Utlysing av forskingsmidlar i Helse Vest for 2024
Helse Vest lyser ut midlar til nye, fleirårige forskingsprosjekt for 2024. Søknadsfrist er 15. september 2023. Midlane er lyste ut i open konkurranse og prosjekta skal vere relevante og til nytte for spesialisthelsetenesta.

- Forskingsmidlane til Helse Vest skal vere med på å støtte og sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Vi er den nest største helseregionen, også når det gjeld forsking, seier Renate Grüner, forskingsdirektør i Helse Vest. - Det skjer mykje god og viktig forsking i sjukehusa. Midlane vi deler ut skal vere eit insentiv til meir forsking av god kvalitet, og å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.
Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2024 - Helse Vest RHF (helse-vest.no)
Alle fagfelt like viktige
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon avgjer tildelinga av forskingsmidlane. Dei oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.
Å auke brukarmedverknad i forsking er eit klart oppdrag til helseregionen frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeidsorganet legg også vekt på at prosjekta viser til brukarmedverknad i forskinga.
- Alle fagfelt er like viktige, så lengje søknadane viser kvalitet og er relevante for tenesta. Målet er å sikre forsking og oppbygging av forskingskompetanse i føretaka, og auke produktiviteten, nytta og kvaliteten på forskinga, forklarar Grüner. - Naturleg nok kjem det flest søknader frå dei store fagområda som kreft og hjerne- og nervesystem, men også psykisk helse og hjarte/kar har fått stor finansiering i tidlegare år, i tillegg til andre.
Oppmodinga er: Søk!
Forskingsdirektøren har ei klar oppmoding: - Søk! Utan å søkje får ein ikkje midlar. Bruk gjerne kollegaer og andre til å gi kritiske tilbakemeldingar til søknaden. Og byrj gjerne i tide med søknaden. Det er lett å rote med vedlegg og formalitetar om alt skal skje siste dagen. Det er kjedeleg å bruke mykje tid på å skrive ein søknad som ikkje blir vurdert på grunn av formelle feil.
Forskingsmidlar i Helse Vest
Helse Vest legg til rette for forsking mellom anna gjennom utlysing av midlar. Brorparten av midlane regionen har til rådvelde held fram med å vere konkurranseutsett. I tillegg organiserer ein strategiske utlysingar ved høve. Dette har bidrege til å løfte forskingssvake område eller kompetanseløft innan utvalde område. Dei regionale helseføretaka er også alle del av KlinBeForsk-utlysingane, som er eit nasjonalt verkemiddel for forskingsfinansiering i spesialisthelsetenesta.
For tida arbeider Helse Vest med å utvikle ein ny strategi for forsking og innovasjon som vil vere gjeldande frå 2024. Denne vil gi retning for forskinga framover.
I 2023 fekk 57 søknadar midlar. I tillegg fekk 160 stipendiatar og prosjekt vidareført finansieringa si. Vel 182 millionar kroner gjekk til å finansiere nye og vidareførte prosjekt og stipend.
Meir om forsking i Helse Vest:
Forsking - Helse Vest RHF (helse-vest.no)
Forskning-og-innovasjon-til-pasientens-beste-2022.pdf (helse-vest.no)
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noLenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
Trusselvurdering 2025: Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta6.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag blir trusselvurderinga for spesialisthelsetenesta publisert. Trusselvurderinga belyser truslar knytt til utpressing, løysepengevirus, cyberspionasje, destruktive cyberangrep og sabotasje som kan ramme sjukehusa.
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom