Nytt kunnskapsgrunnlag for landskap i Oppland
KULA skal vere eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for kommunar og andre myndigheiter som påverkar og styrar utviklinga av landskap i Noreg. Det syner kva landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva og kvar desse verdiane er og korleis dei bør takast vare på. Frå før er Hordaland, Østfold, Troms, Buskerud, Agder, Akershus og Rogaland del av registeret.
– Landskapa fortel historia om Noreg. KULA er eit kunnskapsgrunnlag som skal støtte opp om planarbeid, og inneber ikkje eit formelt vern eller freding. Landskapa i KULA-oversikta skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i området, seier Leidulf Mydland, sjef for seksjon for arealplanlegging og miljø.
Etableringa av oversikta over KULA-landskap er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Utveljinga av landskap blir gjort i tett samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning (fylkeskommunar og Sametinget) og kommunane, som kjenner dei lokale tilhøva best. Kommunane blir også involvert undervegs i arbeidet.
Her kan du lese kunnskapsgrunnlaget KULA Oppland.
– Landskapa våre vil alltid vere i endring. Med KULA ønskjer kulturmiljøforvaltninga å seie ifrå om kva for landskap som har nasjonale interesser, og med dette bidra til betre planprosessar og ei berekraftig forvalting av areala våre, seier Mydland.
Områda blir lagt inn i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, og du finn dei òg på Riksantikvaren si nettside Kulturminnesøk.
Landskap i Oppland
Namnet Oppland blir framleis brukt om det geografiske området som var eige fylke fram til 2020. Det omfattar store og svært ulike landskapsregionar, frå høgfjell og tronge dalbotnar i nord til relativt flate jordbruksbygder og store innsjøar i sør, og vidare til store skogar og flate vidder mot vest. Dei viktigaste historiske næringane har vore baserte på jakt, fangst, jordbruk og skogbruk – dette viser seg i landskapa som er tekne med. I tillegg har viktige ferdselsårer, gjennom Oppland og til andre landsdelar, sett sine spor i landskapet.
I Oppland er følgjande 18 landskap oppført i kunnskapsgrunnlaget:
Dovrefjell, Dovre kommune
Grimsdalen, Dovre kommune
Dalbotnen i Lesja, Lesja kommune
Strynefjellet aust, Skjåk kommune
Nordherad, Vågå kommune
Bøverdalen, Lom kommune
Tesse og Smådalen, Lom kommunar
Heidal, Sel kommune
Gjende og Sjodalen, Vågå og Lom kommunar
Dokkfløy og Murudalen, Gausdal, Sør-Fron, Nord-Fron og Sel kommunar
Frya – Harpefoss, Sør-Fron kommune
Vinstre, Øystre Slidre og Vang kommunar
Filefjell aust, Vang kommune
Stølsvidda, Nord-Aurdal og Vestre Slidre kommunar
Vassfaret, Flå, Nesbyen og Sør-Aurdal kommunar
Randsfjorden, Søndre Land kommune
Balke – Lillo og Kapp, Østre Toten kommune
Granavollen, Tingelstadhøgda og Røykenvik, Gran kommune
Landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag
Dagens landskap er eit resultat av korleis menneska har brukt areal og ressursar over tid. Landskapet vil alltid vere i endring. Nokre endringar kan leie til tap av kulturhistoriske verdiar, andre bidreg til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på kvalitetane og vidareutviklar dei i eit langsiktig perspektiv.
– Landskapa våre er ein heilskap av naturgjevne og menneskeskapte høve, og samspelet mellom desse. Spora etter forfedrane våre finst overalt i landskapet, i det opne jordbrukslandskapet, i skog og utmark, på fjellet og i byen. Tempoet og omfanget av endringar aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Difor er kunnskap om landskapsverdiar viktig, seier Mydland.
Målet er at KULA-områda til saman skal vise mangfaldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busetnad, næring og ferdsel har prega landskapet vårt gjennom historia.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder
Lenker
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Deler ut millioner for å brannsikre gamle trehus6.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Norge har over 200 verdifulle trehusmiljøer. Søknadssummen for å sikre husene mot brann er rekordstor, og nå deler Riksantikvaren ut tilskudd.
Sjå oversikta: desse kyrkjene får tilskot i 20255.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Kyrkjebevaringsfondet har teke imot totalt 164 søknadar om tilskot frå kulturhistorisk viktige kyrkjer frå nesten heile landet. No er fordelinga klar.
Riksantikvaren deler ut 12 millioner til middelalderbygg3.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Rekordmange har søkt om penger til å vedlikeholde og restaurere middelalderbygg, og nå får de tilskudd fra Riksantikvaren.
Delte ut 42,5 millionar til arkeologi – desse fekk pengar24.1.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren delte ut 42,5 millionar kronar i tilskot til arkeologiske kulturminne i 2024. Her er nokre av dei spanande funna som vart gjort i Noreg i fjor.
Deler ut 18,8 millioner for å øke fagkunnskapen om fartøy20.1.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren har fordelt tilskudd for 2025 til fagutvikling i fartøyvernet og de tre nasjonale fartøyvernsentrene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom