Spilka vart Vestlandet si mest handlekraftige bedrift!
Under Vestlandskonferansen tysdag vart vinnaren av Handlekraftprisen 2023 kåra. Etter at over 7000 publikumstemmer var talde opp, var det tydeleg at vestlendingane meinte Ålesundsbedrifta Spilka fortener den gjeve tittelen «Vestlandet si mest handlekraftige bedrift».
- Dette er en tildeling vi set utruleg stor pris på! Prisen gir oss både inspirasjon og motivasjon til å halde fram arbeidet vårt med å bringe meir innovasjon og berekraft inn i byggebransjen, seier Terje Bøe, administrerande direktør i Spilka.
Handlekraft på dagsorden
Handlekraftprisen er ein heilt ny pris som Agenda Vestlandet deler ut under Vestlandskonferansen. Nettopp handlekraft var tema for konferansen i år.
- Aldri før har verda trengt menneske med samlande, skapande handlekraft meir enn akkurat no, og aldri før har Vestlandet hatt meir å vinne på storskala samarbeid. Det er derfor vi set handlekraft på dagsorden, seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet.
Sirkulære bygg
Spilka er kjent som leverandør av den unike snu- mekanismen på husmorvindauget, men sidan oppstarten for nitti år sidan har dei vore innom produksjon av alt frå dokkevogner til trehjulssyklar. No har de brukt ekspertisen sin på beslag til å utvikle eit system for å feste fasadeplater, og systemet vil vere med på å gjere byggebransjen meir berekraftig.
Byggebransjen er nemleg en stor kjelde til klimagassutslepp i Noreg, og målet er at ein i framtida skal kunne demontere og bruke element frå bygg om igjen, heller enn å rive dei. Både stålkomponentane og fasadeplatene i Spilka sitt fasadesystem kan brukast om igjen utan omarbeiding, noko som er i tråd med dette sirkulærprinsippet.
Frå preik til praksis
Frode Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet er imponert over vinnaren si evne til å skape nye grøne produkt på veg inn i nullutsleppsamfunnet.
– Spilka er ei inspirerande suksesshistorie om ei bedrift med leiarar som har gått frå preik til praksis, seier han.
Nøkkelord
Kontakter
Hanne DankertsenKommunikasjonsdirektørSparebanken Vest
Tel:99449173hanne.dankertsen@spv.noBilder
Om Sparebanken Vest
Fakta om Handlekraftprisen:
- Handlekraftprisen vart delt ut for første gong under Vestlandskonferansen 14. februar 2023
- Publikum stemte fram ein vinnar mellom fire kandidatar vald ut av ein jury. Det kom inn over 7000 stemmer.
- I juryen som valde ut dei fire finalistane sat representantar frå Nordhordland Næringslag, Måløy Vekst, Bergen Næringsråd, Næringsforeningen i Stavangerregionen, Næringsforeningen i Ålesundsregionen og Agenda Vestlandet
- Vestlandskonferansen har vore arrangert årleg sidan 2002.
Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest
Ser lysere ut for vestlandsbedriftene21.3.2024 08:07:30 CET | Pressemelding
Etter et bratt år for mange, forteller Vestlandsbedriftene at de ser lysere på fremtiden. – Vi er inne i en positiv trend, melder Tore Netland i rogalandsbedriften Alf I Larsen.
Vestlandskonferansen: Handlekraftprisen går til Framo6.2.2024 15:27:56 CET | Pressemelding
Vestlendingane har talt: Bergensbedrifta Framo er Vestlandet si mest handlekraftige bedrift. Framo tok imot Handlekraftprisen på Vestlandskonferansen i Grieghallen tysdag.
Vestlandet motstrøms: Typiske vestlandsnæringer klarer seg best2.2.2024 11:50:39 CET | Pressemelding
– Vi har vært tro mot det vi virkelig kan, å bygge fiske- og brønnbåter! Det sier Jarle Gunnarstein fra Larsnes mekaniske verksted. Sunnmøringene har vunnet på standhaftigheten, for den ferske Vestlandsindeksen viser at de typiske vestlandsnæringene går mot strømmen i lavkonjunkturen vi er inne i.
Sparebanken Vest med historisk støtte til Brann: – En milepæl for like muligheter i fotballen16.11.2023 13:15:00 CET | Pressemelding
Sparebanken Vest fyller 200 år og feirer med å gi 43 millioner kroner i støtte til SK Branns oppgraderinger av Stadion og treningsanlegget på Nymark. Nå skal Branns kvinne- og herrelag trene og spille kamper på samme bane.
Vestlandsindeksen viser: Oppsagde frå byggebransjen finn jobb innan energi6.10.2023 08:11:24 CEST | Pressemelding
— Her er det gode utsikter til å få jobb, og det er kjekt med mange nye kollegaer. Det seier sveisar Marius Rødland, som er i ferd med å montere ei kran hos PSW Technology på Mongstad. Harde tider i mellom anna bygg- og anleggsbransjen gir mobilitet i arbeidsstyrken som særleg energisektoren dreg nytte av.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom