Medietilsynet

Medietilsynet einaste statleg verksemd som oppfylte språkkrava

Del

For andre år på rad har berre Medietilsynet levert på krava språklova stiller til statlege verksemder om å bruke både nynorsk og bokmål. – For oss er det viktig å følgje opp den statlege språkpolitikken i praksis, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Tekst over blå bakgrunn som sier at kun 1 av 157 statsorgan følger språkloven.

Det er Språkrådet som kontrollerer korleis statlege verksemder oppfyller krava i språklova. Lova krev mellom anna at sentrale statsorgan skal veksle mellom å bruke bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale, som nettsider, rapportar og innhald i sosiale medium. Ingen av dei to skriftspråka bokmål og nynorsk skal vere representerte med mindre enn 25 prosent.

I sin rapport for 2022 har Språkrådet kartlagt 15 departement, 157 statsorgan og Statsministerens kontor. Berre Medietilsynet oppfylte alle krava i lova, i 2022 som året før.

Medietilsynet prioriterer språkarbeidet

Medietilsynet er opptatt av å fylle kravet om minst 25 prosent av kvart skriftspråk, og arbeider bevisst med dette i det daglege.

– Det handlar om å mobilisere heile organisasjonen, frå toppleiarar til medarbeidarar som jobbar med kommunikasjon. Klare mål og jamleg oppfølging er viktig for å få resultat, på dette området som dei fleste andre. Det er eigentleg ikkje noko hokuspokus, seier Velsand.

Rapporten frå Språkrådet viser ei negativ utvikling for fleire statsorgan

Rapporten frå Språkrådet viser ei negativ utvikling for bruk av begge skriftspråk i fleire statsorgan. I ni av dei 157 underliggande statsorgana har nynorskprosenten på nettsidene gått ned med meir enn fem prosentpoeng frå 2021 til 2022.

– Noreg har to skriftspråk, og da må begge bli brukte og vere synlege for folk flest. Dei statlege verksemdene har eit særleg ansvar for å bidra til det, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye