Felles løft for psykisk helsevern
Ni tiltak og fire miniprosjekt skal no i gang i sjukehusa på Vestlandet, for å styrkje den faglege kapasiteten i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
No ligg det nytt kunnskapsgrunnlag klart, som skal betre arbeidet med å møte utfordringar, bidra til å løfte arbeidskvardagen til medarbeidarar, og møte pasientane på ein enda betre måte enn vi gjer i dag. Rapporten Berekraftig utvikling av kompetanse og kapasitet i psykisk helsevern og TSB er eit utgangspunkt for å jobbe vidare med områda som er under hardast press, for å sikre og utvikle den faglege kapasiteten på Vestlandet.
– Dette har vore ein krevjande prosess for alle som har vore involverte, men det har vore eit utruleg godt engasjement og stor medverknad frå mange hald, seier direktør Hilde Brit Christiansen for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.
Ho understrekar at tiltaka som skal i gang ikkje er nokon «kvikkfiks» av ei stor og omfattande utfordring.
– Det er no dei store oppgåvene skal løysast. Vi er einige om kva som må til, kva vi skal gjere i fellesskap, og kva helseføretaka skal sørgje for at blir gjennomført lokalt. Vi er einige i dette felles grunnlaget, og det er avgjerande.
Betre innsikt
Prosjektet har hatt som mål å gi føretaksleiinga, leiarar og medarbeidarar betre innsikt i kva faktorar som kan bidra til å skape berekraftige fagmiljø. Målet er å behalde dei medarbeidarane som allereie arbeider på området, legge til rette for utvikling, få ned turnoveren, rekruttere nye medarbeidarar og sørgje for gode og sterke fagmiljø, også framover.
I rapporten kjem det blant anna fram at medarbeidarar opplever at arbeidsbyrda har auka og at det stadig er mindre tid til å følgje opp kvar enkelt pasient. Det blir også meldt om krav til auka aktivitet for å redusere ventelister med mål om å sørgje for at pasientar raskare får tilgang til utgreiing og behandling, utan at det er tilsvarande tilføring av fagleg kapasitet. Medarbeidarar rapporterer vidare at høgt arbeidspress er den fremste grunnen til at dei forlèt tenestene, eller søkjer seg til einingar der dei er meir skjerma frå dette presset.
- Det er store utfordringar her som må løysast, og dette skal vi klare saman med dei gode fagfolka og leiarane i sjukehusa. Rapporten dannar eit godt grunnlag for det vidare arbeidet som skal gjerast, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF.
Ta grep
I 2022 var det totalt 1574 spesialistar, og legar og psykologar i spesialisering knytt til PHV og TSB i Helse Vest. Helseføretaka har konstatert at det er utfordrande å behalde og rekruttere tilstrekkeleg spesialistkompetanse for å halde oppe eit behandlingstilbod med gode stabile fagmiljø og god kvalitet. Spesialistane har det overordna faglege ansvaret for utgreiing og behandling av pasientar i helseføretaka, og robuste fagmiljø er ein grunnleggjande føresetnad for gode tenester og pasienttryggleik. Det har vore vedvarande høg ekstern turnover for spesialistar, som ved fleire einingar har utfordra fagleg stabilitet.
For å møte utfordringane og framleis sikre eit tenestetilbod av høg kvalitet er det nødvendig å ta grep på fleire område. Rapporten slår fast at det viktigaste tiltaket på kort sikt vil vere å behalde, utvikle og rekruttere fagleg spesialistkapasitet. I tillegg må helseføretaka gjennomføre fleire kortsiktige målretta tiltak, som prosjektet har identifisert gjennom fem miniprosjekt:
- Rekruttere fleire psykologistudentar
- Gi god introduksjon til nye medarbeidarar
- Behalde og utvikle medarbeidarar
- Innføre metodebok
- LiS 1 i tredelt turnus
Prosjektet har også foreslått konkrete tiltak som på lang sikt vil bidra til ei berekraftig utvikling av spesialisthelsetenester innan PHV og TSB. Blant desse er betre samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunar og fastlegar, og forenkle koding og registrering og unngå unødvendig rapportering.
Rapporten slår fast at dersom tiltaka som er foreslått for ei langsiktig berekraftig utvikling blir gjennomførte, samtidig som helseføretaka beheld og rekrutterer den tilgjengelege faglege kompetansen, vil føretaksgruppa Helse Vest vere i stand til å dekkje det framtidige behovet for helsetenester innan psykisk helsevern og TSB i regionen.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noHilde Brit ChristiansenDirektør for medarbeider, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.
Tel:41533809hilde.christiansen@helse-vest.noBilder


Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
Styrka samarbeid bidrar til kortare ventetider26.2.2025 09:39:11 CET | Pressemelding
Helse Vest har styrkt samarbeidet med avtalespesialistar innan øyre, nase, hals og auge for å redusere ventetidene. No blir dette arbeidet utvida til fleire fagområde.
Auka bruk av digitale helsetenester bidrar til å ta ned ventetidene19.2.2025 08:48:56 CET | Pressemelding
Eit tiltak for å få ned ventetidene er å auka bruken av digitale heilsetenestar. Det ser ut til å gje gode resultat.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom