Høgskulen i Volda

Doktordisputas: Eli-Karin Sjåstad Åsebø

Del

Fredag 6. oktober skal Eli-Karin Sjåstad Åsebø forsvare doktorgradsavhandlinga si i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.

Eli-Karin Sjåstad Åsebø.
Eli-Karin Sjåstad Åsebø. Foto: Høgskulen i Volda / Vilde Moltudal Igland.

Eli-Karin Sjåstad Åsebø er høgskulelektor ved Institutt for idrett og friluftsliv i Avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda.

I Volda fredag 6. oktober forsvarer ho avhandlinga si for ph.d. i helse- og sosialfag. Avhandlinga har tittelen Exploring Contextual Stressors and Coping Strategies in Physical Education. A Case Study Approach.

Disputasen er avsluttande del av doktorgradsstudiet «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling», gitt av Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.

Om avhandlinga

Avhandlinga utforskar korleis ungdomsskuleelevar opplever kroppsøvingsfaget, med særskild vekt på korleis elevane oppfattar stressande faktorar og bruker strategiar for stressmeistring.

Tre vitskaplege artiklar undersøkjer om elevane opplever stress i kroppsøving, kva som eventuelt stressar dei, og kva strategiar dei nyttar for å handtere stress. Avhandlinga viser at fleirtalet trivst i kroppsøvingstimane, og at dei fleste aldri eller sjeldan opplever stress i faget. Nokre elevar opplever kroppsøving som mindre stressande enn andre fag, og nokre opplever det som stressreduserande, medan andre handterer stressande situasjonar lettare etter kroppsøvingstimane. Likevel har enkelte elevar ofte eller av og til negative opplevingar eller kjensler i kroppsøving.

Elevane sine oppfatningar er avhengige av situasjonen, innhaldet i timane, forholdet og oppførselen til medelevar og læraren, tidlegare erfaringar og personlege vurderingar av ulike stressfaktorar. Avhandlinga løftar fram ei rekkje ulike stressfaktorar og belyser både likskapar og forskjellar mellom elevar med ulike føresetnader, erfaringar og kjønn. Jenter ser ut til å vere meir følsame for stressfaktorar enn gutar, spesielt i det å vere synleg, møte utfordrande oppgåver og ha låg meistringstru.

Funna framhevar betydninga av gode sosiale relasjonar og av å skape positive, trygge læringsmiljø i kroppsøvingstimane.

Bakgrunn

Inspirasjonen til avhandlinga kjem frå Sjåstad Åsebøs erfaringar som kroppsøvingslærar og lærarutdannar i møte med barn og unge som opplever negative erfaringar, utfordringar og barrierar i kroppsøving.

Ho ønskte å forstå korleis ulike elevar opplever kroppsøvingsfaget, om dei opplever stress, og kva dei eventuelt gjer for å handtere stressande situasjonar i faget.

Vidare ville ho forstå korleis ein som lærar kan førebyggje stressande situasjonar og leggje til rette for at fleire elevar opplever meistring og rørsleglede i kroppsøving, slik at faget legg grunnlaget for ein fysisk aktiv kvardag for alle.

Kva betydning kan forskinga få?

Skulen blir sett på som ein viktig arena for helsefremjande arbeid og grunnlaget for ei berekraftig samfunnsutvikling. Skulen generelt, og kroppsøving spesielt, har blitt framheva som ein sentral arena for arbeid med livsmeistring og helse. Det er behov for meir forsking og kunnskap som identifiserer dei spesielle forholda ved skulen og identifiserer kva det er med skulesituasjonen som skaper stress, kjønnsforskjellane i årsak og oppleving av stress, korleis elevar taklar stress frå deira perspektiv, og kva samfunnet kan gjere for å redusere stress blant unge menneske. I timetal er kroppsøving det tredje største faget på barne- og ungdomsskulen, og det er eit av to fag som er gjennomgåande i 13 års skulegang. Avhandlinga bidreg med kunnskap om korleis elevar på ungdomstrinnet erfarer kroppsøvingsfaget, med særleg vekt på stress og strategiar for stressmeistring.

Om doktoranden

Eli-Karin Sjåstad Åsebø (44) har hovudfag i kroppsøvings- og idrettspedagogikk frå Noregs idrettshøgskole (2005). Åsebø har også praktisk-pedagogisk utdanning (2002) og mellomfag (2001) frå Noregs idrettshøgskole, årseining i kroppsøving (2000) og grunnfag i tysk (1999) frå Høgskulen i Volda og har tidlegare jobba som kroppsøvingslærar. Åsebø er i dag fast tilsett som høgskulelektor ved Institutt for idrett og friluftsliv i Avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye