For lite energi til å trene?
Kroppen treng energi for å fungere på trening og i kvardagen. Kva skjer med oss når me får for lite energi inn i form av mat?

Kanskje har du følt eit sterkt behov for å kaste deg i sofaen etter enda arbeidsdag fordi kroppen kjennes tappa for energi. Men den halvtimen du hadde trengt for å samle energi til resten av dagen, finst det ikkje tid til i kalenderen.
Du tar deg heller ikkje tid til å lage det næringsrike måltidet kroppen trenger. Men hastar ut med eit eple i handa for å rekke både barnas og din eigen trening.
Kva skjer med kroppen da?
Symptom på låg energitilgjengelegheit
– For lågt inntak av energi sett i forhold til kroppens totale energiforbruk er ein kjent og stor utfordring i idretten. Dette gjeld særleg dei som trenar ofte eller plutseleg meir enn før, seier forskar og klinisk ernæringsfysiolog på NIH, Kristin Lundanes Jonvik.
Om du kjenner at energien ikkje strekk til kan det vere at du har låg energitilgjengelegheit.
Det betyr at du har eit lågare energiinntak enn energiforbruk i timane rundt trening. Det treng ikkje å bety at du er i ein total negativ energibalanse og dermed går ned i vekt. Du kan ha ei stabil vekt og likevel ha redusert energitilgjengelegheit rundt trening.
Miste evna til å konsentrere seg
Kroppen treng energi både til daglege aktivitetar, men også til å fungere som normalt. Viss du et for lite i forhold til det du trenar, vil ikkje kroppen få nok energi til normal funksjon. Dette kan ha negative konsekvensar både for helse og prestasjon.
– Da vil ikkje energien vere der når du faktisk treng den. Som etter ein lang arbeidsdag og du eigentleg vil ut å trene, seier Jonvik.
På kort sikt vil låg tilgang på energi svekke evna di til å konsentrere deg. Du vil også kunne merke at du mistar koordinasjon og styrke og føler deg slapp og sliten.
Du kan også merke at du brukar lengre tid på å hente deg inn igjen etter ei treningsøkt.
På lengre sikt kan låg energitilgjengelegheit ha meir alvorlege konsekvensar for heile kroppen.
Ver obs om du er tett på ungdom
Det kan vere tap av skjelettmasse og muskelmasse, eit svekka immunforsvar, redusert forbrenning og auka risiko for hjarte- og karsjukdom.
Her bør du vere særleg obs du har ungdom i heimen. Sidan dei har ein kropp i vekst og utvikling er dei særleg utsett, og konsekvensane er større.
Lenge har ein sett samanhengen mellom låg energitilgjengelegheit, menstruasjonsforstyrringar og svekka beinhelse hos jenter.
Men også for gutar kan låg energitilgjengelegheit føre til låge testosteronnivå og svekka beinhelse.
– Det er i ungdomsåra ein puttar bein i banken. Det ein tapar av skjelettmasse i ungdommen er det vanskeleg å hente igjen seinare i livet, fortel Jonvik.
Vektreduksjon og auka treningsmengde
Jonvik jobbar også i Sunn idrett som er et satsningsområde i Norges idrettsforbund, der kunnskap om energitilgjengelighet hos ungdom er eit viktig tema. Dei ser spesielt på tre årsakar til at unge utøvarar får i seg for lite energi.
- Bevisst vektreduksjon for å prestere betre
- Forstyrra spiseåtferd
- Auka treningsmengde og ubevisst manglande auka matinntak
Kva kan du gjere for å unngå at du sjølv eller nokon rundt deg ut hamnar i denne «energibalanse-fella»?
Jonvik meiner du bør vere spesielt obs på overgangsfasar i livet.
– Det kan gjelde både deg sjølv og vaksne. Ungdom skal bruke mykje energi på å utvikle kroppen. Plutseleg begynner dei å trene meir, går over frå leik til meir alvor, har meir å gjere på skulen eller flyttar heimanfrå. Da kan det vere lurt å vere obs på teikn og symptom på energitilgjengelegheit, seier Jonvik og nemner overgangen til småbarnslivet som eit eksempel på ein overgangsfase for vaksne.
Vil du lære meir? 1.november arrangerer Sunn idrett sin årlege konferanse.

Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noLenker
Om oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Ny rapport: Halvparten av deltagerne har opplevd krenkelser i barne- og ungdomsidretten3.12.2025 11:38:12 CET | Pressemelding
– Vi bør justere innholdet i trenerutdanningen og ha inn flere tiltak på forebygging av psykiske krenkelser, mener forsker Kari Fasting etter å ha undersøkt omfanget av krenkelser i barne- og ungdomsidretten.
Lansering av rapporten «Krenkende opplevelser i barne- og ungdomsidretten»26.11.2025 12:33:02 CET | Presseinvitasjon
Hvilke krenkende opplevelser opplever barn og ungdom i idretten? En ny rapport gir innsikt knyttet til psykisk og fysisk vold, og seksuell trakassering i barne- og ungdomsidretten.
Jorunn Sundgot-Borgen tildeles Kongens fortjenstmedalje16.10.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
Professor Jorunn Sundgot-Borgen ved Norges idrettshøgskole (NIH) er tildelt Kongens fortjenstmedalje for sitt livslange og banebrytende arbeid innen kvinnehelse, spiseforstyrrelser og idrettsmedisin. Medaljen vil bli overrakt i en høytidelig seremoni mandag 20. oktober.
Frukostseminar: Kva seier forskinga om trening og ernæring for eldre?17.9.2025 07:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Korleis bør eldre over 70 år trene og ete for å bevare ei sterk helse lengst mogleg? På frukostseminaret: "Sterk helse for ein trygg alderdom", får du presentert ny forsking og praktiske anbefalingar.
Nytt NIH-senter for kvinnehelse inviterer til seminar16.9.2025 15:10:00 CEST | Presseinvitasjon
Senter for kvinnehelseforskning i idrett og fysisk aktivitet ved Norges idrettshøgskole (NIH) inviterer til dagsseminar om kvinnehelse og trygg trening. Vi hedrer også professor Kari Bø for sitt viktige arbeid innen kvinnehelse.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom