OPPDATERT KLOKKA 1400: Fri ferdsel på E16 Nærøydalen delar av døgnet

Oppdatert klokka 14.00 onsdag 13. september:
– Frå i kveld klokka 20.00 til torsdag morgon klokka 07.00 vert det fri ferdsel. Deretter blir det trafikkdirigering med følgjebil medan vi ryddar vidare fram til klokka 15.00 torsdag. Deretter blir det fri ferdsel fram til fredag klokka 07.00. Og slik blir det fram til vi er ferdige med å rydda etter skredet, seier byggeleiar Gaute Sekse i Statens vegvesen.
Bakgrunn:
Det var måndag ettermiddag at eit stort skred stengde vegbanen på E16 ved Hylland.
Oppryddinga pågjekk gjennom tysdagen.
Tek atterhald om skadar
– Vi sa då at ny vurdering om opning skulle koma i ettermiddag. No er vi glade for å kunna melda at oppryddinga er komen så langt at me kan opna eitt køyrefelt alt frå klokka 12.00 i dag, seier byggeleiar Gaute Sekse i Statens vegvesen.
Som understrekar at sjølv om eitt køyrefelt no vert opna, så tek Vegvesenet atterhald om at det kan vera skadar på vegbanen som framleis ikkje er oppdaga.
Det vil bli trafikkdirigering forbi skredstaden, og Sekse understrekar kor viktig det er at alle trafikanter fylgjer denne.
– Ikkje ha det travelt, vér med og ta ansvar for tryggleiken
– Som vegeigar er vi sjølvsagt glade for å kunna opna eitt felt på aust/vest-sambandet E16 alt no, tidlegare enn først førespegla. Som ansvarleg vegeigar er det også viktig å understreka at dette skjer etter grundige vurderingar, i samråd med geolog, om at det er trygt, legg Sekse til.
– For at tryggleiken framleis skal verta vareteken, er det viktig at alle trafikanter køyrer trygt og trafikksikkert og held sin plass i køen. Ikkje ha det travelt. Det er viktigare å koma trygt fram enn fort fram, avsluttar han.
Det er mogleg med omkøyring via riksveg 13 Vikafjellet, og Norled har sett opp ekstra ferjeavgangar på natt frå Vangsnes til Hella klokka 02.00, 03.00 og 04.00, og frå Hella til Vangsnes klokka 02.30, 03.30 og 04.30.
Andre omkøyringsmoglegheiter mellom Austlandet og Vestlandet er via riksveg 7 Hardangervidda eller E134 Haukelifjell.
Følg med på 175.no for oppdatert trafikkinformasjon frå Vegtrafikksentralen.
Nøkkelord
Kontakter
Gaute SekseByggjeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:90733356gaute.sekse@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Fortsetter å luke ut trafikkfarlige kjøretøy9.7.2025 09:52:48 CEST | Pressemelding
- Tilstanden på kjøretøyene som ferdes på veien blir stadig bedre, men kontrollene våre viser at vi fremdeles har en jobb å gjøre for at trafikantene skal være så trygge som mulig.
Mjøsbrua på E6 vil være nattestengt fram til 18. juli8.7.2025 14:48:51 CEST | Pressemelding
Arbeidet i Moelvtunnelen på E6 i Innlandet er forsinket. Dermed vil tunnelen og også Mjøsbrua være nattestengt en ekstra uke.
Parkeringskaos: Innfører strengere regler i Lofoten og på Stegastein4.7.2025 12:20:27 CEST | Pressemelding
Fra midten av juli tester Statens vegvesen ved Nasjonale turistveger om strengere parkeringsregler kan løse flokene med camping og parkering i Lofoten og på Stegastein på Aurlandsfjellet.
Må asfaltere E16 Dysterud–Sandnesmoen også på søndag3.7.2025 13:41:21 CEST | Pressemelding
Asfalteringen på E16 i Sør-Odal er godt i gang, men været har gjort at det også blir asfaltering førstkommende søndag.
Bruk sommeren til å øvelseskjøre3.7.2025 09:06:48 CEST | Pressemelding
Øvelseskjøring gir bedre sjåfører og fører til at flere består teoriprøven og oppkjøring første gang de prøver.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom