9 av 10 bestod Statsborgarprøva i Vestfold og Telemark

Del
I 2022 bestod 89 prosent av kandidatane i Vestfold og Telemark Statsborgarprøva. Resultata for heile landet viser at 91 prosent av kandidatane bestod Statsborgarprøva i 2022.
– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.   Foto: Ole Palmstrøm
– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.   Foto: Ole Palmstrøm

I løpet av fjoråret var det totalt 7216 personar som tok Statsborgarprøva. Enkelte avla prøven meir enn ein gang, og det er variasjonar i resultata fylka og kommunane imellom (sjå tabell).      

– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.     

    

Digital kunnskapsprøve     

Direktoratet for høgare kompetanse og utdanning utviklar prøva på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Stortinget har bestemt at Statsborgarprøva er ei prøve i samfunnskunnskap som skal måle kjennskap til grunnleggande historiske, sosiale, økonomiske og politiske tilhøve i Noreg, og kjennskap til grunnleggande plikter og rettar. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane.

Statsborgarprøva er digital og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla lest oppfrå ei lydfil.Prøvainneheld 32 poenggjevande spørsmål, der deltakarane må svare rett på minst 24 av dei for å bestå.

Frå 1. januar 2017 har det blitt stilt krav om at alle som søkjer om norsk statsborgarskap og er mellom 18 og 67 år må bestå Statsborgarprøva. Prøva finnast på båe på bokmål og nynorsk.99 prosent av kandidatane tok prøven på bokmål i 2022.  

 

Resultat på Statsborgarprøva i 2022, kommunar i Vestfold og Telemark

Kommune    

Tal kandidatar   

Prosentdel bestått   

Prosentdel ikkje bestått   

Holmestrand 

30 

93 % 

7 % 

Horten 

39 

92 % 

8 % 

Kragerø 

12 

83 % 

17 % 

Larvik 

20 

95 % 

5 % 

Notodden 

35 

74 % 

26 % 

Porsgrunn 

22 

95 % 

5 % 

Sandefjord 

52 

87 % 

13 % 

Skien 

19 

95 % 

5 % 

Tinn 

10 

100 % 

0 % 

Tønsberg 

75 

92 % 

8 % 

Resultat på Statsborgarprøva i 2022 fordelt på fylke     

Fylke     

Tal på kandidatar     

Prosentdel bestått     

Prosentdel ikkje bestått     

Agder     

335     

90 %     

10 %     

Innlandet    

264    

87 %     

13 %     

Møre og Romsdal     

283     

88 %     

12 %     

Nordland     

174     

86 %     

14 %     

Oslo     

1453    

93 %     

7  %     

Rogaland     

696     

93 %     

7 %     

Troms og Finnmark    

262     

92 %     

8 %     

Trøndelag     

555    

87 %     

13 %     

Vestfold og Telemark    

344     

89 %     

11 %     

Vestland    

862    

92 %    

8 %    

Viken    

1988   

91 %    

9 %    

Heile landet     

7216   

91 %     

9 %     

Meir informasjon 

  • Det er kommunane som har ansvar for gjennomføringa av Statsborgarprøva. Pris blir bestemt av prøvestadane lokalt, men skal vere basert på sjølvkostprinsippet og varierer mellom 400 til 1000 kroner. Prisane for å avleggje prøva landet rundt finnast på nettsidene våre.
  • For å førebu seg til prøva, finn kandidatane tekstar som dekkjer kunnskapsgrunnlaget til Statsborgarprøva (og samfunnskunnskapsprøva) på samfunnskunnskap.no.  

  • UDI: Krav til norsk statsborgarskap, på UDIsine nettsider. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.   Foto: Ole Palmstrøm
– Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.   Foto: Ole Palmstrøm
Last ned bilde

Om Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Postboks 1093
5809 Bergen

55 30 38 00http://www.hkdir.no

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD. Direktoratet vil også få oppgåver frå NOKUT.

Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.

Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye