Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Meir kraft og betre vassdragsmiljø i Bjoreio

Del

På grunn av kraftverkets miljøpåverknad vart Tveitafoss kraftverk innkalla til konsesjonshandsaming i 2019. NVE har etter omfattande vurderingar konkludert med at ei dobling i kraftproduksjon også er til beste for miljøhøva i Bjoreio.

Bjørn Lytskjold/NVE NVE

Tveitafoss kraftverk er eit eldre og konsesjonslaust kraftverk, som ligg øvst på den strekninga som laks og sjøaure nyttar i Bjoreio. I lengre tid er det jobba aktivt for å betre høva for laks og sjøaure i Bjoreio, med blant anna auka minstevassføring i elva på vinteren for å sikre rogna. Men drifta til Tveitafoss har i periodar skapt utfordringar for fisken, spesielt på vinterstid. NVE har difor kalla kraftverket inn til konsesjonsbehandling.

I sin konsesjonssøknad skisserte Hardanger Energi to alternativ for framleis drift av kraftverket; det eine som i dag, det andre med ei dobling av kraftproduksjonen.

– Utan nye, større inngrep kan vi her få ei auke i produksjon av fornybar energi frå 10 GWh til 23 GWh. Samstundes vil dei avbøtande tiltaka sikre miljøhøva for fisken i vassdraget på ein heilt anna måte enn tidlegare, seier seksjonssjef for vassdragskonsesjonar Carsten Jensen.

Viktig for å nå miljømåla for Bjoreio

Auka utnytting av vatnet vil i periodar gje mindre vatn i sjølve Tveitafossen. Samstundes vil den no aldri gå tørr, sidan NVE pålegg ei minstevassføring i Bjoreio forbi kraftverket. I tillegg vil det være krav om jamn drift og ein ny og større omløpsventil som skal hindre brå endringar i vassføring nedanfor kraftverket. Samla er dette dei viktigaste avbøtande tiltaka som skal sikre betra forhald for laks og sjøaure i Bjoreio.

Vassforvaltningsplanen for Vestland seier at Bjoreio skal ha betre miljøtilstand innan 2027. NVE meiner at konsesjonen til Hardanger Energi, saman med den pågåande vilkårsrevisjonen for Statkraft sine anlegg i Eidfjord Nord, er viktige steg i retning av å nå desse måla. Les meir om saka her.

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye