Ti nye søkjarar til produksjonstilskottet

Totalt 160 aviser har i år søkt om produksjonstilskott, som er den største mediestøtteordninga hos Medietilsynet. Tilsynet skal fordele 400 millionar kroner i produksjonstilskott i 2023.
Av dei 146 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest, følgd av Bergensavisen, Dagsavisen og Vårt Land.
Ordninga er meint for medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og for medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader. Pengane blir fordelte mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene).
Kva for aviser som får støtte, og kor mykje, blir klart til hausten
For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke kriterium. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.
– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkjar opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få støtte, seier Sekkelsten.
Kva for aviser som får støtte, og kor mykje kvar enkelt avis får, blir først klart til hausten etter at Medietilsynet har behandla alle søknadene. Da har også Kultur- og likestillingsdepartementet fastsett tilskotssatsar.
Her er dei ti nye søkarane til produksjonstilskottet:
|
Søker |
Om avisa |
|
Bodø Nu |
Lokal nettavis, eigd av Nu Publishing, som har Amedia som eigar |
|
Document.no |
Nasjonal nettavis, i hovudsak eigd av Hans Rustad |
|
Filter Nyheter |
Nasjonal nettavis, eigd av Filter Media Norge |
|
Flatangernytt |
Lokal nettavis, eigd av Flatanger Media |
|
Jarlsberg avis |
Lokal nett- og papiravis, eigd av Amedia |
|
Lindesnes |
Lokal nett- og papiravis, eigd av Polaris Media |
|
Meråkerposten |
Lokal nett- og papiravis, eigd av Trønder-Avisa og Amedia |
|
Midtsiden |
Lokal nettavis, i hovudsak eigd av redaktør Kjetil Vasby Bruarøy |
|
Shifter |
Nisjeavis på nett innan næringsliv, i hovudsak eigd av dei tilsette |
|
Tipsbladet |
Nisjeavis på papir innan fotball, eigd av Kim Marki og Thomas Elgheim |
Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (pdf)
Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (excel)
Her kan du lese meir om støtteordninga produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium
Fakta om produksjonstilskottet
- Medietilsynet fordeler produksjonstilskott kvart år. I år skal det fordelast om lag 400 millionar kroner. I 2022 ble det fordelt om lag 390 millionar kroner på 146 aviser.
- Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet, og blei fordelt første gongen i 1969.
- Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
- Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
- Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier om blant anna innhald, utgåver/opplag og driftsøkonomi.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Forbod mot radio- og tv-reklame 1. juledag23.12.2025 08:55:00 CET | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame torsdag 25. desember. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.
Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon22.12.2025 07:55:00 CET | Pressemelding
Eit ambisiøst prosjekt for å nå unge og eit konkret KI-prosjekt med stor læringsverdi er blant tiltaka som får støtte når Medietilsynet tildeler årets innovasjonstilskott.
Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium18.12.2025 11:20:15 CET | Pressemelding
Lokalradio, lokal-tv, podkast og ikkje-direktesende bildeprogram med sendingar for eit lokalt publikum, kan nå søke Medietilsynet om støtte for 2026. Til saman 24,7 millionar kroner skal fordelast gjennom tilskottsordninga for lokale lyd- og bildemedium i 2026.
Nå kan også digitale medium søke tilskott for journalistikk på samisk17.12.2025 08:25:14 CET | Pressemelding
Den nye tilskottsordninga for samiske nyheits- og aktualitetsmedium opnar for søknader også frå digitale medium. Til nå har ordninga berre vore omfatta av aviser som kjem ut på papir.
TV 2 får gebyr for brot på sponseregelverket12.12.2025 07:51:30 CET | Pressemelding
Medietilsynet gir TV 2 gebyr på 300 000 kroner for brot på sponsereglane under sommarens Tour de France. Sponsorplakatane i sendingane hadde for lang varigheit.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
