Liten skilnad mellom skriving på papir kontra digitalt i byrjaropplæringa
5.5.2023 10:19:17 CEST | Universitetet i Stavanger (UiS) | Pressemelding

Tal frå utdanningsdirektoratet viser at heile 80 prosent av landets skular leverer ut eigne digitale verktøy til alle elevar på 1. og 2. trinn. Det gjer at mange nyttar nettbrett og Chromebookar i den tidlege skriveopplæringa i første klasse. Samtidig har me lite kunnskap om born i byrjaropplæringa lærer best av å skriva på papir eller digitalt.
Stipendiat Eivor Finset Spilling som har forska på skriveutviklinga til førsteklassingar. Prosjektet ser på om elevane si utvikling i å skriva forteljingar blir påverka om ein skriv digitalt eller skriv for hand.
- Per i dag finst det lite forsking som kan hjelpa oss å avgjera om born bør skriva for hand eller på tastatur når dei lærer å skriva, seier Eivor Finset Spilling.
Ikkje vesentlege forskjellar
Førsteklassingar frå 18 skular deltok i undersøkinga til Spilling, der nokon lærte tekstkomposisjon berre på papir, nokon berre på tastatur og ei siste gruppe som skreiv både på papir og digitalt.
Elevane som lærte å skrive for hand og elevane som lærte å skrive på nettbrett, viste i hovudsak lik utvikling av forteljekompetansen sin gjennom det første skuleåret. Dei elevane som skreiv på nettbrett, hadde betre nøyaktigheit på staving, mellomromsbruk og teiknsetting enn dei som skreiv for hand, men samtidig viste dei liten eller inga utvikling av desse teksttrekka gjennom skuleåret. Elevar som skreiv for hand, hadde ei større utvikling av desse trekka gjennom året. Spilling samanlikna også forteljingane som elevane som fekk kombinert handskrifts- og digital opplæring, produserte for hand og på tastatur, og ho fann ingen skilnader i kvalitet eller lengde. For elevar med svake lese- og skriveferdigheiter frå start, viste det seg ikkje å vera nokre fordelar å komponere teksten enten på papir eller digitalt.
Før ein gjer klare anbefalingar om skriving på papir eller skriving digitalt, bør framtidig forsking undersøka vidare korleis dei to skrivemåtane kan påverka kvarandre i byrjaropplæringa, i tillegg til å sjå vidare på om ein blir påverka når ein går frå å læra å skriva på nettbrett over til å seinare læra å skriva for hand, og motsett.
Nøkkelord
Kontakter
Eivor Finset Spilling
Doktorgradsstipendiat, UiS
eivor.finset.spilling@hivolda.no
Tlf 906 63 436
Bilder

Lenker
Om Universitetet i Stavanger (UiS)
Senter for leseopplæring og leseforsking er eit nasjonalt forskingssenter med primæroppgåve å bidra til økt kvalitet i leseopplæring.
Prosjektet DigiHand er eit samarbeidsprosjekt mellom Lesesenteret og Høgskulen i Volda. Prosjektet forsker for å få meir kunnskap om skriftutvikling i ein digital skulekvardag.
Heile doktorgradsavhandlinga blir publisert i sin heilheit etter avholdt disputas.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Slår alarm i ny rapport: Barnehagelærere flykter fra yrket3.3.2026 09:02:36 CET | Pressemelding
Flere år med positiv utvikling i barnehagesektoren er brutt. En fersk rapport viser at for første gang på 20 år, jobber under halvparten av alle utdannede barnehagelærere faktisk i en barnehage.
Ny 3D-utstilling om ukrainsk kulturarv27.2.2026 07:33:00 CET | Pressemelding
Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger har bidratt til å lage et virtuelt museum for å bevare og dele Ukrainas truede kulturarv.
UiS-professor Elaine Munthe utnevnt som æresdoktor ved UiT Norges arktiske universitet18.2.2026 10:01:39 CET | Pressemelding
– Vi er stolte, og forstår godt at hun har blitt denne æren til del, sier rektor Klaus Mohn ved UiS.
Går mann av huse for å få med seg forelesning om dømmekraft9.2.2026 16:30:36 CET | Pressemelding
Tre dager før den tyske sosiologen Hartmut Rosa holder den årlige Henrik Steffens-forelesningen ved UiS er alle de 625 plassene i et av Norges største auditorier revet bort, og ventelisten bare vokser.
Tettere samarbeid om helseteknologi5.2.2026 13:01:47 CET | Pressemelding
Universitetet i Stavanger har forsterket samarbeidet med Laerdal Medical. Ett av prosjektene forskerne skal jobbe med, skal gjøre nødsamtaler hos 113 enklere å håndtere ved hjelp av kunstig intelligens.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom