 eller i NRK TV, fredag 24. november kl 20:05.
Høyr Arian og Nate snakke om programleiarjobben i dagens StudioP3-sending.
Kontakter
Pressevakt
Tel:414 28 800pressevakt@nrk.noLinda ReistadKommunikasjonsansvarlig
Tel:+47 971 63 360linda.reistad@nrk.noBilder
Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Denne gjengen skal bestige verdens kaldeste fjell10.1.2025 13:00:00 CET | Pressemelding
I den nye NRK-satsingen «Ekspedisjonen» skal seks profiler ut på en svært krevende tur. Målet er å nå toppen av Denali, verdens kaldeste fjell.
Vårens høydepunkter på NRK8.1.2025 09:59:20 CET | Pressemelding
Lysere og mildere dager er her... snart! Dette er programmene du kan glede deg til å se og høre på NRK i årets første måneder.
Presseinvitasjon: Lansering av MGP-artister 20256.1.2025 11:04:18 CET | Pressemelding
Hvem skal delta i Melodi Grand Prix 2025? NRK har gleden av å invitere til pressekonferanse på Marienlyst torsdag 16. januar kl. 12.00.
Are Sende Osen utforsker Bibelen i ny NRK podkast1.1.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Intriger, sex, brodermord, undergang og oppstandelse. Ingen bok har påvirket vår verden mer enn Bibelen. Men hva står i den? Are Sende Osen forteller i ny podkast.
NRK styrker podkastlaget med nye profiler19.12.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Maria Stavang og Ingrid Mikkelsen tar med seg podkasten «Vittig» til NRK. Linnéa Myhre og Martha Leivestad kommer også med nye podkastprosjekter hos NRK i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom