Vil stoppe laksefisket i to store elvar frå i år

– Fordi færre laks enn forventa har komme tilbake til Røssåga og Saltdalsvassdraget i Nordland foreslår vi å ikkje opne for fiske etter arten i dei to elvane frå i år, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
– Heilt nødvendige endringar
Også sjøauren frå Saltdalsvassdraget er under aukande press. Miljødirektoratet foreslår derfor i ei ny høyring å redusere fisket etter sjøaure i elva, og med stong og handsnøre frå båt i sjøen utanfor elva. Ein totalgjennomgang av fiskereglane for laks, sjøaure og sjørøye blir gjord kvart femte år, sist gong i 2021. I år er eit såkalla mellomår, som betyr at ein berre gjer endringar som er heilt nødvendige å gjere allereie frå i år.
– Heilt nødvendige endringar er til dømes det å redusere fisket grunna vesentleg mindre laks, sjøaure og sjørøye opp i elvane enn føresett, eller ny kunnskap som viser at gjeldande føresegner er fastsett på feil grunnlag, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Tanalaksen treng framleis vern
Miljødirektoratet foreslår også blant anna å halde fram med avgrensingar i sjølaksefisket utanfor Noregs største lakseelv Tana i Finnmark. Fleire av dei viktigaste laksebestandane i Tanavassdraget har ikkje hatt noko haustbart overskot dei seinaste tre åra. Prognosane for lakseinnsiget til Tana i 2023 viser at det heller ikkje i år vil vere noko overskot å hauste av.
– Miljødirektoratet meiner derfor det er nødvendig å føre vidare føresegna om å ikkje opne for fiske etter laks med fastståande reiskapar i sjøområda nært Tanaelva, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Bestemmelsen vil omfatte kommunane Berlevåg, Tana og Gamvik, og dessutan ytre delar av kommunane Lebesby og Nordkapp.
Endringar i 23 vassdrag og to sjøregionar
Miljødirektoratet foreslår endringar av føresegner for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i til saman 23 vassdrag, og i Tanafjorden i Finnmark og Skjerstadfjorden i Nordland. 13 vassdrag blir foreslåtte opna for fiske etter at rutinar for å rapportere om fangst har komme på plass.
Ramma partar kan komme med innspel til Miljødirektoratets forslag om justeringar i laksefisket innan 28. mars.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder

Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
15 prosent mindre oksygen i vestlandsfjorder på 30 år8.4.2025 07:04:10 CEST | Pressemelding
Oksygennivået i Sognefjorden og andre vestlandsfjorder er redusert med rundt 15 prosent på 30 år. Dette skyldes klimaendringer og økte utslipp.
15 prosent mindre oksygen i vestlandsfjordar på 30 år8.4.2025 07:04:10 CEST | Pressemelding
Oksygennivået i Sognefjorden og andre vestlandsfjordar er redusert med rundt 15 prosent på 30 år. Dette kjem av klimaendringar og auka utslepp.
Presseinvitasjon - Vannmiljøkonferanse tirsdag 8. april kl 10.00 på Radisson Blue Airport Hotel (Gardermoen).7.4.2025 11:51:40 CEST | Presseinvitasjon
Den 11. nasjonale vannmiljøkonferansen 'Sammen for vannet' 8. – 9. april 2025 på Gardermoen. Over 370 deltakere.
Tidenes mest begrensede elvelaksefiske vedtatt4.4.2025 14:37:23 CEST | Pressemelding
42 elver får et mer begrenset laksefiske enn i fjor. Fem av dem stenges helt.
Det mest avgrensa elvelaksefisket i historia vedteke4.4.2025 14:37:23 CEST | Pressemelding
42 elvar får eit meir avgrensa laksefiske enn i fjor. Fem av dei blir stengde heilt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom