Kystverket startar utdjuping av Mortingbåen i sommar
I august startar det anleggsaktivitet på Mortingbåen utanfor Florø i Vestland fylke. På oppdrag frå Kystverket skal då Wasa Dredging gjere farleia djupare og breiare. Arbeidet på Mortingbåen skal vere ferdig i løpet av året.

– Det er viktig at alle sjøfarande er obs på at det blir anleggsarbeid i farleia på Mortingbåen utanfor Florø i Kinn kommune, frå august og utover hausten, understrekar prosjektleiar John André Vegge i Kystverket.
Det vil under utdjupingsoperasjonen vere begrensa plass for passering aust av Mortingbåen. Kystverket ber sjøfarande vise forsiktigheit og omsyn til dette. Farleia vil bli merka med midlertidig merking som vil snevre inn seglingsbreidda alt etter kvar entreprenøren arbeider. Den midlertidige merkinga blir sett opp allereie i midten av juli.
I Revidert nasjonalbudsjett for 2023 var utdjupinga av Mortingbåen eit av farvassprosjekta som blei prioritert med oppstart i 2023.
Mortingbåen – ein flaskehals
Området ved Mortingbåen er prega av fleire grunne områder og eit komplisert trafikkbilete med kryssande trafikk. Det er vurdert å vere høg risiko for grunnstøytingar ved Mortingbåen, og den utgjer ein flaskehals for større fartøy som segler innaskjers. Seglingsbreidda som er der i dag gjer at større fartøy er nøydd til å segle utanskjers med større seglingsdistanser og dårlegare vêr.
– For å auke framkoma inn til Florø , og redusere risikoen for grunnstøytingar og kollisjonar med potensielle tap av liv, personskadar, materielle skadar og miljøskadar, skal vi derfor utdjupe Mortingbåen samt fire omkringliggande grunner i hovudleia, til 14,3 meters djupne, forklarar prosjektleiar Vegge.
Utdjupinga omfattar sprenging av 141 000 kubikkmeter faste steinmassar. Desse overskotsmassane blir lagt i to ulike deponi, Panorama Florø og Fjord Base, der dei kjem til nytte i samband med lokal næringsutbygging.
Hamnespy
Det er som kjent i seinare tid blitt påvist havnespy i distriktet rundt utdjupinga. Det vart derfor sett i verk undersøkingar for å kartlegge i kva grad dette råkar utdjupingsprosjektet.
Mellom anna har ein nyleg filma alle grunnene der det er planlagt utdjuping samt dei to deponiområda. Undersøkingane av utdjupingsområdane viste ingen teikn til hamnespy, men for eitt av dei to deponiområda vart det funne mindre, spredte førekomstar.
– I samråd med Statsforvaltaren i Vestland og Havforskningsinstituttet vart det antatt at desse førekomstane ikkje utgjer hovudkjelda til spreiinga av hamnespy i området. På bakgrunn av dette blei det konkludert med at deponeringa av steinmassane skal gjerast i ei slik rekkjefølgje at det vert danna ein «skjermingsvoll» før vidare utdjuping. På den måten kan deponeringa av stein i prosjektet fungere som eit tiltak mot spreiing, der tildekkinga av koloniane av hamnespy vert dekt til med mange meter sprengstein og dermed fjerna som spreiingskoloni, fortel Vegge.
For det resterande anleggsarbeidet er det i tillegg til aktsemdplikta og dei kjente spreiingsreduserande tiltaka frå Sjøfartsdirektoratet, også sett ytterlegare krav til utførande entreprenør for å hindre spreiing av havnespy.
Kontakter
Assisterande prosjektleiar Magnus Rørvik
907 30 674 / magnus.rorvik@kystverket.no
Bilder
Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Ny runde med tilskudd til kommunale fiskerihavnetiltak – søknadsfrist 1. mars 20269.12.2025 13:02:05 CET | Pressemelding
Kystverket lyser nå ut en ny runde med statlig tilskudd til kommunale fiskerihavnetiltak. Ordningen skal bidra til å styrke og utvikle infrastrukturen i fiskerihavner langs hele kysten. Søknadsfristen er 1. mars 2026.
Testar nye sjømerke langs kysten2.12.2025 08:05:00 CET | Pressemelding
Nye, norskutvikla sjømerke vert no sett ut på utvalde stadar frå Kragerø til Sørvær. Med sterkare lys og smartare design skal dei nye «trafikkskilta til sjøs» testast i nokre av dei tøffaste forholda langs kysten.
Ny utlysning av havneprosjektet i Kjøllefjord27.11.2025 12:23:43 CET | Pressemelding
Kystverket lyser nå ut entreprisen i prosjektet Kjøllefjord fiskerihavn på nytt, etter at den første konkurransen ble avlyst i juli med bakgrunn i at anbudene lå vesentlig over kostnadsrammen.
Norge vertskap for "Øvelse skyggeflåte"12.11.2025 09:08:59 CET | Pressemelding
Denne uken møttes representanter for flere europeiske land til kriseøvelse i Norge. Scenarioet var en skipsulykke med et stort, sanksjonert tankskip. Eierskapet til skipet var uklart, og det samme var forsikringsstatusen.
Lys i riktig retning – IALA-omleggingen av sjømerking langs norskekysten er fullført11.11.2025 15:21:46 CET | Pressemelding
Etter sju år med systematisk arbeid fullførte Kystverket i dag, 11. november, en av de største moderniseringene av norsk navigasjonsinfrastruktur. Nærmere 1800 fyrlykter langs kysten er nå lagt om i tråd med de internasjonale IALA-retningslinjene for sjømerking.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

