Kystverket

Testar nye sjømerke langs kysten

Del

Nye, norskutvikla sjømerke vert no sett ut på utvalde stadar frå Kragerø til Sørvær. Med sterkare lys og smartare design skal dei nye «trafikkskilta til sjøs» testast i nokre av dei tøffaste forholda langs kysten.

Ni nye sjømerker blir no sett ut på ulike stader langs kysten for testing gjennom vinteren. Foto: Lill Haugen / Kystverket
Ni nye sjømerker blir no sett ut på ulike stader langs kysten for testing gjennom vinteren. Foto: Lill Haugen / Kystverket

Nye sjømerke ute på prøve: Etter månader og år med utvikling, testing og samarbeid på tvers av mange fagmiljø, er Kystverket sine nye sjømerke no ferdig innreidde og klare for utplassering.

Det er Kystverket sjølv som har utvikla den nye typen sjømerke av typen HIB, som både gir sterkare lys, tåler meir ver og er lettare halde ved like. No vert dei ni første eksemplara sett ut på ulike stader langs kysten, frå Kragerø i sør til Sørvær i nord. Målet er å få teste sjømerka gjennom vintermånadene, for å gjere eventuelle forbetringar.

Sjømerke i stadig utvikling

Noreg har ein krevjande og variert kyst, og Kystverket jobbar difor kontinuerleg med å utvikle og forbetre både teknologi og design på sjømerka. Fleire nordiske land nyttar i dag sjømerke som opphavleg er utvikla i Noreg.

– Med over 22 000 sjømerke er Noreg blant landa med flest sjømerke i verda. Den lange og utfordrande kysten vår gjer god sjømerking svært viktig for navigasjon og trygg ferdsel til sjøs, seier Roger Holgersen, seksjonssjef i prosjektseksjonen.

Ein ny generasjon sjømerke

Ein viktig del av innovasjonsarbeidet er tett involvering av mannskapa på eigne fartøy og vedlikehaldslag, som er dei som best kjenner utfordringane i ute i felt.

– Eit viktig mål er å gjere vedlikehaldet av sjømerka enklare, meir effektivt og tryggare for dei som jobbar med dette til dagleg. Men det aller viktigaste er sjølvsagt sjøsikkerheita – at desse viktige navigasjonsinstallasjonane blir godt synlege og mest mogeleg driftssikre for dei som brukar sjøvegen, seier avdelingsleiar Trond Røren i avdeling for rederi, fyr og sjømerking.

Sterkare lys – og mindre fugleskit

Denne gongen er det hurtigbåtmerke (HIB – lanterne med indirekte belysning) som både har fått oppgradert design og ny teknologi.

– Prototypen inkluderer justeringar som plassering av batteri nedst, slik at mannskapet slepp å klatre i toppen. Den har også sterkare lys, større solcellepanel og eit design som gjer det vanskeleg for fugl å lande. Det siste kan høyrast trivielt ut, men fugleskitt, særleg frå skarv, kan redusere funksjonaliteten til sjømerket og utgjere ein helserisiko for mannskapa våre, seier senioringeniør Per Erik Ose i prosjektseksjonen.

I vinter skal Kystverket teste om dei nye sjømerka faktisk taklar det dei er utvikla for.
– Alle prototypane har fått rystingsmålarar for å avsløre eventuelle svakheiter i konstruksjonen, og vi skal sjå om montering, inspeksjon og vedlikehald kan gjerast trygt i praksis. Nokre av merka står på stader der dei tidlegare fekk straum frå sjøkabel, så her testar vi òg om solenergien gir sterkt nok lys for brukarane, forklarar seksjonssjef Holgersen.

Dersom alt fungerer som det skal, blir prototypen finjustert etter erfaringar frå vinteren, før Kystverket lyser ut kontrakt for produksjon. Målet er at den nye typen HIB skal bli standard frå 2027 og gradvis erstatte dagens merker.

Her vil du finne dei nye sjømerka:

  • Søraustlandet
    Knubbhausen (Innsegling Kragerø - ca uke 51)
    Svartskjær (Innsegling Farsund - over nyttår)

  • Vestlandet
    Store Bleikja (Innsegling Langevåg, Bømlo)
    Lamholmflu (Seilingsleid Feøy – Haugesund - uke 49)

  • Nordvestlandet
    Korsfluda (Innsegling Ålesund - ferdig)
    Eltraneset (Innsegling Ålesund - ferdig) 
  • Nordland
    Bergholmen (2 stk, innsegling Træna - uke 49)

  • Finnmark
    Skarvskjæret (Innsegling Sørvær - uke 49)

Sjå filmsnutt fra motering i Ålesund her: https://youtu.be/kM3dWD8wvgM

For mer informasjon om prosjektet, kontakt: 

Roger Holgersen, Seksjonssjef i Kystverkets avdeling for rederi, fyr og sjømerking
roger.holgersen@kystverket.no
+4748012362


Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ni nye sjømerker blir no sett ut på ulike stader langs kysten for testing gjennom vinteren. Foto: Lill Haugen / Kystverket
Ni nye sjømerker blir no sett ut på ulike stader langs kysten for testing gjennom vinteren. Foto: Lill Haugen / Kystverket
Last ned bilde
Montering av den ny typen HIB ved innseglinga til Ålesund tidlegare i haust. Foto: Lill Haugen / Kystverket
Montering av den ny typen HIB ved innseglinga til Ålesund tidlegare i haust. Foto: Lill Haugen / Kystverket
Last ned bilde
Nytt sjømerke er montert ved innseglinga til Ålesund. Foto: Magne Jan Dyb / Kystverket
Nytt sjømerke er montert ved innseglinga til Ålesund. Foto: Magne Jan Dyb / Kystverket
Last ned bilde
Den gamle typen til venstre, og den nye prototypen til høgre. Foto: Per Erik Ose / Kystverket
Den gamle typen til venstre, og den nye prototypen til høgre. Foto: Per Erik Ose / Kystverket
Last ned bilde
Ni nye sjømerker på lageret hos Kystverket, klare for utsetting langs kysten. Foto: Per Erik Ose / Kystverket
Ni nye sjømerker på lageret hos Kystverket, klare for utsetting langs kysten. Foto: Per Erik Ose / Kystverket
Last ned bilde
Montering av det nye sjømerket, av typen HIB (lanterne med indirekte belysning) som både har fått oppgradert design og ny teknologi. Foto: Magne Jan Dyb / Kystverket
Montering av det nye sjømerket, av typen HIB (lanterne med indirekte belysning) som både har fått oppgradert design og ny teknologi. Foto: Magne Jan Dyb / Kystverket
Last ned bilde

Om Kystverket

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Følg pressemeldinger fra Kystverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kystverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye