Trafikktal i august – fleire reiser utanlands
4,6 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i august. Dette er 3 prosent fleire enn i august i fjor, men 6 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

-August er prega av god auke i etterspørselen etter utanlandsreiser, sett mot august i fjor. Reiselysta har for utenlandsreisar har hatt en god utvikling gjennom året, mens innlandsmarknaden har utvikla seg svakare, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise
-Sjølv om marknaden veks samanlikna med fjoråret, er vi framleis eit godt stykke bak nivåa vi såg i 2019. Det økonomiske og geo-politiske verdsbiletet har ein effekt på trafikktala, og utviklinga framover er venta å være prega av dette. I vår siste prognose vurderer vi at vi først vil sjå 2019-nivåer i 2027-28, mot tidlegare venta kring 2024-25.
-Her vil det være store skilnader mellom ulike marknader og flyselskap. Det er og knyta stor usikkerheit til prognosane da endra forutsetningar, som renta og krigen i Ukraina, kan gje store utslag, seier Riise
Passasjertal
2 505 509 passasjerar reiste innanlands i august. Dette er 2 prosent færre enn i august 2022 og 5 prosent færre enn i august 2019.
Trafikken utanlands, med 2 089 452 passasjerar, har auka med 8 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8 prosent lågare enn i august 2019.
-Våre undersøkingar viser også at tilreisande turistar til Noreg frå utlandet har vore ein viktig drivar for utviklinga både for innland- og utlandstrafikk i sommar. Dette er gledeleg for det store antallet bedrifter og tilsette som er avhengige av nettopp denne kundegruppa, seier Riise.
Flyrørsler
Det var 66 288 kommersielle flyrørsler i august. Dette er 3 prosent færre enn i august i fjor. Om ein samanliknar med august i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 5 prosent.
Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 10 prosent bak 2019.
Talet på flyrørsler så langt i år er 7 prosent bak 2019. Sjå alle tal i vedlegget 08.2023.
Framleis auke i flyging med dronar
I august vart 1814 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 164 prosent samanlikna med august i 2022 seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.
-Så langt i år er auken 115 prosent sett mot fjoråret. Dette er høge tal, med tanke på det dårlege været som prega landet i starten av månaden.
-Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Hittil i år har Avinor registrert meir enn 1000 ulovlege flygingar i forbodsområda rundt lufthamnene. Vi oppmodar alle til å setje seg inn i reglane før dei flyr. På www.avinor.no/droner kjem dei tydeleg fram, seier Knutsen.
Nøkkelord
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Dokumenter
Lenker
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Auke i hausttrafikken – utanlandsreiser skil seg ut13.10.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Talet på reisande held fram å auke også i september, med ein auke på to prosent samanlikna med same periode i 2024. Auken kjem av reiselystne nordmenn, men òg av at fleire frå utlandet har fått augo opp for Noreg som feriedestinasjon.
Fakta om dronedeteksjon ved Avinors lufthavner12.10.2025 20:00:00 CEST | Aktuelt
De siste ukene har Avinor fått mye oppmerksomhet etter at norsk luftfart ved flere anledninger har vært preget av mulige droneobservasjoner.
LYGG åpner ny direkte rute mellom Stavanger og Esbjerg7.10.2025 09:08:21 CEST | Pressemelding
Lanseres i februar 2026 – skal styrke forbindelsen mellom energiregionene i Nordsjøen LYGG lanserer i februar 2026 en ny direkte flyrute mellom Stavanger og Esbjerg. Målet er å gjøre reisehverdagen enklere for selskaper og ansatte som jobber på tvers av Nordsjøen. Den nye ruten er utviklet i tett dialog med industrien for å tilpasses både mannskapsrotasjoner og forretningsreisendes behov.
Tips og råd til høstferieutfarten1.10.2025 14:55:29 CEST | Pressemelding
Den neste uka tar mange i Trøndelag høstferie, og reisetrenden er klar. Innenriksreiser og turer ut i Europa står på topplisten.
Tips og råd til høstferieutfarten1.10.2025 14:35:12 CEST | Pressemelding
Den neste uka tar mange i Rogaland høstferie, og reisetrenden er klar. Innenriksreiser og sydentur står på topplisten.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom