Statens vegvesen

Flyttar og utbetrar dette E39-krysset for å betre sikta

Del
Statens vegvesen flyttar dette E39-krysset mellom Sande og Førde for å betre sikta for påkøyrande og redusera talet ulukker.
Dagens kryss. Bilete frå Google maps street view
Dagens kryss. Bilete frå Google maps street view

Midlar til dette trafikksikringsprosjektet (TS) har vi fått gjennom revidert nasjonalbudsjett, og vi får gjort jobben ferdig før jul, seier prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen.

Bygger heilt ny tilkomstveg

Ved å flytta dette ulukkesutsette krysset snaue 100 meter sørover i retning Sande betrar vi sikta for påkøyrande frå den kommunale Alvervegen i Sunnfjord kommune.

Statens vegvesen bygger 230 meter heilt ny tilkomstveg til nytt kryss for å betra trafikktryggleiken i området. Avtalar med grunneigarar og Sunnfjord kommune er på plass. Oppdraget har tilbodsfrist 13. september, jobben startar så snart som mogleg etterpå og skal vera ferdig til jul.

Rett i kjernen av drift og vedlikehald

Dette TS-prosjektet går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.

– Dette er eit av mange prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Det å bygge eit nytt kryss som betrar sikta, til erstatning for eit uoversiktleg, ulykkesutsett kryss er ein del av dette.

Det går dagleg mellom om lag 3.500 køyretøy forbi dette krysset. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 15 prosent, eller 525, lange køyretøy (tungtrafikk).

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Dagens kryss. Bilete frå Google maps street view
Dagens kryss. Bilete frå Google maps street view
Last ned bilde
Sør for eksisterande busslomme kjem det nye krysset. Bilete frå Google maps street view
Sør for eksisterande busslomme kjem det nye krysset. Bilete frå Google maps street view
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye