Stenger Lærdalstunnelen på kveld og natt
Vegvesenet har fått grønt lys frå Samferdselsdepartementet for planane om å oppgradere den lengste vegtunnelen i verda. Vegvesenet planlegg å starte anlegget i 2025, og skal etter planen vera ferdig i løpet av fire til fem år.
Vegvesenet har køyrt ein grundig prosess i arbeidet med å utarbeide ein plan for korleis ein skal gjennomføre tunneloppgraderinga. Det er arrangert to folkemøte med godt besøk. Vegvesenet har hatt eigne møte med kommunane Lærdal og Aurland, og dessutan Sogn Regionråd. Det er òg gjennomført møte med Helse Førde, Politiet, Lærdal næringsskipnad, Aurland næringsråd, Statnett og Sognekraft. Vegvesenet har motteke 26 skriftlege innspel til utgreiinga om trafikkavvikling.
Får konsekvensar
– Det er ikkje mogleg å oppgradere tunnelen utan at det får konsekvensar for omverda. Me har kome fram til at det er betre med kvelds- og nattestenging enn å stenge tunnelen heilt, seier leiar for tunneloppgradering i vest i Statens vegvesen, Stig Berg-Thomassen.
Arbeidet med tunnelen blir delt i to. Med kvelds- og nattestenging vil det ta to til tre år å ferdigstille sprengingsarbeida i tunnelen. Det er eit til to år lengre enn om tunnelen vert stengt døgnet rundt. Når tunnelen er stengt er det ikkje mogleg å sleppa gjennom utrykkingskøyretøy.
– Fjellet i tunnelen vil vera krevjande for tunnelarbeidarane. Derfor kan me ikkje sleppa gjennom trafikk før me har sprengt og sikra fjellet, seier Berg-Thomassen.
- Må vera trygt
Etter at arbeidet med sprenging og sikring av tunnelen er ferdig, startar arbeidet med tekniske installasjonar i tunnelen. Dette arbeidet vil ta om lag tre år. Då planlegg Vegvesenet å sleppa gjennom trafikk to tiltre gonger i løpet av kvelden og natta.
– Då vil det òg vera trygt å senda gjennom utrykkingskøyretøy, seier Berg-Thomassen.
Han beklagar ulempene arbeidet vil føra til for trafikantane. Han er særleg oppteken av at ein del barn og unge vil få redusert fritidstilbodet i åra tunnelarbeidet varer. Næringslivet vil òg få utfordringar.
Forsterka båttrafikk
Det er aktuelt å forsterka ferjetilbodet på strekninga rv. 13 Vangsnes-Hella, og setja opp persontransport med båt mellom Lærdal og Aurland når det er behov for det.
– Dette gjer me for å bøta på ulempene, seier Berg-Thomassen.
Nøkkelord
Kontakter
Stig Magnus Berg-ThomassenProsjektleder tunneloppgradering sørvestStatens vegvesen Utbygging
Tel:975 83 988stig.berg-thomassen@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Mesta ønsker å fortsette driften av Norges mest trafikkerte vegtunneler27.5.2025 13:43:44 CEST | Pressemelding
Da fristen gikk ut for å gi tilbud på drift og vedlikehold av 31 tunneler i Oslo og omegn de neste fem årene, var Mesta AS eneste tilbyder.
Dette gjer Statens vegvesen for å unngå trafikkork på og ved Hardangerbrua27.5.2025 10:47:33 CEST | Pressemelding
Riksveg 13 Bu-Kyrkjenes i Hardanger, frå Hardangerbrua og sørvestover, er ein flaskehals kvar sommar.
Vegvesenet betaler erstatning etter punktering på E18-bru27.5.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har besluttet å betale erstatning til kjøretøyeiere som fikk dekkene sine ødelagt etter at en bolt stod opp fra en brufuge på E18 ved Møllerdammen bru i vinter.
Sikrar rv. 13 i Sogndal mot skred27.5.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen startar no skredsikring ved rv. 13 Ylvisåker i Sogndal kommune.
Hagantunnelen på riksveg 4 i Nittedal blir stengt under beredskapsøvelse26.5.2025 15:41:53 CEST | Pressemelding
Onsdag 28. mai kl. 09:30-13.15 skal Statens vegvesen og nødetatene øve sammen i Hagantunnelen på riksveg 4 i Nittedal. Tunnelen blir stengt under øvelsen. Det blir skiltet omkjøring.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom