Medietilsynet einaste statleg verksemd som oppfylte språkkrava
For andre år på rad har berre Medietilsynet levert på krava språklova stiller til statlege verksemder om å bruke både nynorsk og bokmål. – For oss er det viktig å følgje opp den statlege språkpolitikken i praksis, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Det er Språkrådet som kontrollerer korleis statlege verksemder oppfyller krava i språklova. Lova krev mellom anna at sentrale statsorgan skal veksle mellom å bruke bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale, som nettsider, rapportar og innhald i sosiale medium. Ingen av dei to skriftspråka bokmål og nynorsk skal vere representerte med mindre enn 25 prosent.
I sin rapport for 2022 har Språkrådet kartlagt 15 departement, 157 statsorgan og Statsministerens kontor. Berre Medietilsynet oppfylte alle krava i lova, i 2022 som året før.
Medietilsynet prioriterer språkarbeidet
Medietilsynet er opptatt av å fylle kravet om minst 25 prosent av kvart skriftspråk, og arbeider bevisst med dette i det daglege.
– Det handlar om å mobilisere heile organisasjonen, frå toppleiarar til medarbeidarar som jobbar med kommunikasjon. Klare mål og jamleg oppfølging er viktig for å få resultat, på dette området som dei fleste andre. Det er eigentleg ikkje noko hokuspokus, seier Velsand.
Rapporten frå Språkrådet viser ei negativ utvikling for fleire statsorgan
Rapporten frå Språkrådet viser ei negativ utvikling for bruk av begge skriftspråk i fleire statsorgan. I ni av dei 157 underliggande statsorgana har nynorskprosenten på nettsidene gått ned med meir enn fem prosentpoeng frå 2021 til 2022.
– Noreg har to skriftspråk, og da må begge bli brukte og vere synlege for folk flest. Dei statlege verksemdene har eit særleg ansvar for å bidra til det, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Nøkkelord
Kontakter
David Brændelanddirektør for kommunikasjon og rådgivning
Tel:+4740454383david.brendeland@medietilsynet.noMari Velsanddirektør i Medietilsynet
Tel:+47 913 28 448mari.velsand@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Forbod mot radio- og tv-reklame 1. juledag23.12.2025 08:55:00 CET | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame torsdag 25. desember. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.
Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon22.12.2025 07:55:00 CET | Pressemelding
Eit ambisiøst prosjekt for å nå unge og eit konkret KI-prosjekt med stor læringsverdi er blant tiltaka som får støtte når Medietilsynet tildeler årets innovasjonstilskott.
Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium18.12.2025 11:20:15 CET | Pressemelding
Lokalradio, lokal-tv, podkast og ikkje-direktesende bildeprogram med sendingar for eit lokalt publikum, kan nå søke Medietilsynet om støtte for 2026. Til saman 24,7 millionar kroner skal fordelast gjennom tilskottsordninga for lokale lyd- og bildemedium i 2026.
Nå kan også digitale medium søke tilskott for journalistikk på samisk17.12.2025 08:25:14 CET | Pressemelding
Den nye tilskottsordninga for samiske nyheits- og aktualitetsmedium opnar for søknader også frå digitale medium. Til nå har ordninga berre vore omfatta av aviser som kjem ut på papir.
TV 2 får gebyr for brot på sponseregelverket12.12.2025 07:51:30 CET | Pressemelding
Medietilsynet gir TV 2 gebyr på 300 000 kroner for brot på sponsereglane under sommarens Tour de France. Sponsorplakatane i sendingane hadde for lang varigheit.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom