Høgskulen i Volda

Nasjonalbiblioteket under lupa i ny bok

Del

Kva driv eigentleg Nasjonalbiblioteket med når dei får digitalisere heile kulturarven vår? Dette og meir granskar professor Henrik G. Bastiansen i ei ny bok etter fem års forsking.

Professor Henrik G. Bastiansen ved Høgskulen i Volda.
– Det er på høg tid at det blir meir offentleg merksemd om kva ringverknader ei altomfattande digitalisering kan ha, meiner professor Henrik G. Bastiansen ved Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

– Det er nesten eit mirakel at det i det heile tatt blei bok til slutt. Eg har hatt ei svært bratt læringskurve og har måtta lære meg mykje nytt og teknisk frå grunnen av, fortel mediehistorikar og professor Henrik G. Bastiansen ved Institutt for kommunikasjon på Høgskulen i Volda (HVO).

Den erfarne forskaren gav ikkje seg sjølv noka enkel oppgåve då han starta forskingsprosjektet «Exploring Digital Media History» i 2018. Han ville forske på overgangen frå analog til digital historie langs fire hovudlinjer: massedigitalisering, historiske kjelder på dataskjermen, digitalhistorie og dessutan bruken av stordata og IT-verktøy i historisk forsking.         

Arbeidet har kulminert i den rykande ferske boka Når fortiden blir digital. Medier, kilder og historie i digitaliseringens tid (Universitetsforlaget, 2023).

– Tematikken er komplisert, men eg har prøvd å formidle stoffet på ein forståeleg måte for alle, spesielt studentar som møter desse fagområda for første gong.

Saknar offentleg debatt om digitalisert kulturarv

I boka set Bastiansen søkjelys på korleis vi tek vare på kulturarven i vår høgteknologiske tid. HVO-forskaren har hatt Nasjonalbibliotekets digitale arkiv som sentral case, men har jobba uavhengig og utan særleg tilgang til interne kjelder.

– Nasjonalbiblioteket har i snart 20 år jobba med mål om å digitalisere alt som har blitt gitt ut i Noreg. Spørsmål er kva det betyr – kva dei gjer når dei digitaliserer kjeldene sine.

Bastiansen saknar ein offentleg debatt om korleis Nasjonalbiblioteket løyser dette oppdraget, og betydninga av arbeidet, ut over det vellukka imaget som «flinkast i klassen».

– Dei er sjølvsagt veldig dyktige, heilt på topp internasjonalt. Men det har lenge mangla eit utanfrå-perspektiv på arbeidet deira. Som institusjon er dei særs opptekne av å byggje eit positivt omdøme på kor flinke dei er, og kor demokratisk viktig digitaliseringa er – og det er jo rett, men det er også det einaste vi høyrer om arbeidet. Sett på spissen: Dei tuklar teknologisk med kulturarven vår utan at nokon stiller spørsmål ved det, meiner forskaren.

Forsking langs fire hovudlinjer

I det omfattande forskingsprosjektet sitt har Bastiansen tidlegare belyst ulike moment ved tematikken gjennom ei mengd vitskaplege artiklar. I den nye boka trekkjer han fram fire hovudemne, som er vigde kvart sitt kapittel.

Første kapittel handlar om massedigitalisering – kva det betyr, teorien bak, kva Nasjonalbiblioteket gjer når dei digitaliserer den offentlege kulturarven til eit heilt land, og korleis dei jobbar med det.

Det andre kapittelet handlar om kva som blir resultatet når alt som nokon gong er offentleggjort i Noreg, blir omgjort til digitale objekt. Er ikkje ei skanna avis (datafil) berre det same som originalen (papir), då? Forskaren forklarer:

– Det er lett å tenkje at dei er identiske fordi dei ser like ut, men prinsipielt er dei to heilt forskjellige objekt – det handlar mellom anna om korleis vi skal oppfatte digitale objekt som historiske kjelder i seg sjølve.

I kapittel 3 tek mediehistorikaren det eitt hakk vidare: Kva blir konsekvensen av digitaliseringa?

– I vid forstand begynner historieforskinga å bli digital. Skal vi då gå heilt over til digital historie som fagfelt, eit felt som har blitt ei stor greie ute i verda i nyare tid? Kva slags fagfelt bli dette? Og kva inneber det om alle humanistiske fag blir digitaliserte?

I siste kapittel ser Bastiansen på bruken av stordata og ulike IT-verktøy i historisk forsking.

– Teknologien opnar for mykje som ikkje har vore mogleg før, men det er viktig å ha med seg at den store tekniske prosesseringa ikkje er nøytral. Og når heile kulturarven er digitalt lagra, kan ein analysere og bruke han til å automatisere fram heilt nye objekt – også sofistikert historieforfalsking.

  • Les meir om forsking ved Høgskulen i Volda her.

Endring av forholdet vårt til fortida

Bastiansen legg vekt på at digitaliseringa av kulturarv generelt, også hos til dømes Arkivverket og andre institusjonar, gjer mykje med korleis vi oppfattar fortida vår.

– Det kjem inn eit sentralt mellomledd mellom forskarane og kjelda der det tidlegare har vore direkte kontakt. No må ein i grunnen vere dataekspert i tillegg til fagekspert. Dette skiftet endrar studiet vårt av fortida, og det kan endre forholdet vårt til fortida, korleis vi oppfattar oss sjølve og vår eigen identitet.

Med boka ønskjer Bastiansen å fortelje om betydninga av denne digitaliseringa til vanlege folk.

– Det IT-tekniske pregar kva vi brukarane får fram. Algoritmane ligg bak som usynleg moderator. Det er lett for folk å tru at «dette er alt, og dette er verkelegheita», men ein må strengt tatt kunne IT for at materialet skal vere reelt demokratisk tilgjengeleg – i verste fall finn ein berre det nokon har stilt inn at ein skal kunne finne.

HVO-forskaren påpeikar at tematikken han har forska på, gjeld mange fagfelt, og han meiner det er på høg tid at det blir meir offentleg merksemd om kva ringverknader ei altomfattande digitalisering kan ha.

– Alle som jobbar med kulturuttrykk som har ei fortid, både innan språkforsking, pressehistorie, kulturhistorie og historiefaget, blir påverka av desse problemstillingane. Heile fagfelta er forandra, og vi må ha ein debatt om korleis vi forheld oss til det, avsluttar Bastiansen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Omslaget til den nye boka til professor Henrik G. Bastiansen ved HVO.
Henrik G. Bastiansens fem år lange forskingsprosjekt har kulminert i den nye boka «Når fortiden blir digital. Medier, kilder og historie i digitaliseringens tid» (Universitetsforlaget, 2023).
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye