Knut Buen og Sigmund Groven med tonesette dikt

Knut Buen & Sigmund Groven: "Kjenslevev"
Med: Aasmund Nordstoga, Anne Gravir Klykken, Kjetil Bjerkestrand
Album release 17.februar 2023
Tekstene på albumet "Kjenslevev" er skrivne utifrå Knut Buens personlege røynsler og livsminne, samt ålmennmenneskelege livsopplevingar, som Buen seier: «det ein har lært og opplevd samlar seg til ein livsvev ein kjenner meining i». I tillegg spring det ut av eit omfattande, fleirårig musikalsk samarbeid og nyskapande verksemd innom visediktning.
«Liv og lagnad vil vera ei skifting mellom lukke, glede, sorg og avskil. Jamvel under dei ljose sider i livet vil det ligge ein bott av vemod. Men det kan også gløda glimt av sol i dei gråaste motbørsdagar. Ein lever mellom ljos og skuggar.» - Knut BuenMed bakgrunn i dette har tittelen «Kjenslevev» kome opp. Utgangspunktet til Buen og Groven, som nyskaparar av tekstar og melodiar, er oppvekst i telemarksbygder og slekt av bygdenorske handverkarar og folkekunstnarar, men også ei lang læretid i møte med gode førebilete innom folkemusikk og klassisk musikk, samling av kunnskap , tradisjon og røynsler som utøvande solistar på munnspel og hardingfele.
Anne Gravir Klykken – song, Aasmund Nordstoga – song, Knut Buen – hardingfele og diktlesing, Sigmund Groven – munnspel, Kjetil Bjerkestrand – synthesizer
Konsertar:
16.03: Ælvespeilet, Porsgrunn
17.03: Kulturkirken Jakob, Oslo
Buen og Groven er kjende musikarar som har hausta mange høgthengande priser og gode omtaler. Begge er utnemnde til Riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Knut Buen er ein av våre fremste hardingfelespelemenn. Han er på toppen av dette rosemålar, komponist, diktar og en dyktig formidlar. Sigmund Groven er ein anerkjend komponist og munnspelar. Han har ei internasjonal solistkarriere som spenner frå konsertar i Carnegie Hall i New York og Mozarteum i Salzburg til listeplasseringar i Sør-Korea og Hong Kong. Han er også ein særprega komponist med ei verkliste på over 350 komposisjonar.
Albumrelease: 17.02.2023
Artist: Knut Buen og Sigmund Groven, med Aasmund Nordstoga, Anne Gravir Klykken og Kjetil Bjerkestrand
Tittel: Kjenslevev
ISRC: NOGHH2383010
Plateselskap: Heilo
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro
Bilder




Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
bob junior samler vennegjengen igjen - det nye albumet "friends, vol. 2" er ute i dag!23.5.2025 10:04:44 CEST | Pressemelding
Med friends, vol. 2 viser bob junior nye sider av sitt kreative univers – og gjør seg klar for sin første turné som support for Kakkmaddafakka i høst.
Strengemagi på Geir Sundstøls nye album "Sakte Film"23.5.2025 09:15:00 CEST | Pressemelding
I dag er Geir Sundstøl ute med sitt nye album Sakte Film. Lytteren svever hit og dit gjennom et lydlandskap med enda videre vidder enn før. Sundstøls sjette soloalbum på Hubro markerer også tiårsjubileet hans som soloartist.
Geir Sundstøl Unveils His Poetic and Atmospheric New Album "Sakte Film"23.5.2025 09:15:00 CEST | Press release
Listeners will drift through soundscapes with even greater expanses than before as Geir Sundstøl releases his new album, Sakte Film, which is out today. This marks Sundstøl’s sixth solo album on Hubro and his tenth anniversary as a solo artist.
Adam Douglas synger om sine "Companions" - herlig feel-good album ute i dag!23.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Albumet "Companions" hyller og reflekterer rundt alle menneskene i livet vårt som har formet den vi har blitt. I en verden preget av uro, holder Douglas fast i de viktige relasjonene og tar med lytterne på en oppløftende reise.
Adam Douglas sings about his "Companions" – a delightful feel-good album out today!23.5.2025 09:00:00 CEST | Press release
The album Companions celebrates and reflects on all the people in our lives who have shaped who we are. In a world marked by unrest, Douglas holds on to the important relationships and takes listeners on an uplifting journey.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom