UiT inviterer til open dag med førelesingsrekord
2. mars byr UiT på seg sjølv for alle som er interesserte i å begynne å studere. For at alle nysgjerrige skal få sjå kor utruleg mykje verdas nordlegaste universitet har å by på, held vi over 60 miniførelesingar og inviterer til over 30 ulike aktivitetar frå våre fagmiljø.
Nærmare 1000 elevar frå vidaregåande skular i regionen kjem, men alle som er nyfikne på høgare utdanning eller lurer på om dei skal begynne å studere er hjarteleg velkomne.
Vi inviterer til ei rekke særs ulike og spennande aktivitetar kor ein kan gå på alt frå låtskrivercamp til luktequiz, fange CO2, delta i ei rettssak, eller dra til Polhavet i VR-briller – og mykje, mykje meir!
I over 60 forskjellige miniførelesingar tilbyr vi program- og utdanningspresentasjonar, men òg førelesingar om samfunnsaktuelle og kuriøse tema som mellom anna:
- Kor går vegen vidare i Ukraina?
- Kan ein sosiolog forske på sædbankindustrien?
- Kvifor har Leonardo DiCaprio berre unge kjærastar?
- Kva er vippepunkta i jordas klimasystem?
Og det er ikkje alt! Det vert òg stands, omvisingar, og høve til å spørje om alt ein lurer på om UiT og høgare utdanning.
Les meir om føredraga og aktivitetane på https://uit.no/skole/apendag/tromso. Der finn du òg alt du treng av praktisk informasjon.
Vi inviterer pressa til å kome og sjå, og snakke med noverande og potensielt framtidige studentar. Det vil sjølvsagt òg vere mogleg å intervjue tilsette hjå UiT.
Kontakt Stine Holand for meir informasjon: 901 34 190 / stine.holand@uit.no
Nøkkelord
Kontakter
Stine HolandRådgiver, arrangementUiT Norges arktiske universitet
Seksjon for kommunikasjon
Kathrine TveiteråsProrektor utdanningUiT Norges arktiske universitet
Tel:93258136kathrine.tveiteras@uit.noBilder
Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Bli med på forskershow – stem på favoritten din!15.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Åtte forskertalent gjev alt når dei går på scena under Forskar Grand Prix på torsdag. Du kan vere med å avgjere kven som vinn.
Forskningsdagene 2025: Hva skjer ved UiT?12.9.2025 10:55:06 CEST | Pressemelding
Gøye aktiviteter og kule foredrag! Se alt du kan delta i på UiT under Forskningsdagene.
Gahr Støre innleder når Husebekk hedres11.9.2025 14:44:42 CEST | Pressemelding
Tidligere UiT-rektor Anne Husebekk fyller 70 år. Nå hedres hun med seminar der statsminister Jonas Gahr Støre er en av innlederne.
Vil gi samiske menn en stemme i selvmordsforskningen9.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
– «Den samiske børa» kan være tung å bære, sier doktorgradsstipendiat Marianne Larssen ved UiT. Nå søker hun samiske menn som vil dele sine erfaringer rundt selvmordstanker eller selvmordsforsøk.
17,5 millioner kroner til pandemiforskning5.9.2025 10:40:38 CEST | Pressemelding
UiT-forskeren Richard Fraser er en av sju norske forskere som er tildelt oppstartsmidler av European Research Council i 2025. Han skal forske på hvordan Kinas globale utbygging av infrastruktur kan virke inn på spredning av pandemier.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom