Ny avtale: Kjemikaliar skal ikkje skade helse og miljø
Landa i verda er samde om å løyse dei store problema med kjemikaliar. Ny global FN-avtale skal sikre at farlege stoff blir handterte forsvarleg.

– Dette er ein stor milepæl i det internasjonale arbeidet for å få bukt med forureining. Verda har sidan 2006 hatt eit mål om å nå ei trygg forvaltning av kjemikaliar globalt, men dette har vi ikkje nådd. Difor er vi no nøydde til å auke ambisjonane og innsatsen for å løyse dei største problema meir effektivt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Verda har no fått ein sterk og ambisiøs avtale om kjemikaliar. Prosessen har vore under forhandling i fleire år etter at den vart forseinka av pandemien. Etter intense diskusjonar mellom landa i verda vart forhandlingane landa laurdag morgon 30. september i Bonn i Tyskland.
Det nye rammeverket, Global Chemicals Framework, skal bidra til å redusere utslepp av helse- og miljøskadelege stoff ved at slike stoff blir handterte på ein trygg måte. Alle land samarbeider i det nye rammeverket, saman med både industri og frivillige organisasjonar. Dei har i rammeverket sett globale mål på kjemikalie- og avfallsområdet.
Forureining er eit globalt miljøproblem
Verda står ovanfor ei trippel planetær krise, klimaendringar, tap av biologisk mangfald og forureining, slik det vart uttrykt av Inger Andersen, generaldirektør for FNs miljøprogram.
– Bruk og utslepp av helse- og miljøskadelege stoff gir store lokale problem mange stader i verda. I tillegg kan slike stoff i nokre tilfelle spreiast over landegrenser. Dette er globale miljøproblem som krev global handling. Det er viktig for Noreg å støtte opp om globalt arbeid, slik at vi kan handtere miljøutfordringane på best mogleg måte, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Noreg fekk også valt inn ein representant i byrået til det nye rammeverket, som er øvste styrande organ.
Kjemikaliar skal handterast trygt for å hindre farlege utslepp
Eit hovudmål i rammeverket er at kjemikaliar skal handterast trygt. Det skal bidra til å hindre forureining før han oppstår.
Det finst allereie nokre globale avtalar som regulerer nokre kjemikaliar, men det nye rammeverket legg til rette for at vi kan samarbeide om utfordringar knytt til mange fleire helse- og miljøfarlege stoff.
Gjennomføringa av avtalen vil omfatte større og mindre prosjekt, program og rapportar. Til dømes vil det finnast prosjekt som tek tak i bly i måling og bruk av svært skadelege plantevernmiddel, som begge er spesielt viktig for utviklingsland. Å styrkje nasjonal infrastruktur for å handtere kjemikaliar i utviklingsland er særleg prioritert.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Beslutning om felling av bjørn var lovlig15.7.2025 16:40:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet besluttet 26. juni å felle en bjørn som angrep en mann i Jarfjord. Oslo tingrett har gitt staten medhold.
Klarte ikke å knekke havnespy med brent kalk12.7.2025 19:18:52 CEST | Pressemelding
Ny rapport viser at brent kalk ikke klarer å fjerne havnespy der det er mye av den uønskede fremmedarten.
Klarte ikkje å knekke hamnespy med brend kalk12.7.2025 19:18:52 CEST | Pressemelding
Ny rapport viser at brend kalk ikkje klarer å fjerne hamnespy der det er mykje av den uønskte framandarten.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er nå klar. For to år siden kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er no klar. For to år sidan kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom