Velkomen til Internasjonal dag
31.1.2023 13:07:42 CET | Høgskulen i Volda | Presseinvitasjon

Internasjonal dag er ein festdag som både skal feire kor internasjonal høgskulen er, men også inspirere fleire studentar og tilsette til å vurdere å reise utanlands. Til Internasjonal dag kjem det 22 gjestar frå HVO sine partnaruniversitet i utlandet. Desse vil stå på stand saman med internasjonale studentar i Volda og HVO-studentar som har vore på utveksling. Utvekslingsmessa vil også by på smakebitar frå ulike land og musikalsk underhaldning.
Programmet for Internasjonal dag finn du her
Utdeling av pris
Under Internasjonal dag vil vi også annonsere vinnarane av Pris for internasjonalisering 2023. Denne prisen går til ein studentorganisasjon, studentfestival eller studentlag som har gjort ein spesielt god innsats for å inkludere internasjonale studentar. Det er mogleg å nominere organisasjonar til prisen fram til fristen 5. februar. Prispengane er på 10 000 kr. og vinnaren av prisen i 2022 var Animation Volda Festival.
Her kan du nominere din kandidat for prisen
Spennande gjest kjem
Hvis du vil se dette innholdet fra www.hivolda.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.
Som hovudgjest til årets Internasjonal dag kjem Samuel Massie, kjend frå m.a. Berserk-ekspidisjonen i 2011, samt reiseprogrammet "Samuel og Bestefar" på TV2. Han vil fortelje om korleis ein skulelei ungdom fekk orden på livet sitt gjennom eit år på Folkehøgskule og opplevingar i naturen. Samuel har gjort det negative i livet om til noko positivt som han deler og brukar til inspirasjon for andre. Som han Samuel sjølv seier "dersom eg kan, kan alle". Foredraget vert på engelsk.
Kontakter
Arne HumbersetLeiarHøgskulen i Volda / Internasjonalt kontor
Leiar for internasjonalt kontor
Bilder

Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Doktordisputas: Reidar Haug20.2.2026 12:39:38 CET | Pressemelding
6. mars skal Reidar Haug forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Velkomen til Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda9.2.2026 13:44:51 CET | Presseinvitasjon
Onsdag 11. februar inviterer Høgskulen i Volda til Internasjonal dag – ein festdag og markering av internasjonal aktivitet ved høgskulen.
Hans Strøm 300 år: Jubileet opnar med lunsjseminar 23.1.13.1.2026 11:19:05 CET | Presseinvitasjon
I 2026 er det 300 år sidan folkeopplysaren Hans Strøm var fødd. Fredag 23. januar kl. 11.30 ønskjer vi velkomen til opning av 300-årsjubileet med lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda.
Å lære koding gir unge trua tilbake8.1.2026 13:59:00 CET | Pressemelding
Med rett hjelp kan gaming-interesse bli både IT-kompetanse og ny giv. Unge i utanforskap får motivasjon og moglegheiter gjennom Nav-tilbodet «Grunnleggande programmering», viser forsking frå Høgskulen i Volda.
Doktordisputas: Astrid Gravdal Vølstad1.12.2025 10:27:06 CET | Pressemelding
12. desember skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
